Hopp til hovedinnholdet

Førekomst av plantevernmiddel i vatn i område med frukt- og bærproduksjon

IMG_8694_cropped

Roger Holten, forskar ved NIBIO, leier prosjektet som skal sjå på transporten av plantevernmiddel frå jord til vassmiljø i område med frukt- og bærproduksjon. Foto: Siri Elise Dybdal

Forskarar ved NIBIO granskar førekomst og mogelege verknader av plantevernmiddel i område med frukt- og bærproduksjon i Hardanger. Målet er å kunne gi gode råd for berekraftig praksis.

Område med produksjon av frukt og bær har vore lite undersøkt med omsyn til transport av ulike plantevernmidlar frå jord til vassmiljø. Det løpande programmet for jord- og vassovervaking i landbruket (JOVA) omfattar førebels ikkje overvakingsområde som er dominert av frukt- og bærproduksjon.

I 2019-2021 undersøkte NIBIO behovet for overvaking av slike område og konkluderte med at det trengs ein meir detaljert studie.

I eit prosjekt som hadde oppstart i Ullensvang, Hardanger i 2023, ser forskarane no nærare på kor plantevernmidlar finst, korleis dei blir transportert, og kva slags verknader dei kan ha. Målet er å kunna gje konkrete råd om berekraftig bruk av plantevernmidlar, og eventuelt vurdere ei større overvaking.

Forskarane tek dette i dette prosjektet vassprøver og måler innhaldet av plantevernmiddel. Målingane av plantevernmiddel skal supplerast med  undersøkingar av andre variablar i vassmiljøet, som for eksempel pH, og leiingsevne. Foto: Lisa Karine Haugland
Forskarane tek i dette prosjektet vassprøver og måler innhaldet av plantevernmiddel. Målingane av plantevernmiddel skal supplerast med undersøkingar av andre variablar i vassmiljøet, som for eksempel pH, og leiingsevne. Foto: Lisa Karine Haugland

 

Ulike variablar

– I dette prosjektet tek vi vassprøver og måler innhaldet av plantevernmiddel på tre ulike måtar. Dette har vi gjort for å få eit breiare og betre bilete av situasjonen enn den innleiande kartlegginga vi gjorde for nokre år sidan som var basert på stikkprøver, fortel Roger Holten, prosjektleiar og forskar ved NIBIO.

Målingane av plantevernmiddel skal supplerast med  undersøkingar av andre variablar i vassmiljøet, som for eksempel pH, og leiingsevne. I tillegg gjer forskarane biologiske undersøkingar av fleire ulike grupper av vasslevande organismar i bekkane.

– Vi fokuserer på undersøking av botndyr, mikro- og makroalgar for å få ein økologisk status på desse og vurdere funna opp mot ulike indeksar for vasskvalitet.

Holten fortel at prøvetaking for å granske botndyr blir gjort ved å ta prøvar om våren og hausten frå to bekkar – både på plassar der forskarane forventar det kan vere påverknad og ikkje.

– Tilsvarande har vi prøvetaking av algar ein gong per sesong.

Prøvetaking for å granske botndyr blir gjort ved å ta prøvar om våren og hausten frå bekkane – både på plassar der forskarane forventar det kan vere påverknad og ikkje. Foto: Lisa Karine Haugland
Prøvetaking for å granske botndyr blir gjort ved å ta prøvar om våren og hausten frå bekkane – både på plassar der forskarane forventar det kan vere påverknad og ikkje. Foto: Lisa Karine Haugland

 

Resultat frå 2023

NIBIO-forskaren seier at resultata frå kartleggingsarbeidet i 2019-2021 ikkje gav nokon indikasjonar på at førekomsten av plantevernmiddel i vassmiljøet er større i fruktproduksjonsområde enn i andre typar produksjonar i Norge. Dette er samanlikna med den kontinuerlege overvakinga i JOVA-programmet.

