Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2009

Sammendrag

Høgskolene bør satse mer på etterutdanning i distriktene. Undervisningen bør tilpasses arbeidstakere gjennom en desentralisert modell hvor lokale opptak og helgeundervisning står sentralt.

Sammendrag

Utmarksbeite er ein viktig del av fôrgrunnlaget for norsk husdyrbruk. Skal godt resultat sikrast er det viktig å finne dei beste beita og tilpasse dyretalet til ressursgrunnlaget. Ei god vurdering av beitekvalitet og beitekapasitet i utmark kan berre lagast på grunnlag av fullstendig kartlegging av vegetasjonstypar. Ei slik kartlegging er ressurskrevjande og vil som oftast ikkje kunne realiserast for store fjellvidder. For å finne ein måte for å vurdere beite for større areal, har Skog og landskap arbeidd med ein metode for bruk av satellittdata kombinert med utvalsundersøking i eit nett av prøveflater.

Sammendrag

Utmarksbeite er ein viktig fôrressurs for norsk landbruk. Skal nye generasjonar rekrutterast til denne delen av husdyrbruket, må det bli levelege driftsvilkår i utmarka. Leveleg i den forstand at ein kan rekne med å finne att om lag same dyretal som blir sleppt, på den staden ein reknar med å finne dei, og med akseptabel tilvekst. Ein må òg sleppe å ligge i stadig strid om beiterettar......

Sammendrag

Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). Kring innsjøen Savalen i Tynset og Alvdal kommunar er det vegetasjonskartlagt eit areal på 124 km² (108 km² er landareal) på oppdrag frå landbruksetaten i kommunane. Viktigaste målsettinga med kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk i området. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for sauebeite og storfebeite, samt kart over viktige naturtypar for biologisk mangfald. Berggrunnen i området er dominert av fyllitt, glimmerskifer og amfibolitt. Dette er bergartar som er lett vitterlege og vanlegvis gjev god tilgang på plantenæring, sjøl om ein del variasjonar vil finnast. Med unnatak av dei mest eksponerte høgdene, har lausmassar jamn og ofte tjukk dekning i heile området. Mykje av dette er morene som gjennomgåande er grovkorna. Området har eit typisk innlandsklima med låg vintertemperatur og høg sommartemperatur i høve til høgda over havet. Nedbøren er låg med kring 400 mm i årsnedbør. 78% av kartleggingsområdet ligg under skoggrensa som går kring 950 m o.h. Opp til barskoggrensa vel 800 m o.h blir vegetasjonen dominert av fattig furuskog, mest lav- og lyngrik furuskog, men med innslag av blåbærfuruskog på friskare parti. Over barskogen kjem eit band av bjørkeskog opp til skoggrensa kring 950 m o.h. Bjørkeskogen er mest av blåbærtype, men innslag finst av rikare skog. Skogar av lav- og lyngrik type utgjer samla 44% av arealet under skoggrensa, blåbærskogar 27% og engskogar 7%. På vestsida av Savalen ligg store myrareal. Mykje av myrarealet er rik- eller ekstremrik myr. Mange setrer ligg i området.

Sammendrag

Vegetasjonskart gjev eit bilete av den mosaikken av vegetasjonstypar som det naturlege plantedekket består av. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling planteartar som vil gå att på lokalitetar med like veksetilhøve. Ei oversikt over utbreiinga av vegetasjonstypar gjev oss på denne måten informasjon også om variasjonen i økologiske faktorar (klima, næring og vatn i jorda, snødekke og kulturpåverknad) i eit område. I tillegg kan kvar vegetasjonstype tilleggast eigenskapar med omsyn til ulik ressursutnytting og bruk (beite, slitestyrke for ferdsel, artsmangfald m.m.). På oppdrag frå Tolga kommune nord i Hedmark, er det vegetasjonskartlagt det meste av utmarka i bygda Vingelen, i alt 346 km², samt området Pauran - Bjønnkuven (49 km²). Viktigaste målsettinga med kartlegginga er å lage eit grunnlag for planlegging av beitebruk og landskapsskjøtsel. Kartlegginga er gjort etter Skog og landskap sin instruks for vegetasjonskartlegging i M 1:20 000 - 50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for sauebeite, storfebeite og naturtypar. Berggrunnen i Vingelen består mest av fyllitt og glimmerskifer som gjev god tilgang på plantenæring. Utslag i plantedekket får ein likevel først og fremst der det er god vassforsyning i jordsmonnet. Lausmassar har jamn dekning i området. Det meste er veldig finkorna morenemateriale. Berre kring dei høgaste høgdene er morenedekket tynt. Grovare morene ligg i lisidene ned mot Glåma. Området har typisk innlandsklima med låg nedbør, låg vintertemperatur og høg sommartemperatur i høve til høgda over havet.

Sammendrag

I dag er det omlag 1300 setrer i drift i Noreg. Av dei er 210 fellessetrer. Tyngdepunktet for seterdrifta er i Valdres i Oppland. I nordre delar av Hedmark, øvre delar av Buskerud og sør i Sør-Trøndelag er det også mange setrer. Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har flest fellessetrer. Dei fleste setrene driv mjølkeproduksjon med ku, men på 140 setrer blir det mjølka geit. Kartet nedafor viser den geografiske plasseringa til setrer som mottok tilskot for mjølkeproduksjon i 2008.