Hopp til hovedinnholdet

Verdas blikk på norske Tilbakeblikk

DAL-20150618-131425

Foto: Lars Sandved Dalen

Fotoprosjektet Tilbakeblikk har pågått sidan 2005, og utviklar seg stadig. Med refotografering og utstilling av tidlegare brukte motiv, viser ein korleis det norske landskapet endrar seg. I 2015 nådde dei norske endringsbileta for alvor ut i verda.

Om det var dei 54 nye biletepara på tilbakeblikk.no i 2015, eller auka interesse gjennom sterk vekst i følgjarar på facebooksida til prosjektet, er ikkje kjent, men brått dukka ein serie Tilbakeblikk-bilete opp i det anerkjende, amerikanske tidsskriftet The Atlantic. Deretter gjekk ‘før-og-no’ fotografia raskt vidare til spanske, polske og nederlandske nettstader.

På denne måten blir deler av landskapsovervåkinga til NIBIO kjent langt utanfor norske landegrenser.

– Gjennom eit ti-år på turné, mange forskjellige utstillingsstader, over 300 foredrag og eit utal nyhendeoppslag som til saman har nådd fleire ti-tals millionar menneske, kan vi trygt slå fast at prosjektet har vore vellykka, seier prosjektansvarleg Hanne Gro Wallin, og legg til: Bileta engasjerer og skaper interesse akkurat slik vi håpa på da idéen vart fanga i 2004.

Årleg vert Tilbakeblikk-basen forsterka med nye bilete. I 2015 vart det lagt inn ekstra ressursar i nye biletepar, omprofilering til NIBIO av eksisterande utstillingsmateriell og ei ny brosjyre.

Landskapsfotograf Oskar Puschmann vil i 2016 halde fram med å vandre i fotefara til dei to legendariske landskapsfotografane Lindahl og Wilse, alltid på leit etter gamle motiv å refotografere. Det er og planlagt et lite prosjekt der vintermotiv skal refotograferast for å vise korleis landskapet er ein areana for aktivitetar heile året gjennom. Dessutan vil bileta bli gjort enklare å nå via plattformer for mobil- og nettbrettbrukarar.

 

KONTAKTPERSON

Føremål

Auka bevisstgjering og merksemd knytt til landskap og landskapsendring, refleksjon over endringane, og over korleis bruken av landskapet også former det.

Samarbeid: Norsk Folkemuseum

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet

KONTAKTPERSON