– Resultata frå denne undersøkinga skil seg frå det generelle bildet i JOVA-overvakinga gjennom at det er andre plantevernmiddel som dominerer. Fleire av midla som er funne i dei utvalde bekkene er knytt til fruktproduksjon, og blir ikkje funne i JOVA-programmet. Der er biletet dominert av mykje brukte og meir mobile middel som er godkjende for bruk i dei store arealkrevjande kulturane.

– Vidare skil sprøytepraksis og -utstyr i frukt- og bærdyrking seg tydeleg frå dei store produksjonane som er dominerande i dagens overvakingsresultat i JOVA-programmet, påpeikar han.

Holten fortel at dei gjorde fleire interessante funn av plantevernmiddel og metabolittar i fjor.

– Vi har påvist meir med dagsprøver i 2023 enn vi gjorde med stikkprøvetaking i 2020/21​, men det er lave funnkonsentrasjonar i bekkane. Det var berre eitt funn av eit soppmiddel over drikkevatn-grensa i ein av bekkane ei veke i mai, fortel han og legg til at dette er godt nytt for produsentane.

 

Nyttig for produsentane

Ifølgje NIBIO-forskaren skal prøvetakinga fortsette i 2024. Resultata frå undersøkinga vil vere av stor nytte for næringa:

– Granskinga vil gje kunnskap om variasjonsbreidda i førekomst av plantevernmiddelkonsentrasjonar og biologiske parametrar i vassmiljø. Ho vil også gje ei oversikt over dei viktigaste transportprosessane for plantevernmiddel i slike område, med fokus på bratte areal med mykje nedbør som ein reknar å vere ei «worst case tilnærming», seier han.

Resultata vil gjere det mogleg å vurdere aktuelle tiltak for å redusere risikoen for avrenning slik at ein kan sikre berekraftig bruk av plantevernmiddel utan for stor risiko for avrenning til vatn.

– Dette vil være av stor nytte for ei næring der tilgangen på godkjente middel er låg. Det er viktig å sikre ein vidare moglegheit for bruk, samstundes som ein sikrar eit godt jord- og vassmiljø, avsluttar forskaren.

Fakta

Prosjektet "Plantevernmidlar i vassmiljø i fruktdyrkingsområde og påverknad på biologiske parameter: Pilotstudie for overvaking og tiltaksfokusert oppfølging av kartlegging gjennomført 2019-2021" er finansiert av Landbruksdirektoratet gjennom ”Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmidlar (2021-2025)”.

Prosjektet blir supplert av to andre handlingsplanprosjekt med tanke på det heilskaplege biletet av plantevernmidlar i fruktdyrkingsområde og effektane dette kan ha på miljøet; ”Kobber i jord og sediment i fruktdyrkingsområde og effekten på jordhelsa” og ”Plantevernmidlar i kantsone og eksponering av nytteinsekt”.

NIBIO-forskaren seier at resultata frå kartleggingsarbeidet i 2019-2021 ikkje gav nokon indikasjonar på at førekomsten av plantevernmiddel i vassmiljøet i fruktproduksjonsområde er større enn i andre typar produksjonar i Noreg. Foto: Lisa Karine Haugland
NIBIO-forskaren seier at resultata frå kartleggingsarbeidet i 2019-2021 ikkje gav nokon indikasjonar på at førekomsten av plantevernmiddel i vassmiljøet i fruktproduksjonsområde er større enn i andre typar produksjonar i Noreg. Foto: Lisa Karine Haugland
Forskarane har påvist meir plantevernmiddel med dagsprøver i 2023 enn dei gjorde med stikkprøvetaking i 2020/21, men det er lave funnkonsentrasjonar i bekkane. Foto: Marit Almvik
Forskarane har påvist meir plantevernmiddel med dagsprøver i 2023 enn dei gjorde med stikkprøvetaking i 2020/21, men det er lave funnkonsentrasjonar i bekkane. Foto: Marit Almvik

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.