Mannen som fotograferer endringar i landskapet
Sakte skjer dei – endringane. Ørsmå forskjellar frå år til år, nesten umerkeleg, som når eit landskap gror igjen, eller brått og brutalt når ein motorveg skal fram. For NIBIO-geograf Oskar Puschmann er landskapsendringar både fag og lidenskap.
Oskar Puschmann har gjort det til levebrød å dokumentere og formidle samanheng og endringar gjennom fotografering – ofte kopla med eigne kommentarar.
I rundt 20 år har han reist rundt i Noreg og dokumentert endringar som skjer i landskapet. Nyleg er eit utval av Puschmann sine før-og-no bilde gitt ut som NIBIO Bok: Tap av jordbruksareal i Norge – en fotodokumentasjon med refleksjoner om årsaker, virkninger og mottiltak.
Samfunnsengasjert geofotograf
Sjølv likar Puschmann å kalle seg geofotograf, ein tittel som femner geografi og fotografi, og dermed forklarer kva han held på med. Yrket har han i stor grad forma sjølv, tufta på fagleg relevans der han har sett behovet, og eit stort engasjement - for svært mykje.
Han bryr seg, kan ein vel seie. Han bryr seg om utvikling i landbruket, i landskapet og politikken som ligg til grunn. Han bryr seg om korleis desse heng saman, og om korleis menneske og dyr påverkar og let seg påverke.
Tre lidenskapar
Mest av alt er det kanskje fotografering som er lidenskapen. Det var i alle fall slik reisa hans begynte.
- Far min hadde godt fotoutstyr, og det skjønte eg alt som 13-åring. Eg har ikkje tal på alle dei uskarpe bilda av kjøttmeis eg tok medan dei pendla inn og ut av fuglekassa. Opphavet var ikkje udelt begeistra da filmen var tom kvar gong han skulle bruke kameraet, fortel Pushmann.
- Alle pengane eg fekk til konfirmasjonen min i 1980 brukte eg til å kjøpe ei einaste kameralinse, ei Vivitar 400 mm. Det var stort. Og sidan har det i grunnen berre balla på seg.
I tillegg til fotografering, er norsk geografi og bygdehistorie blant Puschmann sine interesser. Eller lidenskapar som han sjølv seier.
Samlar for å formidle
Lidenskapen gir seg mange utslag. Mellom anna samlar Puschmann på stader, gamle bilde og gode historier. Gjennom desse dannar han seg eit bilde av utviklinga, og fotografen blir sjølv ein formidlar av landskapshistoria – ofte fortald gjennom før-og-no-bilde.
- Mange trur det eg held på med berre handlar om fortida, men slik er det ikkje. Det handlar og om kor vi er på veg. Og det handlar om å bruke den kunnskapen vi har til å ta gode avgjerder for framtida, seier han.
- For ofte skjer ikkje det. Eg kallar det kunnskapsignorering. Vi veit kva som skjer, vi har lenge dokumentert utviklinga og likevel tar ikkje vi som samfunn konsekvensen av det vi veit.
Puschmann er ein mykje etterspurd foredragshaldar. Han kan halde innlegg hos samarbeidspart Riksantikvaren den eine dagen, og delta på ei samling blant bygdefolk på Nordvestlandet den neste.
- Eg håper at bilda mine kan skape refleksjonar som peikar framover, og bidra til at vi som samfunn vaknar opp. Tar innover oss kva som er på gang. Og brukar denne innsikta fornuftig.
Samfunnets jordbruksoppdrag
I tillegg til tre lidenskapar, har Puschmann to hjertesaker han stadig kjem tilbake til. Nedbygging av matjord er den eine, og landskapets gjengroing den andre. No lener han seg fram over bordet:
- Vi må snakke meir om matjorda som stadig må vike for den større samfunnsnytten. Kva kan vere meir nyttig enn å produsere mat? Eg berre spør!
- Landet vårt har tre prosent dyrka mark. Av dette er berre ein tredel eigna til dyrking av matkorn. Likevel ser vi at gode kornareal ryk gong etter gong i tettstadnære strok fordi den såkalla større samfunnsnytten blir lagt til grunn.
Oskar Puschmann snakkar på inn- og utpust, om ansvaret som ligg på kvar einaste planinstans, men som ofte blir lagt til bonden – om han vil selje jorda eller ikkje. Ansvaret angår jo heile nasjonen. I staden for jordbrukets samfunnsoppdrag meiner han vi heller bør snakke om samfunnets jordbruksoppdrag.
- Kvar gong presskommunar som Melhus, Sola, Vestby eller andre byggjer ned, har det konsekvensar langt utanfor kommunegrensene. Dei har eit jordbruksoppdrag for heile landet, ikkje berre ansvar for eigne innbyggjarar. Det må og saksgang og avgjerdsgrunnlag reflektere.
Positiv utvikling skjer og
Puschmann ser heldigvis teikn til auka medvit når matjord ligg i planpotten. Det viser seg både i merksemd og gjennom nasjonal regulering.
- Det nasjonale jordvernmålet har hatt ein positiv funksjon, sånn sett. Jordvern er ofte kjelde til folkeleg engasjement og emnet er synleg i mediebildet. Og ikkje minst, jordvern verkar å vere oftare framme i det offentlege ordskiftet – også blant politikarar, kommenterer han.
No meiner han det er på tide å spenne bogen høgare:
- Sidan tala for samla nedbygging i Noreg er tilnærma lik vedtatt maks-grense, bør neste trinn vere å stramme inn målet.
Eit anna trekk ved utviklinga som landskapsfotografen har festa seg ved som positivt, er sentrumsutvikling på areal som alt er bygd på. Han meiner sentrumsnære villaområde som blir erstatta av bustadblokker er eit døme på dette.
