Hopp til hovedinnholdet

Kartdata frå ulike kjelder gir meir presis kunnskap om nedbygd matjord

Bryne_Foto Erling Fløistad

I nasjonal jordvernstrategi vedtatt 8.12.2015. fastsette Stortinget eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar. Målet skulle bli nådd gradvis innan 2020. Ifølgje SSB vart 3 600 dekar dyrka jord omdisponert i 2019. I tillegg vart 4 500 dyrkbar jord vedtatt omdisponert. llustrasjonsfoto frå Bryne i Rogaland: Erling Fløistad, NIBIO

Med eit tydeleg og innskjerpa jordvernmål aukar behovet for gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk vert bygd ned kvart år. Kommunane rapporterer kor mykje areal som er vedtatt omdisponert, men dette samsvarar ikkje alltid med kor mykje som faktisk blir bygd ned.

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) har NIBIO testa ut ein metode som kan gi meir presise tal på kor mykje matjord som faktisk blir nedbygd årleg i Noreg. Metoden drar nytte av ulike kartkjelder som til saman seier kor mykje areal som er nedbygd siste år, kva areala er brukt til og kvar dei er.

– Når vi veit kvar areala er, kan vi og dra nytte av annan stadfesta informasjon, seier prosjektansvarleg i NIBO, senioringeniør Kjetil Fadnes, ved avdeling Landbrukskart.

– Da kan vi seie meir om kva type utbygging jordbruksareala er blitt brukt til, kva kvalitet den nedbygde jorda hadde og om konsekvensar for natur og matproduksjon.

mg201909_DSC_7740.jpg
Totalt 8 200 dekar jord blei vedtatt omdisponert til andre føremål enn landbruk i 2019. 3 600 dekar var dyrka jord, medan 4 500 dekar var dyrkbar jord. Det blei omdisponert omtrent like mykje dyrka jord som i 2018, men 4 500 dekar mindre dyrkbar jord. Kjelde: SSB. Illustrasjonsfoto: Alvim, Sarpsborg. Morten Günther

Etterspurd materiale

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) helsar metodeutviklinga velkomen:

– NIBIO har, etter initiativ frå Landbruks- og matdepartementet, gjort ein viktig jobb med å greie ut ein metode for å registrere det som faktisk blir bygd ned av dyrka mark! Gjennom KOSTRA har vi god rapportering på det kommunane vedtar av omdisponering. Her har vi sett ein betydeleg nedgang dei siste åra.

– Likevel vil det gi ein god tilleggsverdi å få ei samla oversikt over kor mykje som faktisk bli bygd ned, kvar dette skjer og kva kvalitet det er på jorda som blir bygd ned.

– Generelt er det å bygge ned matjorda vår svært kortsiktig. Det tar naturen nesten 1 000 år å skape 10 centimeter av den næringsrike jorda vi treng for å dyrke maten vår. Derfor må vi ta godt vare på den. NIBIO har gitt oss nyttig kunnskap om den dyrka marka vår. No gir dei oss også ein god metode for å få kunnskap om kva som skjer med den, fortel landbruks- og matministeren.

olaug-v-bollestad-9x16-f-torbjorn-tandberg_dsc0596-edit.jpg
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Foto: Torbjørn Tandberg

Behov for tettare oppdatering av tal

Bakgrunnen for arbeidet NIBIO har gjort med å teste ut ein ny berekningsmetode for måling av nedbygd jordbruksareal, er at dagens tal ikkje seier kva areal som faktisk er bygd ned.

– Tala for nedbygd matjord som vi finn i det nasjonale rapporteringssystemet KOSTRA er baserte på kommunane sine tal for planlagt omdisponering av jordbruksareal, forklarer Fadnes.

– Ein veit ikkje kva tid den planlagde utbygginga faktisk skjer. Derfor kan det ta år frå dyrka jord vert meldt som omdisponert til utbygginga startar.

