Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2008
Sammendrag
Mjøldogg er ein av dei viktigaste soppsjukdomane i norske grøntanlegg. Denne artikkelen presenterar først litt generell informasjon om mjøldogg og deretter ein alfabetisk oversikt over buskar og tre det er funne mjøldogg på her i landet. Det er ikkje med biletmateriale frå alle planteartane.
Sammendrag
Skjemmande, gråbrune nåler etter angrep av soppen Herpotrichia parasitica er funnen på edelgran i juletrefelt i Rogaland.
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
I september 2006 vart det funne skadar av rustsoppen Melampsora abieti-capraearum på nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) i eit juletrefelt i Rogaland. Oversida av årsnålene var tydeleg gulfarga og undersida var full av sporehopar av soppen.
Sammendrag
Nøkkelen til lønsam drift på det arealet ein planteskule disponerar er sjølvsagt høg produksjon og låge kostnadar. Ein må unngå sjukdom og utgang av planter. God hygiene i alle ledd i produksjonen er avgjerande for å få til dette. Vi har sett dette omtala som eit kjede; dersom ei løkke ryk, er det til ingen nytte. På same viset kan svake ledd i produksjonskjeda av planter gi innpass for ulike skadegjerarar. Det hjelp lite med til dømes beisa frø, sjukdomsfrie stiklingar og desinfiserte potter dersom vekstmediet er sjukdomsinfisert. Dette er innlysande, men vi ser likevel at det i praksis er utallege døme på at mogelege smittevegar ikkje vert tatt omsyn til. For å lukkast må ein fokusera på hygiene i alle ledd frå produksjonsstart til utsal, ikkje minst fordi friske planter er avgjerande for planteskulen sitt omdøme. God hygiene er ofte snakk om gjennomgang av rutinar for å identifisera svake punkt. Det treng ikkje nødvendigvis vera kostnadskrevjande å få gjort noko med problema. Til dømes kan det vera så enkle grep som å skifta fot- og yttertøy før ein går over i eigen produksjon etter stell av importerte planter. Sjølvsagt kan større kostnadar også verta eit resultat av skjerpa hygiene, spesielt dersom det til dømes vert snakk om å løfta produksjonen opp frå bakkenivå for å unngå overføring av rotsjukdomar frå underlaget, men i det lange løp vil dette etter alt å døma løna seg.
Forfattere
Venche Talgø Iben Margrete Thomsen Thomas Cech Gary Chastagner Kathy Riley Kurt Lange Sonja Klemsdal Arne StensvandSammendrag
Forsøg med at smitte nordmannsgran med svampen Kabatina abietis førte til pletter på årsskuddenes nåle. Dette kunne tyde på, at svampen er årsag til CSNN eller "røde nåle".
Sammendrag
Gjennom prosjektet ”Planter for norsk klima”, der ein av aktivitetane er å fylgja skadebilete på buskar og tre i grøntanlegg, fann vi alt i 2006 tydelege visnesymptom på ask (Fraxinus excelsior). I slutten av april 2008 vart det tatt ut ein prøve med liknande symptom i Østfold. Frå denne prøven isolerte vi soppen Chalara fraxinea. Nedvisning av ask er eit stort problem i fleire europeiske land, inkludert våre naboland Sverige og Danmark. Ein reknar det no som truleg at askeskotsjuke skuldast C. fraxinea, men vidare forsking pågår i fleire europeiske land for sikkert å fastslå dette.
Sammendrag
Bortsett frå litt mjøldogg, er søtmispel (Amelanchier spp.) som regel svært friske planter både som hekk og frittståande buskar, men i 2007 vart det observert sølvglanssopp (Chondrostereum purpureum) på eldre planter i ein hekk på Ås. I tillegg var det mykje raud vortesopp (Nectria cinnabarina).
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag