Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2005
Forfattere
Lars Nesheim Steinar BøSammendrag
Gjødsling av eng og attlegg med raudkløver med husdyrgjødsel og mineralgjødsel vart undersøkt i 12 forsøksfelt på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Norge. I attlegget verka 10 kg nitrogen per dekar lite hemmande på etableringa av kløveren. Men attlegget vart like bra og avlinga mest like god med berre 5 kg nitrogen per dekar. I sum for attleggsåret og engåra vart det størst avling med bruk av dekkvekst, men det første engåret hadde eng etablert utan dekkvekst størst avling. For å ha minst 30 % raudkløver i enga i meir enn to år måtte ein gjødsle med høgst 5 kg nitrogen per dekar. I forhold til normgjødsling av eng med mindre enn 10 % kløver førte det til mykje mindre avling. Reduksjon av nitrogengjødsla i forhold til aukande kløverinnhald førte til tilsvarande avlingsreduksjon utan at raudkløveren varte meir enn to år likevel. Spørsmål om dette er ein god gjødslingsstrategi blir reist. På felt med høgt avlingsnivå vart det lite meiravling utover om lag 15 kg nitrogen. Ved moderat avlingsnivå var det større meiravling av mineralgjødsla og avlingsauke på 7-11 kg tørrstoff per kg nitrogen frå 15 til 22 kg nitrogen per dekar. Fem tonn husdyrgjødsel verka likt ved begge avlingsnivåa. Erstatningsverdien av nedmolda husdyrgjødsel i attlegget var 0,9-1,1 kg nitrogen per tonn, avhengig av utrekningsmetode. Dette er mindre enn det blir rekna med i offisiell gjødselplanlegging. Ved overflatespreidd 3 + 2 tonn husdyrgjødsel i engåra var erstatningsverdien 0,9 kg nitrogen per tonn, om lag den same som blir brukt i gjødselplanlegginga.
Forfattere
Lars Nesheim Gustav Fystro Olav HarboSammendrag
På tre forsøksfelt i ung eng vart det årleg tilført frå 0 til 5 kg fosfor per dekar i dinatriumhydrogenfosfat (Na2HPO4 x 2H2O). Dette stoffet vart nytta for å unngå samanblanding av verknad av svovel i superfosfat, som er mykje brukt i tidlegare gjødslingsforsøk med fosfor. Målsettinga med feltforsøka var å finne kritiske verdiar for fosforinnhald med omsyn på plantevekst under praktiske tilhøve. Sjølv til dels sterk P-gjødsling førte berre til liten auke i opptak av P i planter, og også til små avlingsutslag, på jord med relativt lite tilgjengeleg fosfor. Slike uventa små utslag medførte at samanhengen mellom plantene sin P-status og avlingsutslag vart dårleg bestemt. Det vart likevel observert ein trend til avlingsreduksjon ved låge P/N-verdiar. Av i alt 10 kg tilført P i gjødsel over to år vart berre 9 % funne att i avlinga.
Forfattere
Birger VoldenSammendrag
In organic farming the nitrogen supply often is the most limiting factor for plant growth. Use of leguminous plants therefore is an important source for extra N and to increase the protein content in the yield. In Norway the most common species for N supply in grassland is red clover. Unfortunately, its persistence is lower than for the sown grasses. Sowing clover into the established grass stand would therefore be of great interest. Different equipment for wet sowing of seeds mixed with farmyard manure to grassland were tried in field experiments and practical meadow management in the years 2002 - 2004.
Forfattere
Eivind VangdalSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Forfattere
Liv Guri Velle Samson Øpstad Harald Waldeland Torstein H. Garmo Nina P. AsperSammendrag
Statistikk over slaktevekter hjå Gilde Norsk Kjøt syner at det er regionale forskjellar i slaktevektene av utegangarsau. Lamma på Vestlandet har lågast slaktevekter, og det er også i denne regionen ein finn flest slakt under 8,0 kg. Eit casestudie frå Lindås kommune syner at lam på Tangane (Lygra) har både lågare lammevekter og koboltverdiar enn det ein finn på naboøya Lurekalven. Kobolttilførsle til lam på Tangane har gitt høgare verdiar av vitamin B12 og totalprotein, og har auka levandevektene og slaktevektene til lamma. Generelt sett er det ei målsetting å få slaktevekter over 9 kg, slik at ein får utbetalt pristillegga slakteria har. Lam som er under grensa slakteria set, vert oftast teke i retur, eller kjem i ordinær klasse, og vert dermed vesentleg dårlegare betalt. Større slaktevekter hjå lam av utegangarsau gir fleire moglegheiter innan produktforedling av kjøtet.
