Hopp til hovedinnholdet

Har kartlagt reserveareal for grasdyrking

Kvarv i Sørfold_kommune_Nordland_Foto Oskar Puschmann

Typisk døme på jordbruksareal ute av bruk, men som ikkje er ubrukeleg. Første teikn til attgroing er synlege. Frå Kvarv i Sørfold kommune, Nordland.
Foto: Oskar Puschmann.

Tørkesommaren i fjor gav grunn til å finne fôr på nye stader, eller i praksis – finne tilbake til ‘gamle’ areal, som av ulike årsaker var gått ut av drift. Det oppstod eit behov for oversikt over slike reserveareal i heile landet.

Ein ‘bank’ av jordbruksareal som ikkje er i bruk kan vere ein verdfull del av vår nasjonale krise- og matberedskap. Fjoråret utløyste behov for å etablere ei slik nasjonal oversikt.

Ein første versjon vart utarbeidd av NIBIO på seinsommaren 2018. Gjennom å kople ulike datakjelder fekk ein fram eit grovt anslag for ‘ledige’ jordbruksareal i Noreg. Ledige areal er her dyrka mark det ikkje er søkt om produksjonstilskot for. Dei er ikkje ledige for sal, men dei kan vere opne for å leigast. Det var noko av poenget med å undersøkje kvar dei finst.

Hel landbrukseiendom ikke i drift_skjermbilde fra Kilden
Skjermbilde av kart som viser jordbruksareal på landbrukseigedom det ikkje er utbetalt tilskot for: Det gule arealet med skrå skravur viser areal som kan vere ute av drift, og at det kan haustast maskinelt. 

Oversikt lagt ut for alle

Samfunnsgeograf Henrik Mathiesen var ein av dei som jobba med dette materialet i fjor. Med utgangspunkt i nye data og meir tid har han no utarbeidd fleire kartlag som er gjort tilgjengelege gjennom kartportalen Kilden.nibio.no.

- Medan vi i fjor arbeidde oss fram til eit overordna anslag for areal ute av drift for landet, har vi no gått vidare og gjort analysar som gjeld heilt ned på den enkelte landbrukseigedomen, fortel Mathiesen.

- Det vil seie at dei karta som er lagt ut på Kilden.nibio.no viser landbrukseigedomar med areal som kan vere ute av drift. I tillegg har vi laga statistikk på kommune og fylkesnivå som ligg ute på nettsidene våre.

Slik blir det enklare for det enkelte landbrukskontor i kommunane å hjelpe næringa med råd om kor det finst reserveareal å oppsøke når knipa er der.

Henrik F M_7340_Foto Kjersti Kildahl
Samfunnsgeograf Henrik Forsberg Mathiesen. Foto: Kjersti Kildahl.

Kva viser dei nye karta?

Målet med analysane har vore å finne ut kor mykje jordbruksareal som kan vere ute av drift i Noreg, og stadfeste kor desse areala finst.

Data for totalt registrert jordbruksareal i Noreg vart stemt av mot summen av det arealet som bøndene har registert når dei søker om årlege produksjonstilskot.

- Differansen mellom areala i dei to oversiktene gir – enkelt sagt   eit bilde av jordbruksareal ute av drift, fortel talknusar Mathiesen.

- Det viser seg at heile 13 prosent av alt jordbruksareal er det ikkje søkt produksjonstilskot for. Vi kan likevel ikkje seie at alt dette utgjer mogleg reserveareal for fôr, men det gir oss definerte område som potensielt kan nyttast til fôrproduksjon. Altså område som bør undersøkast nærare med dette for auget.

Sju prosent av jordbruksarealet som kan vere ute av drift kan haustast maskinelt. Dermed aukar verdien av å halde dei ved like og i produksjon.

P6150044
Jordbruksareal gøymt under eit kaos av ville plantar – ute av drift. Foto: Eivind Solbakken.

Velkomen nyvinning

Da konsekvensane av tørken slo inn i jordbruket for fullt i fjor sommar, vart det frå fleire hald i forvaltninga etterspurd ei oversikt over jordbruksareal som ikkje var i bruk. Bøndene etterspurde reserveareal, og kommunane etterspurde oversikt og vende seg til fylka.

Nokre landbruksavdelingar hos Fylkesmannen gjorde ein slik jobb for sine område. Nasjonalt vart arbeidet avgrensa til NIBIO sin første versjon som gav overordna oversikt, og som kunne gjerast relativt raskt.

Ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark helsar dei velkomen den nye oversikta. Fagsjef for matproduksjon og arealbruk Jon Randby ser nytten:

- Dataene som no er lagt ut forenklar både vår jobb og kommunane sin. På fylkesnivå skal vi følgje opp statens politikk og sjå til at kommunane følgjer opp sin del av oppgåvene. Å følgje opp driveplikta av jordbruksareal er ei slik oppgåve.