Han legg til at det også finst døme på at areal som er vedtatt omdisponert, ikkje blir det. Dessutan er det ikkje all nedbygging som blir innrapportert. Nedbygging til landbruksføremål er ikkje omfatta av KOSTRA-rapporteringa. Det same gjeld mindre omdisponeringar som kan gjerast utan reguleringsplan. Svikt i rapporteringa kan og skje.

– For å få betre oversikt over årleg nedbygging av dyrka jord, treng vi tettare oppdatering av enkelte sentrale kartkjelder. Slik konkluderte vi og SSB etter å ha samarbeidd om talgrunnlaget for rapporten Nedbygging av jordbruksareal i tiårsperioden 2005 – 2015, fortel NIBIO-ingeniøren.

I seinare SSB-arbeid om nedbygging i perioden 2016-2019, viser det seg at tala for nedbygging av dyrka mark er høgare enn det som er meldt inn gjennom KOSTRA.

– Forskjellane må forklarast dels med etterslep frå planlagt omdisponering til faktisk nedbygging, og dels med nedbygging som ikkje er rapportert, kommenterer Fadnes.

mg201909_DSC_7723.jpg
Samferdsel/trafikk stod for den største delen av omdisponeringa i 2019 med 37 prosent. Illustrasjonsfoto, E6 ved Alvim, Sarpsborg. Foto: Morten Günther

Kombo av ulike kartkjelder

Arbeidet som no er gjennomført på bestilling frå LMD er ei vidareføring av SSB-prosjektet. Den nye målemetoden drar vekslar på ulike kartkjelder for å gi meir presise svar om faktisk nedbygging. Den kan bli eit nyttig supplement til KOSTRA-tala.

– Utfordringa til no har vore å innhente gode tal på nedbygginga som har skjedd siste år. Skal vi måle nedbygginga når ho faktisk skjer, er vi avhengig av heilt oppdaterte kartkjelder, seier prosjektleiar Fadnes.

Ei sentral kjelde i NIBIO sin målemetode er arealressurskartet AR5, som viser eksisterande jordbruksareal. Kartet blir oppdatert av NIBIO i tett samarbeid med kommunane. Arealressurskartet viser kva som er jordbruksareal, men ikkje kva som er utbygd. Til det må ein ty til andre datakjelder.

– I eigedomsmatrikkelen kan vi finne kva som kjem til av nye bygningar. Alle nye bygningar over 15 m2 skal registrerast i matrikkelen. Også kva type bygning det er, skal framgå. Dermed finn vi om det er bustad, industri eller landbruk som er årsak til nedbygginga.

– Vegar vert på si side kartfesta systematisk i Nasjonal vegdatabank etter kvart som dei er ferdigstilte.

Ved å kople nye bygningspunkt og nye vegar mot arealressurskartet AR5 kan ein utarbeide eit estimat for kor mykje jordbruksareal som er bygd ned år for år. Fadnes presiserer at heilt eksakt svar ikkje er råd å finne på grunn av eit visst etterslep med oppdatering av matrikkelen.

– I tillegg kjem det at bygningar og vegar berre står for om lag 75 prosent av nedbygginga. Det kom fram i materialet til rapporten Nedbygging av jordbruksareal i Noreg, 2005 – 2015.

-Den resterande fjerdedelen kan vere parkeringsareal, idrettsanlegg eller andre typar anlegg utan bygningar, og vert normalt ikkje fanga opp i kartet før det er gått nokre år.

IMG_3892.JPG
Senioringeniør Kjetil Fadnes ved avdeling Landbrukskart i NIBIO. Foto: Kjersti Kildahl

Betre grunnlag for opplyste val

Fadnes meiner det er viktig å skaffe så nøyaktig informasjon som mogleg når det gjeld spørsmålet om å bruke matjord til andre føremål enn matproduksjon:

– Prognosar for framtida tilseier at matmangel er eit reelt scenario på verdsbasis. Då har alle land ansvar for å auke eigen matproduksjonen så langt dei kan.

