Hopp til hovedinnholdet

Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg

19-32-PotetBakterie-SiriEliseD-DSC_0826

Foto: Siri Elise Dybdal

Stengel- og blautråte fører til store tap for potetbønder i heile Europa. Sommaren 2016 var det store angrep av stengelråte i mange potetåkrar, særleg på Austlandet. Denne bakteriesjukdommen fører til visne planter i åkeren, og angrep av blautråte i knollane.

Dei siste åra har det mange stader i verda blitt oppdaga nye arter av blautråtebakteriar, som har vore meir aggressive enn det ein har sett tidlegare. No har forskarar ved NIBIO sekvensert og satt namn på ein ny art av blautråtebakterier, Pectobacterium polaris.

Stengelråteproblema i Noreg har blitt større dei siste fem-ti åra. Nye og meir aggressive artar har kome til.  

– Vi fekk for ei tid tilbake inn prøvar frå ein åker der det hadde vore eit spesielt kraftig angrep av blautråte. Frå desse prøvane isolerte vi ein til no ukjent art av blautråtebakterien, opplyser seniorforskar May Bente Brurberg i NIBIO.  Ho fortel at bakterien mellom anna også er registrert i Nederland, men at det er fyrst no han har fått eit namn.

– Elles veit vi lite om han, og i kor stort omfang han er til stades i Noreg. Men ei årsak til at blautråte er så vanskeleg å nedkjempe, kan vere at det er eit større artsmangfald enn vi har vore klar over. Per i dag har vi ikkje god nok oversikt, og vi veit lite om kor vidt dei forskjellige bakteriane bør nedkjempast på same måten eller ulikt, påpeikar ho.

Det finst ingen kjente kjemiske eller biologiske metodar for nedkjemping av blautråtebakteriane når dei fyrst har etablert seg. Difor er friskt, sertifisert settepotetmateriale eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere sjukdommen. 

Ved handtering av knollar med blautråte kan smitte spreiast via maskiner og utstyr i samband med opptak, sortering og lagring - i tillegg til spreiing med jordvatn.

– Difor er det vesentleg med regelmessig reingjering og desinfeksjon av alt utstyr brukt i dyrking og lagerrom, seier forskar Merete Wiken Dees. 

 

Føremål

Ein del av prosjektet «POTTIFRISK – Betre settepotetkvalitet gjennom auka kunnskap og metodeutvikling knytt til problematiske skadegjerar»

Samarbeid: Norsk landbruksrådgjeving, Wageningen University and Research i Nederland og James Hutton Institute, Skottland

Finansiering: Forskingsmidlar for jordbruk og matindustri, og industripartnarane Bama, Bayer, Findus, Gartnerhallen, Lærdal Grønt, Norgro, Orkla/Kims, Strand Unikorn, Totenpotet, Tromspotet,  7 Sense og Overhalla Klonavlssenter