Hopp til hovedinnholdet

Aukande resistens mot plantevernmiddel

16-38-20030722ef1035

Foto: Erling Fløistad

Det er påvist resistens og nedsett følsemd mot fleire plantevernmiddel i mellom anna jordbær og bringebær i Noreg.

NIBIO har utført nye kartleggingar og overvakingar av resistens mot plantevernmiddel i norske jord‐ og hagebrukskulturar i 2018. Resultata tyder på at resistensproblematikken er aukande.

Resistens hos glansbiller i oljevekstar har vore overvaka sidan 2007. Det er påvist resistens og multiresistens mot insektmiddel hos glansbiller i dei viktigaste dyrkingsområda for oljevekstar, med lokale forskjellar i resistensnivå.

– Situasjonen no er slik at nokre stadar er glansbillepopulasjonane resistente mot to av tre grupper kjemiske middel tilgjengelege for nedkjemping. Enn så lenge verker desse midla delvis, men dersom  det vert sprøyta mykje med desse, vil resistensen byggje seg endå meir opp, opplyser seier Nina Svae Johansen, forskar frå NIBIO.

Det har også vore mistanke om resistens mot enkelte av middmidla som vert brukt mot veksthusspinnmidd i jordbær og bringebær, og innleiande undersøkingar kan tyde på at dette stemmer.

Forskarane fann indikasjonar på at veksthusspinnmidd på jordbær og bringebær kan vere i ferd med å utvikle resistens mot midla Envidor og Floramite, som er godkjente for både jordbær og bringbær, og Danitron som er godkjent i bringbær. Ingen av veksthusspinnmidd-populasjonane var resistente mot middelet Vertimec

– Resistens og multiresistens hos gråskimmel i jordbær og bringebær er et utbreidd problem, og dette gjer nedkjemping vanskeleg, seier Nina Svae Johansen, forskar frå NIBIO og ein av forfattarane bak rapporten.

– Det er også funne resistens hos gråskimmel i eple. Men datagrunnlaget er berre frå ein sesong og seks frukthagar. Dette bør difor undersøkast vidare. Fleire ugrasarter i korn har utvikla resistens mot planteverngruppa ALS-hemmarar.

 

Formål

Nye kartleggingar og overvakingar av resistens mot plantevernmiddel i norske jord‐ og hagebrukskulturar i 2018 tyder på at resistensproblematikken er aukande.

Finansiering: Landbruksdirektoratet