Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1998

Sammendrag

I Troms er det ein del gardbrukarar som har lagt om bruka sine til økologisk drift. Tretten av desse brukarane vart i 1997 intervju (besøkt). Dette vart gjort for å få kjennskap til erfaringar og utfordringar ved ei omlegging til økologisk landbruk i Troms. Desse bruka omfattar mjølkeproduksjon på ku og geit, sauehald, kjøttproduksjon på storfé og dyrking av grønsaker og urter. Det generelle inntrykket er at avlingsnivået i eng vert redusert ved omlegging frå konven- sjonell til økologisk drift, men det er ingen dokumentasjon på kor stor avlingsnedgangen er. Grovfôrproduksjonen består i hovedsak av eng og grønfôr som dekkvekst. Avdråtten viser ikkje same nedgang som grovfôravlingane, men enkelte har problem med mjølkekvaliteten (smaksfeil). Helsetilstanden på dyra er ikkje vorten dårlegare som følge av omlegging til økologisk drift. Til grønsak- og urteproduksjonen er det vanskeleg å få tak i ubeisa frø i Noreg, og difor må mykje av frøet kjøpast frå Sverige. Ulike tiltak mot skadedyr blir brukt som f.eks. sam-planting og fiberduk dynka med kvitløksvatn. Dette fungerer godt mot gulrot- og kålfluge. Ingen av dei besøkte bruka syntes at økonomien er blitt dårlegare etter omlegging til økologisk landbruk. Omlegging til økologisk landbruk er ei utfordring og dei største utfordringane i grovfôr- produksjonen synest å vere og få til ei effektiv nitrogenfiksering og ei vellukka etablering av raudkløver i enga. Dessutan er det som regel ei utfordring i mjølkeproduksjonen både på ku og geit å få ned kraftfôrbruken utan at det går utover mjølkekvaliteten. Dyrking av korn til fôr kalla krossensilering der kornet vert treska ved gulmodning, krossa, tilsett ensileringsmiddel og lagt i silo eller storsekk er ein relativt ny metode i Noreg. Det er framleis få som nyttar metoden i Troms og Finnmark, men i Alta ser det ut til at kross-ensileringsmetoden kan verte ein vanleg dyrkingsmåte. Handtrekt børstereinskar kan vere eit alternativ i ugraskampen i radkulturar, dersom børste- reinskaren blir køyrt tidleg i forhold til utviklingstrinnet til ugraset og kulturen. Det gjenstår ein del utviklingsarbeid på børstereinskaren før han er tilfredsstillande funksjonell i dagens landbruk.

Sammendrag

It is generally accepted that changes in agricultural management during the last decades have had negative effects in the forms of increased erosion and nutrient losses. In our analysis farmers are assumed to maximize expected profits. Economic incentives or direct regulations of agronomic practices may be used to change the farmers' management into a direction that will reduce the losses of nutrients and erosion. In an interdisciplinary research project with economists and ecologists, the effect of different policy measureson erosion and nutrient losses has been analysed. Policy measures analysed were, among others, catch crop requirements and subsidies for spring ploughing instead of autumn ploughing. First, an economic decision making model was ran for farms for a period of 20 years. The model decides the agronomic practice for each year on the different fields for a set of model farms. With the newly developed erosion model, the European soil erosion model (EUROSEM), the effect of the different agricultural practices were analysednot only at the level of single model farms, but also at the landscape level by use of a terrain model. The paper discusses