- Gjennom dei nye kartlaga får kommunane og vi eit nytt verktøy som gjer jobben meir effektiv. Vi får kjapt oversikt over det vi kallar ‘risikoareal’ som kan vere nettopp jordbruksareal ute av drift, og som står i fare for å gro igjen om ingenting anna skjer, seier Randby.

 

Verdfulle data også i normalår

Det som i ein krisesituasjon kan vere reserveareal, kan altså i ein normalsituasjon vere risikoareal fordi det står i fare for å gå ut som jordbruksareal. Slike areal kan vere svært utsette for å bli omdisponert når dei er sentralt plassert.

Fagsjef Randby fortel om eksempel der det er spekulert i at areal får gro igjen samtidig som dei har høg marknadsverdi:

- Etter ei tid gir areala inntrykk av å vere ubrukelege, sjølv om dei berre er ute av bruk. Da aukar sannsynet for gjennomslag ‘til andre føremål enn landbruk,’ og at nok ein bit matjord går inn i statistikken for nedbygd jordbruksareal. Det er jo ikkje ønskjeleg, seier han.

- Andre gonger kan det vere at jorda er ute av produksjon fordi grunneigaren ikkje fekk økonomi ut av drifta. Likevel kan ein annan gardbrukar få det til fordi han har andre rammevilkår, og kanskje annan produksjon.

Det er tydeleg at problemstillingar knytt til jordbruksareal der ein ikkje kjenner bruken, er noko Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er opptatt av.  Landbruksdirektør Helge Nymoen fortel at dei totalt har rundt 75 000 dekar jordbruksareal ‘det ikkje kan gjerast greie for’ i det nye storfylket.

- Andelen slikt areal er langt større i Telemark enn i Vestfold. Oversikta vi no har fått er eit godt verkemiddel for å leggje til rette for meir bruk av areal nærare jordbruksverksemdene enn det vi ser i dag, seier Nymoen.

Han gir døme på at mange bønder med husdyrproduksjon i dei øvre bygdene i Telemark leiger areal sør i fylket til grasproduksjon. Det blir mykje køyring av slik drift.

- Denne utviklinga fører til at areal som kun kan nyttast til grasproduksjon blir liggande ubrukt, medan areal lenger sør som er eigna for korndyrking blir lagt om til gras.

Vi har tru på at kartlegginga som no er gjort kan bidra til meir bruk av nærliggande areal, mindre køyring og dermed til meir miljøvennleg drift, avsluttar landbruksdirektør Nymoen.

Jordbruksareal som kan vere ute av drift
Seinare same dag_Kvarv i Sørfold_kommune_Nordland_Foto Oskar Puschmann.jpg
Etter nokre timars slått av Frits og Karl-Magnus trer dyrka mark fram. Da er det lett å sjå at dette er jordbruksareal. Frå Kvarv i Sørfold kommune, Nordland. Foto: Oskar Puschmann.
Fakta

- Mest jordbruksareal ute av drift finn vi i NordNoreg og på Vestlandet.

- Undersøkinga viser at mest jordbruksareal ute av drift er i kommunar med lite jordbruksareal.

- I små jordbrukskommunar i Troms og Finnmark er så mykje som 90 prosent jordbruksareal det ikkje er søkt produksjonstilskot for.

- I store jordbrukskommunar på Jæren, langs Oslofjorden, Mjøsa og Trondheimsfjorden er det mindre enn ti prosent jordbruksareal som kan vere ute av drift.

Taleksempel frå Telemark og Vestfold

Telemark
Jordbruksareal totalt: 248 000 dekar

Ikkje tilskot for, kan vere ute av drift: 55 000

Vestfold

Jordbruksareal totalt: 410 000 dekar

Ikkje tilskot for, kan vere ute av drift: 20 000

Jon Randby_Foto Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.jpg
Fagsjef Jon Randby. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Helge Nymoen_Foto Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.JPG
Landbruksdirektør Helge Nymoen. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Finansiering

Utviklinga av dei nye kartlaga er delfinansiert av forskingsmidlar over jordbruksavtalen og aktørane bak prosjektet Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr - Nortura, Animalia og TYR.

NIBIO og NMBU samarbeider om prosjektleveransen.

Mål om auka norsk matproduksjon basert på norske ressursar og betre arealutnytting er sentralt i prosjektet.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Rapporten gir en oversikt over hvordan vi kan beregne arealtall og gjøre tilgjengelig kart over jordbruksareal som kan være ute av drift. NIBIO har her brukt registerdata og kart over landets arealressurser til å beregne hvor mye av landets kartlagte jordbruksareal som ikke inngår i søknader om produksjonstilskudd i 2018. Undersøkelsen viste at nærmere 1500 kvadratkilometer, som utgjør 13 prosent av landets jordbruksareal, kan være ute av drift. Det virkelige tallet er nok noe lavere.