Hopp til hovedinnholdet

Korleis stoppe spreiing av farlege planteskadegjerarar?

gul PCN Bonsak Hammeraas

Potetcystenematode er døme på ein skadegjerarar som er vanskeleg å nedkjempe. Foto: Bonsak Hammeraas

Ugras, insekt, nematodar og sjukdomar kan gjere stor skade i jord- og hagebruksvekstar. Mange av desse skadegjerarane er også vanskelege og bli kvitt om dei fyrst får etablert seg. Nokre tiltak er sentrale for å hindre vidare spreiing.

Om du fyrst har fått skadegjerarar inn på jordet kan det vere eit svært tidkrevjande og kostbart arbeid å bli kvitt dei. Nokre er det faktisk neste umogleg å bli kvitt. Potetcystenematode (PCN) og hønsehirse er døme på skadegjerarar det er vanskeleg å nedkjempe. Så kva kan du gjere om åkeren blir angripe av farlege planteskadegjerarar – og korleis kan du unngå at dei spreiar seg vidare?

 

Førebygging avgrensar spreiing

- Førebyggjande og systematisk arbeid for å avgrense spreiing av farlege skadegjerarar kan spare næringa for store summar, seier Marit Skuterud Vennatrø, forskar ved NIBIO.

NIBIO har laga ein rettleiar som gir oversikt over tiltak som er sentrale for å hindre slik spreiing, både inn på eigendomen og mellom ulike skifte. Blant dei viktigaste tiltaka er godt vekstskifte, god vekst gjennom god agronomi og friskt/reint plantemateriale, og å unngå flytting av infisert jord.

Ei viktig forutsetning for å hindre spreiing er å kjenne statusen for ulike skadegjerarar i jorda. Men kva er eigentleg farlege skadegjerarar?

- Det omfattar ugras, insekt, nematodar eller sjukdomar som kan gjere stor skade i jord- og hagebruksvekstar, og som kan vere vanskeleg å nedkjempe om dei fyrst kjem inn. For ei rekkje skadegjerarar, mellom anna PCN, ringråte og floghavre, er det meldeplikt og eigne restriksjonar for oppfølging av funn. Dei blir difor omtala som karanteneskadegjerarar.

- For andre alvorlege skadegjerarar, som hønsehirse, svartsøtvier og begersøtvier, er det opp til dyrkarane å nedkjempe og hindre spreiing, forklarar Vennatrø.

Ho påpeikar at ein i tillegg må vere merksam på at eit endra klima kan gi rom for etablering av nye og potensielt farlege skadegjerar.

Traktor med last, Borghild.jpg
Reingjering av utstyret er med på å hindre spreiing av farlege skadegjerarar. Foto: Borghild Glorvigen, NLR

I jorda i 40 år

- Dei fleste farlege skadegjerarane følgjer med som blindpassasjerar, enten via plantemateriale eller med jord, kasser, maskiner og traktordekk. Den viktigaste reiskapen vi har for å unngå spreiing er å sørgje for at jord eller planter med mistenkt eller ukjend smittestatus ikkje kjem inn på «reine» driftseiningar og skifte.

Ei forutsetning for å få til dette er å vite kor skadegjerarane er:

- Skaff deg oversikt over status på all jorda du driv. Gløym ikkje leigd jord og jord du leigekøyrer. Openheit mellom seljar/kjøpar og utleiger/leigetakar er svært viktig for å få vite om farlege skadegjerarar er påvist på arealet tidlegare. Nokre farlege skadegjerarar overlever lenge i jorda, til dømes kvit PCN som kan overleve i opp mot 40 år utan vertsplante. Difor er all informasjon frå dei siste åra av interesse for deg, understrekar ho.

grøfting ukjent.jpg
Sørg for å ha gode avtaler på plass før arbeid med grøfting eller anna transport over jordet startar. Foto: Ukjent

Plikt å melde frå

Ifølgje NIBIO-forskaren er det viktig å hugse på at du har plikt til å melde frå ved mistanke om farlege skadegjerarar. Påvising på eit tidleg tidspunkt er avgjerande for å hindre spreiing.

