Hopp til hovedinnholdet

Ikkje lett å bli klok på sjølvforsyning

20010824ef025_cropped

I følgje Helsedirektoratet var 50 % av engrosforbruket av grønsaker produsert i Noreg i 2022. Foto: Hege Ulfeng

Kvart år publiserer NIBIO fleire ulike tal som skal seia noko om kor sjølvforsynt Noreg er med mat. Statistikken har vorte utarbeidd i over hundre år og syner at sjølvforsyninga har lege på mellom 40 og 50 prosent sidan 1953. Talet for 2023 landa på 47 prosent, men reknestykket kan settast opp på ulike vis.

Spørsmåla og meiningane er mange. Skal ein taka omsyn til import av fôr eller ikkje, og kva med alle utlendingane som hjelper til med å hausta frukt og grønt for oss kvart år? Skal ein ta med dei utanlandske maskinane landbruket ikkje kan vera forutan? Og kva med tilgang på reservedelar?

Skal ein rekna i kilo, kaloriar eller kanskje me heller skulle sjå på kor sjølvforsynt me er med protein? Og kva med all fisken som me eksporterer. Skal den vera med i reknestykket? Skal me sjå på kva me et i dag, eller skal me sjå på kor mykje me kunne produsera dersom det kom ei krise der folk måtte eta mest mogleg norsk?

 

Tilgang over tid

Mads Svennerud er seniorrådgjevar i NIBIO og har bala med desse spørsmåla i ei årrekkje.

– Eit grunnleggjande prinsipp ved NIBIO sine berekningar av sjølvforsyning har heile tida vore at me skal sjå på tilgang av mat over tid, seier Svennerud.

– Me har i størst mogleg grad søkt å oppretthalde dei same metodane og føresetnadene som blei brukt heilt tilbake til byrjinga på 1900 talet. Det vil seie at me tar utgangspunkt i tal for produksjon, import og eksport. Engrosforbruk vert då rekna ut slik:

 

Produksjon + Import – Eksport = Forbruk

 

Tala vert oppgjevne i kilo og i energi. Dei to reknemåtane gjev størst skilnad for frukt og grønt. Reknar ein i kilo, utgjorde frukt og grønt ein fjerdedel av det me åt i gjennomsnitt i 2023. Reknar ein i energi vart det berre 5 prosent. Tolv eller tretten prosent av kosthaldet bestod av kjøt og berre to eller tre prosent av fisk, alt etter om ein reknar i vekt eller energi. Me er ganske sjølvforsynte med produkt frå husdyrhald, mindre sjølvforsynte med korn, grønsaker, frukt og bær.

Prosentvis samansetting av totalt forbruk (produksjon + import) av matvarer målt i kilo.

 

Prosentvis samansetting av totalt forbruk (produksjon + import) av matvarer målt i energi.

 

Mål om 50 % sjølvforsyning

I Hurdalsplattforma frå 2021 har regjeringa mellom anna ei målsetting om å:

 

«Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent».

– Sjølve talet på 50 prosent er uendra frå tidlegare målsetjingar, forklarar Svennerud.

– Det nye er at talet skal korrigerast for import av fôrråvarer. Det næraste me kjem eit tal for dette, er sjølvforsyningsgrad korrigert for import av fôr, totalt, eksklusive fisk.

– Sjølvforsyningsmålet seier ikkje at ein skal måla i energi. Ein kunne nytta andre måleeiningar. Til dømes er protein og vitamin særs viktige for folkehelsa, held Svennerud fram.

Seniorrådgjevaren er og oppteken av kva me utelet frå reknestykka om sjølvforsyning.

– I målet står det at matproduksjonen skal vera på norske ressursar. Tala me har i dag tek berre omsyn til import av fôrråvarar, ikkje til sentrale ressursar i norsk matproduksjon som utanlandsk arbeidskraft og maskinpark, understrekar Svennerud.

– Det er med andre ord ikkje så enkelt å vita kor sjølvforsynte me er og endå meir vanskeleg å seia noko om mogleg sjølvforsyningsgrad i framtida. Litt klokare kan ein verte om ein les eit par avsnitt frå rapporten «Utviklingen i norsk kosthold 2023» frå Helsedirektoratet. NIBIO har utarbeidt mange av tala i denne rapporten, avsluttar Svennerud.

Sjølvforsyningsgrad 1999-2023. Utvalde nøkkeltal i prosent målt i energi. Dekningsgrad reknast ut slik: Forbruk + eksport – import/forbruk = dekningsgrad. Dekningsgraden syner kor mykje matenergi me ville hatt om maten som me no eksporterer vart nytta i Noreg.

 

Sjølvforsyningsgrad og sjølvforsyningsevne

Kort fortalt forklarer rapporten at sjølvforsyningsgraden syner kor mykje av engrosforbruket av matvarer som kjem frå norsk produksjon slik tilhøva er i dag. Det er dette talet som ligg omtrent mellom 40 og 50 %. Talet gjer ikkje eit fullstendig bilete av kva moglegheiter me har for å dekka matvarebehovet i ei krise.

