Hopp til hovedinnholdet

Aukande resistens mot plantevernmiddel

20030722ef1035_cropped

Resistens og multiresistens hos gråskimmel i jordbær og bringebær er et utbreidd problem, og dette gjer nedkjemping vanskeleg. Foto: Erling Fløistad.

Det er påvist resistens og nedsett følsemd mot fleire plantevernmiddel i mellom anna jordbær og bringebær i Noreg. Overvaking NIBIO gjorde i 2018 tyder på at resistensproblematikken er aukande.

Tiltak mot ei rekkje skadegjerarar, som til dømes veksthusspinnmidd i jordbær og bringebær, glansbiller i oljevekstar, gråskimmel i eple og ugras i korn, er hovudsakleg basert på bruk av kjemiske plantevernmiddel. Det er fordi vi manglar alternative planteverntiltak som er tilstrekkeleg effektive.

For å sikre ei stabil avling av god kvalitet, er dyrkarane avhengige av at dei plantevernmidla som er godkjende mot desse skadegjerarane verkar godt.

NIBIO har på oppdrag av Landbruksdirektoratet, utført nye kartleggingar og overvakingar av resistens mot plantevernmiddel i norske jord‐ og hagebrukskulturar i 2018. Resultata viser teikn på at vi har resistensproblem i fleire vekstar, mellom anna eit stort problem med gråskimmel i bærvekstar.

 

Resistens mot middmiddel

Resistens hos glansbiller i oljevekstar har vore overvaka sidan 2007. Det er påvist resistens og multiresistens mot insektmiddel (pyretroidar og neonikotinoidar) hos glansbiller i dei viktigaste dyrkingsområda for oljevekstar, med lokale forskjellar i resistensnivå.

Det har også vore mistanke om resistens mot enkelte av middmidla som vert brukt mot veksthusspinnmidd i jordbær og bringebær, og innleiande undersøkingar kan tyde på at dette stemmer.

– Resistens og multiresistens hos gråskimmel i jordbær og bringebær er et utbreidd problem, og dette gjer nedkjemping vanskeleg, seier Nina Svae Johansen, forskar frå NIBIO og ein av forfattarane bak rapporten.

– Det er også funne resistens hos gråskimmel i eple. Men datagrunnlaget er berre frå ein sesong og seks frukthagar. Dette bør difor undersøkast vidare. Fleire ugrasarter i korn har utvikla resistens mot planteverngruppa ALS-hemmarar.

Johansen fortel at for å følgje opp mistanke om resistensutvikling, og på grunn av tidlegare påvisingar av plantevernmiddelresistens, blei følsemda for plantevernmiddel undersøkt i 2018.

Forskarane såg på glansbiller i seks felt med oljevekstar i Akershus og Østfold, veksthuspinnmidd i to jordbærfelt i Hedmark og Vest-Agder og tre bringebærtunnelar i Vest-Agder og Sogn og Fjordane. I tillegg undersøkte dei gråskimmel frå seks eplehagar i Buskerud og Hordaland, stivdylle i ein kornåker i Akershus og linbendel i to kornåkrar i Akershus og Trøndelag.

 

Resistens i glansbillepopulasjonar

Tre av fem glansbillepopulasjonar var resistente eller moderat resistent mot middelet Karate, fire av seks var moderat resistente mot middelet Mavrik og tre av fire hadde nedsett følsemd for Biscaya. Middelet Avaunt var derimot ingen av glansbillepopulasjonane resistente mot.

– Situasjonen no er slik at nokre stadar er glansbillepopulasjonane resistente mot to av tre grupper kjemiske middel tilgjengelege for nedkjemping. Enn så lenge verker desse midla delvis, men dersom  det vert sprøyta mykje med desse, vil resistensen byggje seg endå meir opp, opplyser Johansen.

Ein kan heller ikkje berre sprøyte med det middelet som ein ikkje fant resistens mot. Det vil kunne føre til resistens mot dette middelet også.

– Så dette er ein vanskeleg situasjon, seier ho.

 

Bekrefta mistanke om resistens hos veksthusspinnmidd

Dei siste åra har enkelte bærprodusentar erfart at dei har fått dårlegare verknad av sprøyting mot veksthusspinnmidd enn tidlegare.

Forskarane fann indikasjonar på at veksthusspinnmidd på jordbær og bringebær kan vere i ferd med å utvikle resistens mot midla Envidor og Floramite, som er godkjente for både jordbær og bringbær, og Danitron som er godkjent i bringbær. Ingen av veksthusspinnmidd-populasjonane var resistente mot middelet Vertimec.

Med enkelte unntak blei det ikkje påvist alvorleg grad av resistens hos veksthusspinnmidden, men undersøkinga har vore av avgrensa omfang. Resultat i resistensundersøkinga peikar på at det eit gryande resistensproblem i bær, og at ein bør gjere ei breiare kartlegging av resistenssituasjonen og følgje nøye med på verkanden av plantevernmidla framover.

– Det er særs viktig at kvar enkelt produsent brukar ein plantevernstrategi som motverkar vidare resistensutvikling. Ein må bruke så lite sprøytemiddel som mogleg, og på ein måte som reduserer resistens, seier Johansen.

