Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg

DSC_0826

Seniorforskar May Bente Brurberg og forskar Merete Wiken Dees frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Foto: Siri Elise Dybdal.

Stengel- og blautråte fører til store tap for potetbønder i heile Europa. No har forskarar ved NIBIO funne enda ein ny og potensielt meir aggressiv blautråtebakterie i Noreg.

Sommaren 2016 var det store angrep av stengelråte i mange potetåkrar, særleg på Austlandet. Denne bakteriesjukdommen fører til visne planter i åkeren, som igjen kan gje angrep av  blautråte i knollane. 

Dei siste åra har det mange stader i verda blitt oppdaga nye arter av blautråtebakteriar, som har vore meir aggressive enn det ein har sett tidlegare. 

No har forskarar ved NIBIO oppdaga ein til no ikkje omtala art av blautråtebakterier (Pectobacterium polaris).

 

Meir aggressive artar

- Stengelråteproblema i Noreg har blitt større dei siste fem-ti åra. Nye og meir aggressive artar har kome til. Vi fekk for ei tid tilbake inn prøvar frå ein åker der det hadde vore eit spesielt kraftig angrep av blautråte. Frå desse prøvane isolerte vi ein til no ukjent art av blautråtebakterien, opplyser seniorforskar May Bente Brurberg frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).  

Ho fortel at bakterien mellom anna også er registrert i Nederland, men at det er fyrst no han har fått eit namn.

- Elles veit vi lite om han, og i kor stort omfang han er til stades i Noreg. Men ei årsak til at blautråte er så vanskeleg å nedkjempe, kan vere at det er eit større artsmangfald enn vi har vore klar over. Per i dag har vi ikkje god nok oversikt, og vi veit lite om kor vidt dei forskjellige bakteriane bør nedkjempast på same måten eller ulikt, påpeikar ho.

IMG_3205
Mørk stengelbasis er eit klassisk symptom på stengelråte. Foto: Merete Wiken Dees.

Friske settepoteter

Det finst ingen kjente kjemiske eller biologiske metodar for nedkjemping av blautråtebakteriane når dei fyrst har etablert seg. Difor er friskt, sertifisert settepotetmateriale eit av dei viktigaste tiltaka for å redusere sjukdommen. 

- Innhaldet av bakterien aukar per generasjon. Det tek minst fire-fem år med oppformering i felt før settepotetpartiet er klart for sal til mat- og industripotetprodusentane. Ofte tek det lenger tid. Det ville derfor vere gunstig å kutte ein generasjon, seier Merete Wiken Dees, forskar ved NIBIO.

Borghild Glorvigen, fagkoordinator på potet ved Norsk Landbruksrådgjeving (NLR), trur også at ein raskare utskifting av spesielt utsett materiale er viktig.

- Nokre sortar, som mellom anna Asterix, Lady Claire, Solist og Peik, er relativt mottakelege og det er ønskeleg med raskare utskifting, seier ho.

God hygiene

Ved handtering av knollar med blautråte kan smitte spreiast via maskiner og utstyr i samband med opptak, sortering og lagring - i tillegg til spreiing med jordvatn.

- Difor er det vesentleg med regelmessig reingjering og desinfeksjon av alt utstyr brukt i dyrking og lagerrom, seier Wiken Dees. 

Det er også viktig med god drenering, å unngå jordpakking, vere forsiktig med vatning og vere merksam på at bakterien trivst godt dersom det er søkk i åkeren der vatnet lett blir ståande etter kraftige regnskyll. Tilsynelatande friske settepoteter kan også vere ei utfordring fordi dei kan ha bakteriar, som er vanskeleg å oppdage og som kan gi latente infeksjonar. 

- Det krev skånsam behandling av knollane under opptak. Skadar på knollane fungerer som inngangsport for bakteriar. Det er også viktig med rask opptørking og styrt, jamn nedkjøling utan temperatursvingingar, for å unngå kondens, seier ho.

 

Usikkert i år

Glorvigen frå NLR er usikker på korleis sjukdomen vil påverke årets sesong. 

- Omfanget av blautråte varierer frå år til år. Vi er obs på at vi hadde blaute innhaustingsforhold i fjor, men no er det knakande bra ver rundt om i landet. Dersom det held fram og vi får gode spiringsforhold, vil det kanskje ikkje bli eit problem, trur ho.

 

KONTAKTPERSON
2-12-15.jpg
Blautråte og stengelråte

Blautråte og stengelråte vert forårsaka av bakteriar i slektene Pectobacterium og Dickeya.  Stengelråte utviklar seg vanlegvis frå råte i morknollen og karakteriserast av slimete, blaut råte ved stengelbasis. Kjenneteikn på blautråte er kremfarga til lys brun råte i knollane. Ein brun eller svart kant markerer ofte overgangen til friskt vev. Råta er svært illeluktande. Liknande råtesymptom kan også forårsakast av frost eller angrep av sekundærparasittar.

Nedkjemping

Blautråte og stengelråte kan ikkje nedkjempast med kjemiske middel, men ved ein del førebyggande tiltak kan mykje skade bli unngått.

* Drenere våte vekseplassar

* Bruke friske settepoteter

* Skånsam behandling under opptak, og opptak i tørt ver

* Sårheling og gode lagerforhold

* Reingjering av lagerrom og kasser etter endt lagring

DSC_0815_MGÜ.jpg
Forskar Merete Wiken Dees og seniorforskar May Bente Brurberg på laboratoriet til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Foto: Siri Elise Dybdal.
_MG_3851.jpg
Knollar med blautråteangrep frå navleenda. Foto: Merete Wiken Dees.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

The genus Pectobacterium, which belongs to the bacterial family Enterobacteriaceae, contains numerous species that cause soft rot diseases in a wide range of plants. The species Pectobacterium carotovorum is highly heterogeneous, indicating a need for re-evaluation and a better classification of the species. PacBio was used for sequencing of two soft-rot-causing bacterial strains (NIBIO1006T and NIBIO1392), initially identified as P. carotovorum strains by fatty acid analysis and sequencing of three housekeeping genes (dnaX, icdA and mdh). Their taxonomic relationship to other Pectobacterium species was determined and the distance from any described species within the genus Pectobacterium was less than 94% average nucleotide identity (ANI). Based on ANI, phylogenetic data and genome-to-genome distance, strains NIBIO1006T, NIBIO1392 and NCPPB3395 are suggested to represent a novel species of the genus Pectobacterium, for which the name Pectobacterium polaris sp. nov. is proposed. The type strain is NIBIO1006T (=DSM 105255T=NCPPB 4611T).