Hopp til hovedinnholdet

Er det utmark nok til alle?

30-13-Storfe3_Eldåsæter_Sør-Fron_Yngve Rekdal

Foto: Yngve Rekdal

Turistar, sau, rovdyr, hyttefolk og bønder. Alle skal ha sin plass i utmarka. Men konfliktnivået aukar, og beitebruken er ofte taparen. Det meiner forskar Bjørn Egil Flø, som undersøker kvifor nokon lykkast med eit godt samarbeid, medan andre kranglar.

Hyttebygging, kraftproduksjon, kommersialisering av jakt og andre fritidsaktivitetar har auka presset på utmarksareala. Med auka arealpress og strukturendringar i jordbruket, har forvaltinga av beiteområda blitt meir komplisert.

Bygdesosiolog Bjørn Egil Flø, undersøkjar korleis dagens bruk av utmarka fungerer. Målet er å sikre betre utnytting av beiteressursane.

– Dei nye brukarane er ressurssterke, meiner Flø. Dei meiner sterkt om kva og korleis utmarka skal vere, og har tunge organisasjonar i ryggen. I enkelte beiteområder har det ført til eit konfliktnivå så stort at fleire bønder ikkje held ut den sosiale slitasjen det inneber å halde fram i næringa.

Gjennom å studere ulike beiteområder med ulik organisering og ulike typar eigarskap, skal forskarane få frem alternative måtar for å organisere, drifte og forvalte beiteområder.

Bønder fortel om ei gradvis svekking av samarbeidet. Både beitebrukarar imellom og mellom beitebrukarar og andre brukarar av utmarka. I enkelte områder har det ført til ei utvikling som gradvis også har redusert talet på beitedyr. Det betyr dårligare utnytting av beiteressursane, auka gjengroing og redusert beitekvalitet, samt påfølgjande tap av biologisk mangfald.

– I andre områder fortel bøndene om eit altfor høgt beitetrykk i høve til ressursgrunnlaget. Enkeltbrukarar har vekst seg store, og slepp flokkar tilsvarande mange gongar den gjennomsnittlege storleiken i området.

– Målet er å identifisera kva som fungerer godt eller ikkje dei ulike stadane. Og deretter kunne liste opp ulike tiltak, sjølv om det naturligvis må tilpassast lokalt, seier Flø.

 

Formål

Korleis tilpassar dei formelle og uformelle institusjonane seg miljømessige, politiske og økonomiske endringar over tid?

Samarbeid: NMBU, Universitetet i Oslo m.fl.

Finansiering: Noregs forskingsråd, Noregs Fjellstyresamband, Animalia, Noregs bondelag, Norsk bonde og småbrukarlag, Norsk Sau og Geit, TYR, Fylkesmannen i Hedmark, Oppland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Nordland, og Aust- og Vest Agder