Hopp til hovedinnholdet

Anbefaler innmarksgjerder for tamrein

mg202108_DSC_8618_cropped

NIBIO har gjort ei totalvurdering av sperregjerder og innmarksgjerder som tiltak for å hindre rein i å trekke inn på dyrka mark. Foto: Morten Günther

Forskarar ved NIBIO har undersøkt ulike gjerdeløysingar for å stoppe tamrein frå å trekke til dyrka mark. Studien viser at innmarksgjerder ofte er enklare å sette opp og gjer mindre skade på naturen enn sperregjerder.

For å kunne ta gode og framtidsretta avgjersler om tiltak for å hindre rein på innmarksareal, er det behov for ny og betre kunnskap. I ei kunnskapskartlegging på oppdrag av Statsforvalteren i Trønderlag, har NIBIO vurdert ulike gjerder som kan hindre rein i å kome inn på innmarksbeite.

Forskarane har gjort ei totalvurdering av sperregjerder og innmarksgjerder som tiltak for å hindre rein i å trekke inn på dyrka mark, samt konsekvensar av tiltaket for natur, miljø og samfunn.

20220914_103237.jpg
Innmarksgjerder stoppar reinen betre enn sperregjerder. Dessutan er konsekvensane for miljø og samfunn mindre. Foto: Inger Hansen

Bør satse på innmarksgjerder over tid

– Begge gjerdeløysingane kan anbefalast, avhengig av området sin eigenart. Men innmarksgjerder stoppar reinen betre. Dessutan er konsekvensane for miljø og samfunn mindre for innmarksgjerder enn for sperregjerder. Difor meiner vi at ein over tid bør satse meir på innmarksgjerder og mindre på sperregjerder, seier Inger Hansen, seniorforskar ved NIBIO.

Erfaringar med dei to gjerdeløysingane er innhenta gjennom intervju med informantar frå jordbruket, reindrifta, forvaltinga og andre utmarksinteressentar.

– Vi har også vurdert gjerda si evne til å stoppe rein, og kor mykje arbeid/kor store kostnadar som går med til gjerdeoppsett og vedlikehald. I tillegg har vi hatt undersøkt konsekvensar for natur, miljø og samfunn, opplyser Hansen.

– Ved bruk av innmarksgjerder er det mykje færre passasjepunkt som ferister, grinder, portar, le og liknande. Hovudsakeleg ligg dei nært til folk og infrastruktur, slik at gjerda er lette å halde tilsyn med og vedlikehalde, forklarar NIBIO-forskaren.

Ho seier at sperregjerder kan fungere fint til å stoppe rein så lenge dei er i god stand og blir halde ved like.

– Men gjerdet har mange passeringspunkt som kan bli ståande opne og det er utfordrande å halde tilstrekkeleg tilsyn. Dessutan er det vanskeleg å drive ut reinen dersom den fyrst har kome på feil side. I tillegg er sperregjerda svært lange, og både fugl og hjortevilt kan henge seg fast i dei. Det sperrer også for ferdsel for folk, påpeikar Hansen, men legg til:

– God planlegging er viktig for eit kvart gjerdeanlegg. Det gjeld å sjå dei heilskaplege og lokale løysingane.

11-12-15.jpg
Fakta om gjerdetypar

Sperregjerder: Minimum 130 cm høgt + topptråd, stasjonært nettinggjerde, satt opp i utmark for å styre reinen bort frå innmark. Går frå a til b (opent i begge endar), ofte lang trasé.

Innmarksgjerder: Minimum 130 cm høgt + topptråd (tilsvarande kvalitet som eit sperregjerde), satt opp rundt innmarksareal for å halde reinen ute. Går frå a til a (slutta trasé), dvs. innmarksarealet er gjerda inn på alle sider.

Reinflokk svoemmer over Mageroysundet _Foto Jan Helmer Olsen.jpg
Reinflokk svømmer over Magerøysundet. Foto: Inger Hansen

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Denne rapporten gir en totalvurdering av sperregjerder og innmarksgjerder som tiltak for å hindre rein i å trekke inn på dyrka mark samt konsekvenser av tiltaket for miljø og samfunn. Begge gjerdeløsninger kan anbefales, avhengig av områdets beskaffenhet. Men siden evnen til å stoppe rein er større og konsekvensene for miljø og samfunn er mindre for innmarksgjerder enn for sperregjerder, bør man over tid satse mer på innmarksgjerder og mindre på sperregjerder.