Hopp til hovedinnholdet

Passar på vassmiljø kring nye vegar

7-44- atj-20181015-104409_vassmiljo

Foto: Anette Tjomsland

Når nye vegar eller jernbaneliner blir bygde er det nokre som jobbar hardt for å passe på at vassmiljøet i området ikkje blir skadelidande.

I 2018 utførte NIBIO forundersøkingar i vassdrag som kan bli påverka av den nye E16, på strekninga Bjørum-Skaret, i høvesvis Bærum og Hole kommune. NIBIO skal overvake strekninga før, under og etter anleggsfasen.

Ein av metodane som blir brukt er elfiske, som er vanleg innan naturforvalting. Fisken blir for ei kort stund paralysert med straum, deretter tald, målt, og til sist sluppen fri igjen. Føremålet er å registrere kor mange fisk som lever i eit vassdrag, og kva for levekår dei har.

I tillegg utfører NIBIO ei rekkje andre undersøkingar. Prosjektleiar Roger Roseth i NIBIO fortel.

– Vi har mellom anna ei miljøbøye i Holsfjorden, som er eit svært viktig drikkevatn som snart vil dekkje heile Bærum og Oslo.

Miljøbøya er ein automatisk målestasjon, som til dømes måler kor mykje algar (klorofyll A) og  partiklar (turbiditet) det er i vatnet.

– Vi har og automatiske målarar i to vassdrag. Ein av dei har ein heilt ny og interessant sensor med optiske målingar av nitrat. Det er mykje nitrat i vatn som kjem frå sprengingsområde, så det er viktig å følje med på. Elles tek vi mykje biologiske prøver av fisk, algar, botndyr og vatn, seier Roseth.

Undersøkingane skal vurdere den økologiske og kjemiske tilstanden basert på krav i Forskrift om rammer for vassforvalting (vassforskrifta),  som er Noregs oppfylging av EUs vassdirektiv.

NIBIO overvaker biologi og vasskvalitet langs mange samferdselsprosjekt. Andre aktuelle prosjekt er: E18 Lysaker – Ramstad, E18 Retvet – Vinterbro, E16 Eggemoen – Olum, E18 Bommestad – Sky med lokalvegsystem Larvik, Rv4 Roa – Lygnebakken, Rv4 Gran – Jaren og Follobanen og nytt dobbeltspor Nykirke – Barkåker. NIBIO overvaker òg miljøtilstanden i elvar som renn frå flyplassar, til dømes Torp flyplass.

 

Føremål

Overvaking før, under og etter bygging av samferdselsprosjekt

Samarbeid: FAUN naturforvaltning, Østfold Brønnboring, Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (UiO), Naturplan, BioFokus, Eurofins Norge, ViaNova Plan og Trafikk, Aas-Jakobsen AS og Grindaker Landskapsarkitekter

Finansiering: Statens Vegvesen, Bane NOR og Sandefjord lufthavn Torp