Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

Eit dyrkingsproblem er at søtkirsebær-trea utan synlege sjukdomsteikn brått kan stagnera i vekst og døy endå om feltet har fått optimalt stell. For tida er det ingen konkrete rådgjerder for dyrkarane bortsett frå å planta nye tre i staden for dei som gjekk ut. Med finansiering frå Statens Landbruksbank har Planteforsk Ullensvang i samarbeid med Planteforsk Plantevernet gjennomført det eitt-årige prosjektet "Kartlegging av årsaker til tredaude i søtkirsebær" i 1999. Dette var eit oppdrag for Hardanger Frukt og Bær. Kartleggingsarbeidet var delt i to: 1. Kartlegging av 5 bruk som har problem med tredaude blant medlemene til Hardanger Frukt og Bær med utttak og analyse av nematode-, sopp-, virus- og jord- og bladprøvar saman med feltinspeksjonar. 2. Spørjeundersøking til søtkirsebærdyrkarar ved 5 fruktlager i Ullensvang om tilhøve som kan tenkjast å påverka tredaude i søtkirsebær . I desse fem søtkirsebærhagane, var næringstilstanden av makronæringsemne i jorda høg og delvis over det optimale. Ubalanse mellom næringsemna kan vera med og svekka trehelsa til trea. Grupper av rotnematodar som gjer skade på frukttrea var registrert i alle hagane og kan såleis vera medverkande til symptoma. Det var også mogeleg å relatera høge populajonar av rotsårnematodar til dårleg tilvekst og høge spiralnematodetal til tidlegare observasjonar av tredaude. Det vart ikkje påvist at ulike insekt, soppar, bakteriar eller virus var primærårsak til denne tredauden. Grundigare undersøkingar og då særleg av nematodar i jorda bør utførast vidare for å påvisa årsaker til denne tredauden i søtkirsebær og finna mogelege rådgjerder for å bekjempa dei ulike potensielle skadegjerarane.  Spørjeundersøkinga viste at mange søtkirsebærdyrkarar meinte det var skilnad mellom kor utsette ulike sortar og grunnstammer var for tredauding i frukthagane. Gjenplanting på same arealet kort tid etter at det var rydda steinfruktplanting fremja tredauding. Lauvtrebarkbillen var årsak til tredaude, men då er diagnosen oftast enkel å stilla. Kulturmåten som gjødslings- og vatningspraksis verkar mindre inn, men vass-sig på trerøtene var negativt.

Sammendrag

Det er ikke registrert sammendrag

Sammendrag

Folgefonn Fruktlager har dei siste åra bygt opp kjøleutstyr for å sikra effektiv fjerning av feltvarme frå søtkirsebær (vasskjøling), sorterings- og pakkemaskin (pakkeline) for å sikra einsarta og god kvalitet og gode lagerrom for å sikra god temperaturstyring under lagring. I 1997 og 1998 vart effektiviteten i anlegga granska av Planteforsk Ullensvang på oppdrag frå Folgefonn Fruktlager. I 1997 vart effektiviteten til anlegget for fjerning av feltvarme granska. Me fann at anlegget senka temperaturen 10-12°C i løpet av 6 minuttar. Men framleis var temperaturen i fruktene for høg i forhold til forventningane. Temperaturen burde ha lege på 2-3°C etter fjerning av feltvarme i vasstanken. Pakkelina vart òg testa for å finna ut om og kvar frukta vart påført skade. Resultata viste generelt liten skade, men ein liten auke i skadebilete fann stad i storleikssorteraren. Dette vart retta opp med polstringar. Me fann og at temperaturen inni fruktene auka med 6-8°C frå dei vart tekne ut frå kjølelageret til dei var ferdig sorterte og pakka. For å hindra nedbryting av fruktene ville det vore ein føremon å redusera tida fruktene oppheldt seg i sorterings- og pakkesalen. I 1998 vart det lagt mest vekt på å granska korleis bruken av utstyret verka inn på fruktkvaliteten og lagringsevna til frukta. Resultata viste at bruk av vatn både til fjerning av feltvarme og som ein del av ei ubrote kjølekjede i sorteringsanlegget er ei stor smittekjelde for sopp. 1998 var eit år med spesielt mykje smitte frå frukthagane. Tilsetjing av klor eller å nytta friskt sirkulerande vatn i støre grad gav mindre rotning.