- Mange stader er det betre å byggje i høgda enn å utvide i breidda, seier han.
- Gjenopning av landskapet er og eit omgrep som breier seg. Anten det er folk eller beitedyr, eller kombinasjonen, så verkar det som gjengroing og gjenopning er noko folk er opptatt av.
Landet rundt er eldsjeler i sving for å opne opp eller hindre gjengroing. Så vil nye bilde kunne vise resultata av innsatsen over tid.
KONTAKTPERSON
Oskar Puschmann
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 53 677 oskar.puschmann@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Om Oskar Puschmann
Født i Drammen i 1965, oppvaksen på Gardermoen.
Treårig natur- og miljøvernstudium, Telemark distriktshøgskule, 1986-89.
Frilansar på ulike kulturlandskapsprosjekt, 1989 – 92.
Telemarksforskning i Bø, 1992 – 94.
Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, seinare ein del av NIBIO, 1994 –
Hovudfag i landskapsgeografi, NTNU, 1997.
Fotografering som verktøy
I rundt 20 år har Oskar Puschmann brukt same metode for å dokumentere endringar i landskapet.
- Det heile starta med eit prosjekt eg gjorde for Telemarksforskning i Bø tidleg på 1990-talet. Som del av prosjektet Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap, skulle eg registrere slike tradisjonelle landskap i Aust-Agder, Telemark og Buskerud.
Puschmann drog ut med kamera som verktøy på jakt etter eldre, intakte jordbrukslandskap. Gjennom arbeidet gjekk det opp for han at dette jordbrukslandskapet var i ferd med å forsvinne:
- Mange av natur- og kulturkvalitetane skapt av gamle driftsformer, ville truleg bli borte om få tiår, tenkte eg. Mest fordi dei eldre gardbrukarane som heldt dette landskapet i hevd, da ville vere borte.
- Bilda eg tok, ønskte eg å dokumentere slik at det var mogleg å komme tilbake og ta same utsnitt, på same stad, på eit seinare tidspunkt. Altså måtte eg stadfeste nøyaktig plassering i landskapet, notere himmelretningar og tid på døgnet. Den gongen teikna eg dette inn på eit kart. No vil kamerafunksjonar ta seg av tid- og stadfestinga.
- Herifrå kom idéen om å bruke ein slik metode for å dokumentere endringar som skjer i landskapet over tid. Vi veit jo at bilde med før-og-no-situasjonar kommuniserer godt.
Da han i 1994 fekk jobb i NIJOS - Norsk institutt for jord- og skogkartlegging, tok han med seg arbeidsmetode og kamera inn i jobben.
- I 1998 fekk instituttet i oppdrag å lage eit nasjonalt program for å overvake jordbrukets kulturlandskap. Programmet skulle gi oversikt over tilstand og endringar i arealbruk saman med natur- og kulturverdiar.
I samråd med forskar Wenche Dramstad utvikla Puschmann fotografering frå bakkenivå, og i tidsseriar, til å bli ein del av programmet og eit supplement til tolking av flyfoto.
- Bilde som er tatt frå bakkenivå fortel noko heilt anna enn flyfoto. Eit bilde tatt i blikk-høgd, gir ei anna oppleving enn fugleperspektiv. Forteljinga i bildet kjem tettare på. Kanskje set det i sving kjensler som eit flyfoto ikkje har tilgang til. Flyfoto og bakkefoto har veldig ulike kvalitetar, forklarer Puschmann.
Resten er historie. Nyskapinga for 20 år sidan la grunnlag for det seinare prosjektet Tilbakeblikk der re-fotografering av gamle foto illustrerer endringar. Med eller utan fotografens kommentarar er slike bilde kjelde til refleksjonar om årsak, verknad og kor vi er på veg.
Ny bok
Nyleg er eit utval av Oskar Puschmann sine bilde og tekstar om jordtap gitt ut som NIBIO Bok: Tap av jordbruksareal i Norge – en fotodokumentasjon med refleksjoner om årsaker, virkninger og mottiltak. Boka blir ikkje lagt ut for sal, men vil bli brukt som gåve når det er relevant i kontakt med politikarar, myndigheiter og forvaltning. Ho vil og bli tatt med i møter og på konferansar for å vise landskapsendringar som følgjer med der matjord går ut av produksjon.
KONTAKTPERSON
Oskar Puschmann
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 53 677 oskar.puschmann@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
[Forord] Gjennom det nasjonale programmet for systematisk overvåking av jordbrukets kulturlandskap, 3Q, dokumenterer NIBIO hvordan jordbrukslandskapet endres. Et av målene med å overvåke tilstand og endringer i jordbrukslandskapet er å fange opp endringstrender på et så tidlig tidspunkt at disse fortsatt kan påvirkes. Derfor er det også viktig å formidle overvåkingsresultatene og fortelle hvilke endringer som skjer. Dette gjøres gjennom kart og statistikk, presentasjoner og publikasjoner i ulike media og gjennom rapporter. Formidlingen vil imidlertid fremstå noe ulikt i form i de ulike kanalene...
Abstract
Når fotografering på bakkenivå skal brukes i landskapsovervåking, er det viktig at relevante data om fotosted og opptakssituasjon er godt dokumentert. Standardisering gjør det lettere å gjenta fotograferingen i framtiden og få mest mulig sammenlignbare bilder. Et fredet kulturmiljø på Bygdøy ble benyttet som studieområde for å dokumentere fordeler og ulemper ved ulike tilnærminger ved førstegangs fotograferinger i overvåkingssammenheng.