Viser veg når matjord skal verdsettast
NIBIO har bistått Statens Vegvesen med å utvikle ein metode for å vurdere verdien av jordbruksareal ved utgreiing av nye vegprosjekt.
Omsynet til jordvern ligg som førande premiss i alle analysar som berører bruk av jordbruksareal til anna enn matproduksjon. Jordlova gir lite rom for tolking når ho seier: Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tar sikte på jordbruksproduksjon.
- Likevel hender det at lova må vike, seier senioringeniør Kjetil Fadnes i NIBIO. Unntak vert gjort fordi vesentlege samfunnsinteresser må gå føre. Han viser til eksempel som bygging av vegar og bustader.
Fadnes har leia eit prosjekt som har hatt i oppgåve å dele inn jordbruksareal i fem verdiklassar for å kunne skilje mellom ulike typar dyrka og dyrkbar mark. Oppdraget kom i samband med at Statens vegvesen skulle revidere si handbok for konsekvensanalysar.
- I valet mellom ulike traséar der bruk av jordbruksareal ikkje er til å unngå, vil det vere nyttig å kunne skilje mellom den feitaste morenejorda og ei skrinn elveør, seier Fadnes.
Av samla jordbruksareal som vart nedbygd i perioden 2004-2015, var 42 prosent med årsak i bustad- og veg-/banebygging. Desse tala kom fram i ein rapport SSB og NIBIO leverte i 2017.
Ny innfallsvinkel
Prosjektleiar Stein Brembu i Statens vegvesen fortel at i den førre utgåva av handboka var det nasjonale jordvernmålet trukke direkte inn i verdivurderinga av jordbruksareal. Det førte til at i nesten alle planar med følgjer for jordbruksareal, vart dette vurderingstemaet vektlagt med stor verdi - uavhengig av kvaliteten på jorda.
- I den reviderte handboka er den jordfaglege vurderinga skild frå den politiske målsettinga om jordvern. Med denne nye innfallsvinkelen håper vi å kunne synleggjere konsekvensane for jordbruket på ein betre måte. Det vil hjelpe oss å differensiere betre mellom aktuelle alternative traséar.
Brembu presiserer at det nasjonale jordvernmålet framleis er ein premiss for planarbeidet, men at det no blir tatt inn saman med måldiskusjonen i etterkant av dei faglege vurderingane.
Metoden for vurdering av jordbruksarealet i Noreg er levert til Statens vegvesen i form av ein NIBIO-rapport og temakart som er tilgjengelege i karttenesta Kilden.
Ifølgje Brembu er eit konsentrat av rapporten og lagt inn i handboka sin verditabell for ikkje-prissette konsekvensar.
Verktøy for kryssande interesser
Statens vegvesen er ein av dei store aktørane som ofte kjem i kontakt med dilemma knytt til jordvern.
I planprosessar er det typisk at ulike samfunnsinteresser må vegast mot kvarandre. For å sikre at fagpersonar nyttar same framgangsmåte og tenkesett i slike prosessar, har Vegvesenet ei handbok som skildrar korleis konsekvensanalysar i vegprosjekt skal gjennomførast.
Handboka er mykje brukt av fagfolk både innanfor og utanfor Vegvesenet. Ho er eit verktøy det ofte blir vist til når konsekvensanalysar skal utarbeidast.
Jordeigenskapar som faktor
I samband med at Vegvesenet skulle revidere handboka si, ba dei NIBIO om å utarbeide kriterium for verdsetting av jordbruksareal i kapitlet om naturressursar. Fadnes fortel:
- Slik vi såg oppgåva, handla det om å utarbeide eit godt fagleg grunnlag for å gjere det mogleg å ikkje velje den beste jorda dersom bruk av jordbruksareal ‘til anna enn matproduksjon’ ikkje er til å unngå.
- Ein annan konsekvens av å klassifisere noko jord som svært god eller god, er at noko jord og vil bli klassifisert som mindre god. Om ho dermed er av mindre verdi, det er og eit spørsmål.
