Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2004

Sammendrag

Dyrking av grønfôrvekstar er aktuelt både i tradisjonell og økologisk drift. Ein bør velje ut den beste jorda til vekstane slik at ein får att for meirarbeid og utgifter til såvarer. Hausta til rett tid kan grønfôrvekstar gje eit fôr med god kvalitet. Grønfôrvekstar kan gje gode avlingar i økologisk drift. I vekstsesongen 2003 hadde Fureneset fagsenter i samarbeid med Pilotprosjekt Økosau og forsøksringane 4 felt i Sogn og Fjordane og Hordaland med utprøvingar av ulike grønfôrvekstar på økologiske sauebruk. I artikkelen konsentrerer ein seg om nokre av desse vekstane.

Sammendrag

Utilstrekkeleg konsentrasjon av kobolt, kopar og sink i fôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene når pH i jord aukar. Graset inneheld meir mineral på eit tidleg utviklingsstadium, tidlegare slått vil gje auka innhald av mineral i plantene.