Hopp til hovedinnholdet

Viser veg når matjord skal verdsettast

29-52-Ny-E18-over Hera-ved-Rova_Eidsberg_Østfold_Foto Oskar P

Foto: Oskar Puschmann

NIBIO har bistått Statens Vegvesen med å utvikle ein metode for å vurdere verdien av jordbruksareal ved utgreiing av nye vegprosjekt.

Jordvern ligg som førande premiss i alle analysar som berører bruk av jordbruksareal til anna enn matproduksjon. Jordlova gir lite rom for tolking når ho seier: Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tar sikte på jordbruksproduksjon.

– Likevel hender det at lova må vike, seier senioringeniør Kjetil Fadnes i NIBIO. Unntak vert gjort fordi vesentlege samfunnsinteresser må gå føre. Han viser til eksempel som bygging av vegar og bustader.

Av samla jordbruksareal som vart nedbygd i perioden 2004-2015, gjekk 42 prosent til bustad-, veg-eller banebygging.

Verktøy for kryssande interesser

Statens vegvesen er ein av dei store aktørane som ofte kjem i kontakt med dilemma knytt til jordvern. I planprosessar er det typisk at ulike samfunnsinteresser må vegast mot kvarandre.

For å sikre at fagpersonar nyttar same framgangsmåte og tenkesett i slike prosessar, har Vegvesenet ei handbok for korleis konsekvensanalysar i vegprosjekt skal gjennomførast.

Da Vegvesenet skulle revidere handboka si, ba dei NIBIO om å utarbeide kriterium for verdsetting av jordbruksareal i kapitlet om naturressursar. Fadnes fortel:

– Slik vi såg oppgåva, handla det om å utarbeide eit godt fagleg grunnlag for å gjere det mogleg å ikkje velje den beste jorda dersom bruk av jordbruksareal ‘til anna enn matproduksjon’ ikkje er til å unngå.

– NIBIO sitt arbeid har lagt til rette for at ein kan samanlikne ulike jordbruksareal, og at ulempen ved bruk av matjord kan vurderast mot andre moglege, negative konsekvensar av ein ny veg.

Metoden for vurdering av jordbruksarealet i Noreg er levert til Statens vegvesen i form av ein NIBIO-rapport og temakart som er tilgjengelege i karttenesta Kilden.

 

Føremål

Sikre lik og føreseieleg handsaming av verdsetting av jordbruksareal i vegprosjekt

Samarbeid: Statens vegvesen, Landbruksdirektoratet

Finansiering: Statens vegevesen