For å kunne differensiere mellom ulike jordbruksareal, var oppdraget å setje ein gradert verdi på all dyrka eller dyrkbar mark. På denne måten har NIBIO sitt arbeid lagt til rette for at ein kan samanlikne ulike jordbruksareal, og at ulempen ved bruk av matjord kan vurderast mot andre moglege, negative konsekvensar av ein ny veg.
- Nytte og ulemper ved eit vegprosjekt må kunne gjerast reie for på alle område som tiltaket påverkar, seier Fadnes.
På like vilkår
Prosjektleiar Fadnes meiner vi kan sjå på det som at ulike vurderingstema må slutte seg til ein felles ‘valuta’ for å kunne samanliknast med kvarandre.
- For enkelte område er det etablert praksis for å rekne ut samfunnsverdi i kronebeløp. Det gjeld til dømes nytten av betre trafikkflyt, eller ulempen med auka støy eller forureining.
For andre område er ikkje kroneverdi like passande, og ein må bruke annan sams valuta. I handboka til Statens vegvesen er denne andre valutaen ein femdelt verditabell gradert frå ‘utan betydning’ til ‘svært stor verdi.’
Verditabellen blir brukt for vurderingstema som ifølgje handboka fell inn under ‘ikkje-prissette konsekvensar.’ Vegvesenet har fem slike tema: Landskapskarakter, friluftsliv /by- og bygdeliv, naturmangfald, kulturarv og naturressursar. Jordbruk sorterer under naturressursar.
Eit planarbeid må innehalde konsekvensanalyser også for fellesskapsverdiar som desse.
- Men korleis skal tap av dyrka dyrka mark eigentleg kunne samanliknast med opplevinga av eit landskap? Eller verdien av naturmangfald? spør Fadnes.
Eit skritt på vegen er å sortere kvart vurderingstema innan dei ikkje-prissette områda slik at dei kan samanliknast med kvarandre gjennom korleis dei framstår i verditabellen.
Jordbruksareal har til no ikkje vore differensiert på denne måten. Statens vegvesen ønskte i si nye handbok større grad av differensiering både for jordbruksareal og andre ikkje-prissette tema.
I konsekvensanalysar blir prissette og ikkje-prissette konsekvensar vurdert og sett i samanheng.
Komplisert oppgåve
Kjetil Fadnes medgir at oppgåva dei fekk ikkje var enkel å løyse, men at dei no er komne fram til ei klassifisering som kan nyttast. Han forklarer:
- I samråd med Statens vegvesen bestemte vi at verdiklassifiseringa skulle byggje på jordsmonnkart der slike finst, det vil seie for nær 60 prosent av jordbruksarealet i landet. I område som ikkje er jordsmonnkartlagt, er klassifiseringa gjort på bakgrunn av andre, enklare kart, såkalla AR5 og DMK.
For areal som fell i den ‘forenkla’ kategorien, vert det tilrådd å gjere eigne undersøkingar, eller utvide med jordsmonndata, i område der konkrete tiltak er under planlegging.
KONTAKTPERSON
Kjetil Fadnes
Senioringeniør
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 906 01 894 kjetil.fadnes@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Om klassifisering av jordbruksareal – utdrag frå NIBIO-rapporten:
Klassen «Svært stor verdi» benyttes for areal med unike kvaliteter. Den beste fulldyrka jorda blir lagt i denne klassen.
Klassen «Stor verdi» benyttes for areal med særlig gode kvaliteter. Det meste av den fulldyrka jorda vil ligge i denne klassen. Jordbruksareal i denne klassen vil med god agronomisk praksis kunne gi like gode avlinger som jordbruksareal i klassen «Svært stor verdi».
Jordbruksarealer med begrensninger vil i hovedsak ligge i klassen «Middels verdi», og det meste av dyrkbar jord i klassen «Noe verdi».
