Hopp til hovedinnholdet

Kraftig stengelråteangrep i norske potetåkrar

IMG_5295_cropped.jpg

Angrep av stengelråte. Foto: Merete Wiken Dees, NIBIO.

Stengelråte har skapt store problem for potetbønder i Austlandsområdet i år. Fleire stadar har meir enn halve avlingar gått tapt.

I Europa har stengelråte og blautråte i seinare år ført til tap på mange millionar per år. No aukar problemet også i Noreg. I 2016 har norske potetdyrkarar vore spesielt utsett med store tap av avlingar, opplyser seniorforskar May Bente Brurberg frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). 

Det finst i dag ikkje kjemiske eller biologiske tiltak for å nedkjempe denne typen råte.

 

Store tap

- Det har vore stengelråteår i år. I fleire felt har det vore opp til 60% angrep i feltet, seier Brurberg. 

Ho fortel at dei klimatiske forholda med høge temperaturar har vore ideelle for stengelråte. 

- Då kan det brått bli slike utbrot, seier seniorforskaren.

Ifølgje Borghild Glorvigen, fagkoordinator på potet ved Norsk Landbruksrådgjeving, er det spesielt i Austlandsområdet ein har sett kraftige utbrot.

- Vi har sett problem med stengelråte i enkelte åkrar med enkelte sortar i Austlandsområdet. Det har vore store problem spesielt knytt til potetsorten Asterix, stadfestar Glorvigen. 

Brurberg seier det største problemet med bakteriesjukdommar som mellom anna stengelråte og blautråte er at potetene rotnar heilt opp. 

- Nokre sjukdomar gjeng berre på overflata av poteta og då kan ein framleis bruke avlingane. Men med stengelråte kan ein ikkje bruke potetene fordi dei ofte rotnar heilt opp.

DSC_3263_MBB.JPG
Symptomer på stengelråte. Foto: May Bente Brurberg, NIBIO. 

Nye artar

Ho fortel at det dei siste åra ikkje berre har vore ei auking i angrep, men det har også blitt oppdaga fleire nye artar som gjev same sjukdomsbilete, men er meir aggressive. 

- Vi meiner stengelråteproblema i Noreg har blitt større dei siste fem-ti åra. Fleire rapportar viser dette. Nye og meir aggressive artar har også kome inn. Bakterien Dickeya solani blei oppdaga for fyrste gong i 2005, men er såpass hissig at den raskt har blitt den dominerande årsaken til stengelråte i fleire land, seier ho. I Norge er det førebels få funn. 

- Denne bakterien tåler dei fleste klimatiske forhold i Europa godt, noko som har gjort at den kan spreie seg meir effektivt enn dei stengel- og blautråtebakteriane vi har kjent til no. I tillegg treng den tilsynelatande lågare tal på bakterieceller for å gi infeksjon, seier ho.

IMG_3205.jpg
Angrep av stengelråte. Foto: Merete Wiken Dees, NIBIO.

Settepoteter

Den viktigaste smittekjelda til stengelråte er infiserte settepoteter med latent smitte, det vil seie ikkje-synlege infeksjonar. Då kan smitten vidareførast til neste år og – slik vi har sett i år -bryte ut dersom forholda ligg til rette for utvikling av stengelråte. 

Latent smitte kan også føre til utvikling av råte i lagringskasser dersom det oppstår anaerobe forhold (utan oksygen) i kassene ved dårlig ventilasjon eller ved at knollane er dekte av en vassfilm. 

- Særleg for settepotetprodusentane som produserer vidare for neste år, er dette helt kritisk, fordi det blir ei nedgradering av settepotetavlingane. Det betyr at dei får mindre pengar igjen for avlingane. Dette gjer også at næringa ikkje får nok friskt materiale å bruke. Vi er veldig bekymra i forhold til neste år, ettersom det ofte kan forverre seg over nokre år, seier Brurberg.

Befaring_stengelraate i Asterix 19aug2016_IMG_7179_BG.JPG
Fra venstre, Asbjørn Moen, Norgro, May Bente Brurberg, Simeon Rossman og Merete Wiken Dees fra NIBIO sammen med rådgiver Otto Sven fra NLR på befaring i åker. Foto:  Borghild Glorvigen, NLR.

Ikkje behandling

Det finst ikkje nokon kjente kjemiske eller biologiske metodar for behandling av stengelråte når den fyrst har etablert seg. Når eit settepotetparti fyrst er kontaminert, kan smitten spreie seg via maskinar og utstyr som blir brukt i samband med opptak, sortering og lagring i tillegg til spreiing med jordvatn. 

- Den viktigaste metoden er bruk av friske settepotetar, seier Brurberg. 

Seniorforskaren fortel at det finst nokre få potetsortar som er meir resistente og tåler meir, men ikkje nokon som er heilt resistente. 

Seniorforskaren trur eit av tiltaka ein må sjå på, er regelverket rundt settepoteter og kanskje gjere desse strengare. 

- Og så bør vi bytte ut settepotetene oftare. Men dette er eit produksjons- og kostnadsspørsmål, avsluttar Brurberg. 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.