– Om vi vel å byggje ned jordbruksareal, reduserer vi vår evne til matproduksjon. Politikarar med ansvar for arealplanane må spørje seg om det er klokt, reflekterer Kjetil Fadnes.

Dersom matjord er trua av utbygging, bør grunnlaget for å vurdere konsekvensane vere solid. Jordkvalitet er da svært viktig å ha kunnskap om for å seie noko om dyrkingspotensial for matproduksjon.

11-12.jpg
Arealressurskart AR5

NIBIO Rapport (6) 123: Indikator for nedbygging av dyrkbar jord

3.192 MB pdf

Forsyner oss ‘usynleg’ frå sparekontoen for matjord

Areal som ikkje er dyrka opp i dag, men som er eigna for oppdyrking, kallar vi dyrkbar jord. Dyrkbar jord er ein avgrensa ressurs og utgjer ein reserve for jordbruksnæringa i framtida. Ho er sparekontoen.

– Det er transformasjonen frå dyrkbar til dyrka jord som gjer at tala for dyrka areal held seg på eit nivå med tilsynelatande lite nedbygging av matjord, kommenterer NIBIO-ingeniør Fadnes.

– Parallelt med at nedbygging skjer ein stad, skjer nydyrking av dyrkbar jord ein annan stad. Den eine går i minus for sum matjord, den andre i pluss. Samanlagt blir endringa for dyrka areal kanskje liten, eller positiv, sjølv om matjord er gått tapt.

Han meiner dette også er ei side av vurderinga som bør ha plass når matjord blir vurdert for omdisponering. Samla jordbruksareal målt på eit gitt tidspunkt i ein gitt kommune, kan ha forskjellig kvalitet og dyrkingsverdi frå eit like stort areal i same kommune målt på eit seinare tidspunkt.

– Dyrkbart areal ikkje berre er ein reserve på sparekontoen. Ofte er denne jorda av ein annan kvalitet enn jorda som alt er dyrka opp, kommenterer Kjetil Fadnes, og forklarer:

– Eit typisk døme ser vi i Jærregionen der berre rundt fem prosent av arealet er rekna som dyrkbar jord. Halvparten av denne dyrkbare jorda er innmarksbeite. Resten er skogteigar, open fastmark og myr.

– Om vi ser på utviklinga i Time kommune, så er 1800 dekar innmarksbeite dyrka opp til fulldyrka jord i perioden 2012 - 2020. Samstundes er det etablert nye innmarksbeite på over 2000 dekar. I same periode er det bygd ned over 1000 dekar fulldyrka jord og 300 dekar innmarksbeite.

– Men dei nye innmarksbeitene er etablert på skrinnare areal, og berre ein tredjedel er på areal som er registrert som dyrkbar jord. Det skjer altså ein transformasjon av areala i kommunen. Fulldyrka jord vert bygd ned, gamle innmarksbeiter vert dyrka opp og nye innmarksbeiter vert etablert. Reserven skrumpar inn.

mg201302_DSC_2120.jpg
Utsikt mot Frøylandsvatnet på Jæren. Foto: Morten Günther
Fakta

KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er et nasjonalt informasjonssystem som gir styringsinformasjon om kommunal og fylkeskommunal virksomhet.

Kommuner og fylkeskommuner rapporterer regnskapsinformasjon og informasjon om tjenester til staten ved SSB.  [-]

Nøkkeltall og grunnlagsdata skal bidra til å gi innbyggere, media, kommunesektoren selv, staten og andre, muligheten for å få informasjon om det meste av kommuners og fylkeskommuners virksomhet.

Kjelde: regjeringen.no

mg201909_DSC_7703.jpg
25 prosent av den omdisponerte jorda i 2019 gjekk til bustadføremål, iflgj. SSB. Illustrasjonsfoto: Lilleby, Fredrikstad. Morten Günther

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.