Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2003
Sammendrag
Sirococcus kan vera problematisk på gran i skogplanteskular. Soppen kan vera frøoverført og angrep fører til at nye skot på gran heng og vert brune.
Sammendrag
Dersom ein skal produsera eit juletre av god kvalitet, må juletrefelta gjødslast og haldast ugrasreine i 8-10 år. Trea må toppskotregulerast og formskjerast. God plantekultur er likevel ingen garanti for å få fram trea. Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (klyppegrøntprosjektet) har vi funne årsaka til ein del av dei sjukdomsproblema juletrenæringa slit med. Hovudårsaka til utgang av tre er ulike soppsjukdomar. I denne artikkelen er det berre plass til ein kort omtale og bilete av nokre av dei viktigaste skadane. Meir utfyllande informasjon om dei ulike sjukdomane vil koma i form av faktaark. Faktaarka skal koma som vedlegg i Norsk Pyntegrønt og dessutan vera tilgjengelege på internett.
Sammendrag
Gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt og juletreproduksjonen" har det vist seg at ein del sjukdomsproblem ute i produksjonsfelt kan sporast attende til innkjøpte småplanter. Fleire aktuelle skadegjerarar er også funne på planteprøvar tatt ut i ulike hagebruks- og skogplanteskular og syner at sjukdomar og skadedyr er problematiske under oppal. Denne artikkelen gir ein oversikt over faktorar som fører til sjukdom hjå planter og går nærare inn på problematikken rotbrann.
Sammendrag
Denne artikkilen omtalar soppsjukdomar som angrip bark og bladverk/nåler på planter i planteskular. Det vert berre gått inn på soppar som er registrerte gjennom prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (2000-2003).
Sammendrag
Sphaeropsis sp. vart funnen på ein einer (Juniperus communis) med fleire visne kvistar og daudt bar i planteskulen på NLH i 2001. Sphaeropsis er ein skadegjerar ein finn verda over. Soppen gir kreftsår og daude nåler og skot på ei rad ulike bartre.
Sammendrag
Strasseria geniculata vart funnen på ei furu med sterkt nålefall på området til NLH i 2001. Frå utlandet er det kjent at denne soppen kan vera problematisk på småplanter. På tømmerstokker er dette ein av fleire blåvedsoppar.
Sammendrag
Lokkrust er fyrst og fremst ein sjukdom på konglar av gran, men kan også gi unormal vekst av nye skot. Konglane kan vera fulle av lett synlege sporehus og kongleskjella vil sprika. Angrepne toppar bøyer seg over mot den sida av skotet som er smitta. Seinare veks skota oppover og dei vert då nærast S-forma.
Sammendrag
Soppen Thysanophora penicillioides fører etter alt å døma til sterkt nålefall på nordmannsedelgran. Denne soppen er også funnen på fleire andre edelgran- og granartar her i landet.
Sammendrag
Soppen Volutella buxi er registrert som skadegjerar på buksbom i Rogaland. Toppskota på plantene vert lyse, sjølv om ein har gjødsla rikeleg. Seinare vert blada gule til bronsefarga. Skot kan dauda.
Sammendrag
Hvete fra forskjellige feltforsøk ble analysert for DON. Mengde Fusarium spp. ble bestemt morfologisk og F. avenaceum, F. langsethiae og trichotecenproduserende gener ved kvantitativ PCR. DON ble funnet i 36 av 51 prøver i lave konsentrasjoner. Alle prøvene var infisert med F. avenaceum. En multippel regresjon viste en sterk korrelasjon mellom DON og værparameterene relativ luftfukighet og mm nedbør ved blomstring og nedbør de to siste ukene før høsting. Behandling med azoksystrobin (Amistar) økte både DON-innholdet og forekomsten av F. culmorum. Det var en positiv signifikant korrelasjon mellom F. avenaceum bestemt morfologisk og ved hjelp av PCR. Det var ingen sikker sammenheng mellom F. culmorum og tri5 gener bestemt ved kvantitativ PCR.