Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1996

Sammendrag

Tidlegare undersøkingar om prestasjonar i ungskogpleie dekkjer uttakstyrkar opp til 1000 stammar pr. dekar i lett terreng. På Vestlandet er tal tre i uttaket ofte langt høgare og terrenget brattare. Det var derfor nødvendig å gjera ei undersøking i landsdelen som kunne utfylle resultata frå Austlandet. Denne undersøkinga har vist at det er ein klår samanheng mellom uttaksstyrke, stigning, røynsle og tidsforbruket i ungskogpleie. Lang røynsle med ryddesag og høgt uttak gjorde at ryddesag vart føretrekt. Motorsag gjev lågast gjennomsnittleg tidsforbruk, men gjev og høgast ryggbelastning. Først ved stigningar over 60 %, er ryggbelastninga låg nok til at motorsag kan anbefalast. Det bør utfrå ein ergonomisk synsstad gjerast meir for å auke bruken av ryddesaga på Vestlandet, først og framst ved riktig opplæring og god oppfølging av dei som skal drive med ungskogpleie. Ungskogpleie kan medverke til jamnare sysselsetting i periodar då det er lite hogst eller anna skogkulturarbeid.