Då snakkar med heller om sjølvforsyningsevna. Her må ein og ta omsyn til matvarer som me no eksporterer, som til dømes fisk og ost. Folk kan og leggja om kosthaldet til meir plantebasert.  Samstundes kan ein del av kornet som vert nytta til dyrefôr nyttast til menneskemat. På den andre sida kjem omsyn til varer og arbeidskraft frå utlandet som det er vanskeleg for ein moderne landbruksproduksjon å klara seg utan.

I 2022 var me 92 % sjølvforsynte med kjøt. Foto: Matthias Koesling
I 2022 var me 92 % sjølvforsynte med kjøt. Foto: Matthias Koesling

 

Det er mange spørsmål me ikkje har kunne svara ut i denne saka. Er du framleis nyfiken finn du meir informasjon på ein heilt fersk temaside om sjølvforsyning og engrosforbruk. 

I saka «Slik bregner vi selvforsyningsgrad» finn du og mykje god informasjon om korleis tala for sjølvforsyningsgrad reknast ut (sjå lenkje nedanfor).

Du finn og lenkje til rapporten «Norsk selvforsyning av matvarer, status og potensial».

Så vonar me at du vart litt klokare enn før når det gjeld norsk sjølvforsyning av mat.

Selvforsyningsgrad og engrosforbruk
Meir om sjølvforsyning

«Selvforsyningsgraden angir hvor stor andel av engrosforbruket av matvarer (regnet på energibasis) som kommer fra norsk produksjon. Selvforsyningsgraden gir ikke et fullstendig bilde av mulighetene for å dekke matvarebehovet. For eksempel eksporteres det betydelige mengder mat som f.eks. ost. Eksporten av ost kommer ikke til uttrykk i selvforsyningsgraden, mens importen kommer til uttrykk. Eksport av fiskeolje som kunne vært brukt til margarinproduksjon inngår ikke i selvforsyningsgraden og det samme gjelder eksport av fisk.

Når evnen til å dekke matvarebehovet med norsk produksjon (selvforsyningsevnen) skal vurderes, bør det derfor tas hensyn til matvareeksporten (dekningsgrad)». Heller ikke dekningsgraden med matvareeksporten gir et fullstendig bilde av selvforsyningsevnen. Dette skyldes at forbruket i krisesituasjoner vil kunne legges om til større andel planteprodukter. Energitapet er stort når planteprodukter som kunne nyttes direkte til mat, blir brukt til fôr. Det må også tas hensyn til at en del av kraftfôret som nyttes i husdyrproduksjonen er importert, og at det både i fiskeriene og i jordbruket også nyttes andre importerte innsatsfaktorer. I tillegg vil man kunne redusere krav til kvalitet til det som går til matproduksjon (for eksempel mat som i dag går til fôr, kan man benytte som menneskeføde)».

Utviklingen i norsk kosthold 2023 - Helsedirektoratet

83 % av potetene engrosforbruket av potet kom frå norsk produksjon i 2022. Foto: Erling Fløistad
83 % av potetene engrosforbruket av potet kom frå norsk produksjon i 2022. Foto: Erling Fløistad
Me var 98 %  sjølvforsynte med meierivarer og 81 % sjølvforsynt med ost i 2022. For smør var sjølvforsyninga på 88 %. For sukker, margarin og anna feitt var sjølvforsyninga på 0 – 5 % i 2022. Sukker, sukkervarer og margarin og feitt utgjer omlag 20 % av kaloriinntaket til ein gjennomsnittsnordmann.  Me et meir enn dobbelt så mykje margarin som smør. Dette er i tråd med Helsedirektoratet si tilråding.  Foto: Hege Ulfeng
I Noreg var med 98 % sjølvforsynte med meierivarer og 81 % sjølvforsynt med ost i 2022. For smør var sjølvforsyninga på 88 %. For sukker, margarin og anna feitt var sjølvforsyninga på 0 – 5 % i 2022. Sukker, sukkervarer og margarin og feitt utgjer omlag 20 % av kaloriinntaket til ein gjennomsnittsnordmann. Me et meir enn dobbelt så mykje margarin som smør. Dette er i tråd med Helsedirektoratet si tilråding. Foto: Hege Ulfeng

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Rapporten tar for seg norsk selvforsyning for matvarer i perioden 1999-2021. Et lands evne til å brødfø seg selv med utgangspunkt i egne ressurser og produksjon kan være vesentlig for et lands beredskap, verdiskaping og motstandskraft i ulike situasjoner. Regjeringen har et mål om at Norge skal være 50 prosent selvforsynt, korrigert for importerte fôrråvarer. I dette prosjektet har idéen vært å konkretisere hva som skal til for å nå målet og hvor potensialet er for økt selvforsyning. Tre sektorer vurderes å ha et særlig potensial for å øke norsk produksjon; matkorn, norskandel i husdyrfôret og grønt (herunder potet og frukt).