- Ta kontakt med din rådgjevar dersom du oppdagar symptom i åkeren. Send inn jord- eller planteprøver til analyse for å finne årsaka til skaden. Analyseresultata vil hjelpe deg å planleggje eit godt vekstskifte for vidare drift.

Det er også viktig at du informer alle samarbeidspartnarar dersom det er påvist farlege skadegjerarar på jorda du driv, seier Vennatrø.

091012_Drengestue jordsøl 012.jpg
Fjerning av jord frå maskiner og utstyr er utfordrande og arbeidskrevjande, men naudsynt  Foto: Borghild Glovigen, NLR

Unngå flytting av smitta jord

Fjerning av jord frå maskiner og utstyr er utfordrande og arbeidskrevjande, men naudsynt:

- Dette er med på å redusere risiko for spreiing. Du må ta naudsynte førehandsreglar dersom du må transportere maskiner eller avling mellom eigendomar. Dersom det er påvist farlege skadegjerar på eit skifte, vil det alltid vere risiko for at smitten følgjer med jord på maskiner eller avling.

Ho påpeiker og at ny-innkjøp av brukt utstyr krev god reingjering og helst desinfisering før overtagelse.

- Reingjering av utstyr er ein effektiv måte å hindre spreiing av farlege skadegjerarar. Enkel reingjering er betre enn ingen reingjering.

Det er også vesentleg å unngå flytting av jord og sørge for sikker handtering og destruering av jord og skada eller roten avling som inneheld farlege skadegjerar.

 

Alle må bruke friskt plantemateriale

Ein annan viktig faktor for å stoppe skadegjerarane er å bruke sertifisert plantemateriale i heile vekstskiftet:

- Då er du sikker på at knollar, stiklingar, såfrø eller småplanter er friske når du skal setje, så eller plante.

- Eit godt vekstskifte gjer det lettare å redusere smittepresset og nedkjempe ulike skadegjerarar. Vekstskifte vil redusere smittepresset frå nematodar, sopp og bakteriar ved at vertsplanter blir fjerna. Ho forklarar at du bør planleggje eit variert vekstskifte ut frå dei moglegheitene og avgrensingane du har.

- Med god planlegging og eit gjennomtenkt vekstskifte kan ein faktisk leve med farlege skadegjerarar. Men lær deg det grunnleggjande om dei skadegjerarane som er aktuelle for ditt driftsopplegg. Kunnskap om vertsplanter, risiko for spreiing og overleving vil hjelpe deg å planleggje vekstskifte og drift for å handtere skadegjeraren framover, avsluttar Vennatrø.

2-12-15.jpg
2 Potet felt-PCN2 ukjent.jpg
Det er viktig å kunne kjenne igjen viktige ugras som floghavre og hønsehirse. I tillegg bør ein kunne gjenkjenne typiske symptom som PCN forårsakar i åkeren. Foto: Ukjent
NY settepotet høsting.jpg
Sertifiserte plantemateriale inneheld ikkje smitte av farlige planteskadegjerarar. Foto: Hans Arne Krogsti, StrandUnikorn
IMG_20191015_100750.jpg
Analyse av jordprøver gir svar på kva slags skadegjerarar som er i jorda. Foto: Marit Skuterud Vennatrø, NIBIO
Settepoteter Leif Arne Holme'.png
Ein viktig faktor for å stoppe skadegjerarane er sertifisert plantemateriale i heile vekstskiftet. Foto: Leif Arne Holme
Hønsehirse i gulrotfelt_IMG_5997.jpg
Hønsehirse i gulrotfelt. Foto: Borghild Glorvigen, NLR
ef-20080428-133643.jpg
Lys ringråte. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Bekjemping av etablerte planteskadegjørere er tidkrevende og kostbart. Forebyggende og systematisk arbeid for å begrense spredningen av farlige skadegjørere kan spare næringa for store summer. Denne veilederen gir oversikt over tiltak som er sentrale for å hindre slik spredning, både inn på eiendommen og mellom ulike skifter. Blant de viktigste tiltakene er godt vekstskifte, god vekst gjennom god agronomi og friskt/rent plantemateriale, og å unngå flytting av infisert jord. En viktig forutsetning for å hindre spredning er å kjenne status for ulike skadegjørere i jorda.