Forfattere
Astrid Johansen Mats HøglindSammendrag
Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon er undersøkt i fire beiteforsøk med mjølkekyr i perioden 2002-2004. Forsøka vart gjennomførte på gras/kvitkløverbeiter (12,9- 39,7% kvitkløver) ved Mære landbruksskole, Nord-Trøndelag og Øksnevad landbrukskule, Rogaland. Individuelt beiteopptak vart målt i Forsøk I og II ved hjelp av n-alkanmetoden (Dove & Mayes 1991). Ved å auke beitetilbodet med 6 kg TS frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 auka beiteopptaket mindre enn venta, særleg i Forsøk II (0,6 kg TS dyr-1 dag-1 men også i Forsøk I (1,1 kg TS dyr-1 dag-1). Det var også overraskande at beiteopptaket auka meir ved å auke tilbodet frå 18 til 24 kg TS dyr-1 dag-1, enn frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 i begge forsøka (2,7 og 1,5 kg TS i Forsøk I og II, høvesvis). I Forsøk III og IV vart responsen av beitetilbod og kraftfôrtildeling undersøkt etter eit 2 x 2 faktorielt forsøksdesign. Høgt beitetilbod (18 kg TS dyr-1 dag-1) gav sikkert høgare avdrått (kg mjølk) enn lågt beitetilbod (12 kg TS dyr-1 dag-1) i Forsøk III. Det var også sikker positiv respons på avdråtten av å gje 7 kg Formel 10 samanlikna med 4 kg Formel 10. Verken beitetilbod eller kraftfôrtildeling påverka protein-% i mjølka i Forsøk III, og det vart ikkje funne samspelseffektar mellom beitetilbod og kraftfôrtildeling. Førebelse resultat indikerer at utslaga av både beitetilbod og kraftfôrtildeling var mindre med omsyn til avdråtten i Forsøk IV, samanlikna med Forsøk III. På den andre sida såg det ut til at 8 kg kraftfôr gav høgare innhald av protein og lågare innhald av feitt, samanlikna med frå 4 kg kraftfôr i dette forsøket. Likevel var utbyttet av å gje 7-8 kg kraftfôr samanlikna med 4 kg truleg for lite til at det var økonomisk rekningssvarande i nokon av forsøka.
Forfattere
Olav Martin Synnes Samson ØpstadSammendrag
Å motverke skadeleg jordpakking er ei viktig oppgåve i arbeidet med å utvikle eit effektivt og miljøvenleg landbruk. Kor mykje toler jorda på Vestlandet? Klima og jordart påverkar toleevna. Auka innsats når det gjeld drenering, avgrensing av maskinvekter, og utvikling av hjul og dekk med stor bereflate, er døme på viktige tiltak. Forsøk i andre landsdelar eller andre land, med anna jord eller klima, kan ikkje utan vidare overførast til Vestlandet.
Sammendrag
Jordbærsvartflekk, forårsaket av soppen Colletotrichum acutatum, ble i 1999 påvist for første gang i Norge. I de følgende år er sjukdommen blitt funnet hos12 XXprodusenter av jordbærplanter og 17 bærprodusenter. Fordi sjukdommen ble påvist sentralt i den sertifiserte produksjonen av jordbærplanter, er et nytt kjerneplantemateriale nå under utvikling. Latent smitte av skadegjøreren er påvist på flere vanlige ugrasarter, og på annen vegetasjon som ofte finnes i nærheten av jordbærfelt. Sjukdomsutbrudd og smittespredning bekjempes med tiltak etter Matloven, og i tillegg tilrås en del dyrkningsmessige tiltak.
Forfattere
Arild Sletten Nils A. MelbøeSammendrag
Pærebrann ble påvist første gang i Norge i 1986. Det har i de etterfølgende år vært brukt store offentlige ressurser for å bekjempe sykdommen. Den er fortsatt begenset til Rogaland og Hordaland, og er hittil ikke påvist i frukthager eller planteskoler. Nye utbrudd skyldes først og fremst varmere sommere som fremmer sjukdomsutvikling, og omfattende flytting av bikuber, som kan være smittet av pærebrann, fra områder hvor sjukdommen finnes, til områder fri for pærebrann.
Sammendrag
N mineralisering er en nøkkelprosess i modellering av agroøkosystemer. For å utvikle et ekspertsystem for N-gjødsling til grønnsaker på friland i Europa, må det kunne simuleres med lik nøyaktighet under ulike klimaforhold. En feltlysimeterstudie ble utført med 5 jordtyper ved Grossbeeren, Tyskland og Kise på Hedmark, Norge. Avløpsvann ble samlet etter nedbørsepisoder og analysert for innholdet av mineral N. En simuleringsmodell for N-dynamikk i jord ble brukt for å vurdere gyldigheten av uavhengig deriverte standard modellparametre for de undersøkte jordtypene. Modellen beskriver N mineralisering som en dobbelt eksponensiell funksjon over tid under påvirkning av temperatur etter en Arrhenius tilnærming. En lignende mengde med mineralsk N ble funnet i avløpsvannet i løpet av sesongen på begge stedene, varierende fra 55 til 87 g m². Simuleringene gav godt samsvar på fem av jordtypene, men mineralisering ble overestimetert på én tysk of én norsk jordtype, som begge var sandjord.