Arealer som verken er jordbruksareal eller dyrkbar jord regnes å ha ubetydelig verdi for fagområde jordbruk, og plasseres i klassen «Uten betydning» med hensyn til dette vurderingstemaet.
Som utgangspunkt for verdisetting av jordbruksareal skal opplysninger fra jordsmonnkart brukes der dette er tilgjengelig. Ellers benyttes datasettet AR5 i kombinasjon med egenskaper fra datasettet DMK.
For dyrkbar jord brukes AR5 sammen med egenskaper fra DMK og datasettet «Dyrkbar jord». Disse datasettene foreligger som digitale kart som er tilrettelagt for innsyn i NIBIOs kartløsning Kilden, og for nedlasting fa NIBIOs nettsider.
Jordsmonnkart gir et langt bedre grunnlag for å differensiere verdien av jordbruksarealet enn det AR5 og DMK gir. For det meste av jordbruksarealet vil det ikke være mulig å skille mellom svært stor-, stor- og middels verdi på bakgrunn av AR5 og DMK. Det betyr at områder som er verdisatt på bakgrunn av AR5 og DMK ikke kan sammenlignes med områder som er verdisatt på bakgrunn av jordsmonndata. Det må derfor gå klart fram av en konsekvensanalyse hvilket grunnlag verdisettingen er gjort på.
For jordbruksareal uten jordsmonndata anbefales det videre undersøkelser for å kunne differensiere jordbruksarealet i klassen stor verdi videre på klassene svært stor-, stor- og middels verdi.
Fordeling av dyrkbar jord er hentet fra heldekkende nasjonalt datasett, og kan derfor angis med større sikkerhet.
Metoden for konsekvensanalysar som Statens vegvesen byggjer handboka si på, er fastsett av i Utredningsinstruksen og Finansdepartementet sin metode for samfunnsøkonomiske analysar.
‘Veg- og prosjektplanar på prosjektnivå skal utarbeides, behandles og vedtas i samsvar med bestemmelsene i plan- og bygningslova,’ ifølgje handboka for konsekvensanalyser.
AR5 og DMK
AR5 - Arealressurskart i målestokk 1:5000. Av kartet framgår arealressursane i Noreg basert på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk.
DMK – Digitalt markslagskart inneheld informasjon om jordtilhøve, myr-eigenskaper, driftsforhold på jordbruksareal og detaljert informasjon om produksjonspotensial for skog. DMK var ein del av økonomisk kartverk og vart erstatta av arealressurskartet AR5 i 2007.
Konsekvensanalysar
Metoden for konsekvensanalysar som Statens vegvesen byggjer handboka si på, er fastsett av i Utredningsinstruksen og Finansdepartementet sin metode for samfunnsøkonomiske analysar.
'Veg- og prosjektplanar på prosjektnivå skal utarbeides, behandles og vedtas i samsvar med bestemmelsene i plan- og bygningslova,’ ifølgje handboka for konsekvensanalyser.
KONTAKTPERSON
Kjetil Fadnes
Senioringeniør
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 906 01 894 kjetil.fadnes@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
På oppdrag fra Statens vegvesen har NIBIO delt inn jordbruksareal og dyrkbar jord etter den 5-delte verdiskalaen som benyttes i «Håndbok for onsekvensanalyser». Verdiklassifisering av jordbruksareal bygger på jordsmonnkart der det er tilgjengelig, og ellers på opplysninger fra AR5 og DMK. I områder uten jordsmonnkart vil det være nødvendig med supplerende undersøkelser for å gjøre en fullstendig verdivurdering. Dyrkbar jord er klassifisert etter opplysninger fra DMK og datasettet «dyrkbar jord». Verdikartene er tilgjengelige i kartinnsynsløsning, som WMS og for nedlasting. Faktorer som påvirker gjenstående jordbruksareal er redusert størrelse, form og tilgjengelighet. Riktige tiltak ved rigg- og anleggsområde på jordbruksareal er nødvendig for å unngå varige avlingsreduksjoner som følge av jordpakking.