Det vil seie at ein utføre få kjemiske behandlingar, la det gå så lange periodar mellom sprøytingane som mogleg, og veksle mellom de ulike plantevernmiddela.

Johansen anbefaler å velje dei sprøytemidla som er mest skånsame mot rovmidd og andre nyttedyr og nyttesopp, men pass likevel på at sprøytinga ikkje blir for ein­sidig.

Sørg for optimal sprøyteteknikk slik at effekten blir god når du fyst sprøyter. Sjekk effekten av sprøytinga. Dersom du får dårleg verknad av eit middel og mistenkjer resistens er det viktig å ikkjegjenta sprøytinga med det same middelet. Bruk eit anna middel med ein annan biokjemisk verknadsmåte og søk råd hos din lokale rådgjevar, seier ho.

 

ef-20100605-134728-2-Edit.jpg
NIBIO har på oppdrag av Landbruksdirektoratet, utført nye kartleggingar og overvakingar av resistens mot plantevernmiddel i norske jord‐ og hagebrukskulturar i 2018. Foto: Erling Fløistad.
Fleire funn

Hos gråskimmelsoppen vart det funne resistens mot dei aktive stoffa i soppmidla Topsin, Teldor og Scala. Topsin er brukt mot lagerråte, og det vart funne 30 % resistens i materialet som vart testa. Teldor og Scala vert brukt under blomstring for å kontrollere begerråte i eple, som er årsaka av gråskimmelsoppen, og det vart funne 18 % og 4 % resistens for høvesvis Teldor og Scala.

I 13 % av materialet vart det funne resistens mot både Topsin og Teldor. Slik multiresistens medverkar til oppbygging av resistens når desse soppmidla vert brukt.

Sjølv om resistensnivået hos gråskimmelsoppen i eple er lågare enn det vi ser hos gråskimmel i bær, kan det framleis ha konsekvensar for kontroll av lagerråte og begerråte. Avgrensa sprøyting med desse soppmidla vil medverka til å utsette oppbygging av resistens.

Det vart påvist resistens mot ALS-hemmarane Express og Hussar OD hos stivdylle i Akershus og mot Express, Hussar OD og Primus hos linbendel i korn i både Akershus og Trøndelag.

plh-2006-0102.jpg
NIBIO-forskarane fant resistens hos gråskimmel i eple. Foto: NIBIO.
Fakta om rapporten

Rapporten er skreve på oppdrag frå Landbruksdirektoratet, og sumerar opp resultat frå kartlegging og overvaking av plantevernmiddelresistens hos ulike skadegjerarar som NIBIO har utført i 2018.

Resistensundersøkinga har vorte gjennomført for å følgje opp tilfelle med mistanke om og tidligare påvisingar av plantevernmiddelresistens, med sikte på å skaffe kunnskapsgrunnlag for å utarbeide forvaltingsmessige og praktiske tiltak for å handtere resistenssituasjonen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

For å følge opp mistanke om og tidligere påvisninger av plantevernmiddelresistens, ble følsomheten for plantevernmidler undersøkt i 2018 hos: (1) glansbiller i seks felt med oljevekster i Akershus og Østfold, (2) veksthuspinnmidd i to jordbærfelt i Hedmark og Vest-Agder og tre bringebærtunneler i Vest-Agder og Sogn og Fjordane, (3) gråskimmel fra seks eplehager i Buskerud og Hordaland, (4) stivdylle i en kornåker i Akershus og (5) linbendel i to kornåkre i Akershus og Trøndelag. Tre av fem glansbillepopulasjoner var moderat resistente eller resistente mot Karate (lambda-cyhalothrin), fire av seks populasjoner var moderat resistente mot Mavrik (tau-fluvalinat), og tre av fire populasjoner hadde nedsatt følsomhet for Biscaya (tiakloprid). Ingen av glansbillepopulasjonene var resistente mot Avaunt (indoksakarb). Vi fant indikasjoner på at veksthusspinnmidd fra jordbær og bringebær kan være i ferd med å utvikle resistens mot Envidor (spirodiklofen), Floramite (bifenazat) og Danitron (fenpyroksimat). Med enkelte unntak ble det ikke påvist alvorlig grad av resistens hos veksthusspinnmidden, men undersøkelsen har vært av begrenset omfang, og bør utvides. Ingen av veksthusspinnmidd-populasjonene var resistente mot Vertimec (abamektin). Hos gråskimmel fra eple ble moderat resistens og resistens mot Topsin (tiofanatmetyl) påvist hos nesten halvparten av de 44 isolatene som ble testet, mens 18 % av 56 isolater var resistente mot Teldor (fenheksamid), og mellom 12 og 8 % var moderat resistente og/ eller resistente mot Scala (pyrimetanil), boskalid, Comet (pyraklostrobin) og Rovral (iprodion). Multiresistens ble funnet hos 15 % av isolatene. Det ble ikke funnet resistens mot fludioksinil. Det ble påvist resistens mot ALS-hemmerne Express (tribenuronmetyl) og Hussar OD (jodsulfuron-metyl-natrium) hos stivdylle i kornåkeren i Akershus, og mot Express, Hussar OD og Primus (florasulam) hos linbendel i kornåkrene i både Akershus og Trøndelag.