Fangvekstar og plantehakk gjev miljøgevinst i grønsakproduksjonen

Fangvekster klippe prøver

Bruken av fangvekstar i landbruket har hatt aukande interesse dei siste åra. Fangvekstar er brukt til å dekke jorda etter at hovudkulturen er hausta for å ta opp næringsstoff og beskytte jorda mot erosjon og utvasking. Foto: NIBIO.

Fangvekstar og plantehakk i grønsaksproduksjonen kan vere med på å halde tilbake næringsstoff i jorda, forbetre jordstrukturen, dempe ugras og redusere klimagassutslepp. Det viser forsøk ved NIBIO Apelsvoll.

Bruken av fangvekstar i landbruket har hatt aukande interesse dei siste åra. Fangvekstar er brukt til å dekke jorda etter at hovudkulturen er hausta for å ta opp næringsstoff og beskytte jorda mot erosjon og utvasking. Fangvekstar har særleg vore brukt som eit tiltak i kornproduksjon, men også i grønsaksdyrking er dette eit tiltak med mange gevinstar.

Ved NIBIO har forskarar gjort fleire forsøk med fangvekstar i kombinasjon med plantehakk i grønsaksproduksjon. Resultata så langt er positive Fordelane ved å dyrke fangvekstar, etter eller saman med grønsaker, er at dei er med på å hindre erosjon og næringsavrenning etter hausting og dei konkurrerer ut ugras. Eit slikt plantedekkje tek dessutan opp næring og bind det i jorda. I tillegg kan fangvekstar ha ein klimaeffekt ved at den bidrar til auka karbonbinding, betre jordstruktur og meir organisk materiale i jorda.

bilde.jpg
Fangvekster etter ulike jordarbeidinger, til høyre årets sesong og til venstre lagt til rette for neste års sesong. Feltet er anlagt etter tidlig gulrot. Foto: NIBIO.

Fleire prosjekt på grønsaker

-Fangvekstar gjer at ein får stabilt fruktbare og berekraftige jordforhold. Eit anna aspekt er at ein god fangvekst kan dempe vekst av ugras, ikkje minst vår og haust, seier Mette Thomsen, forskar ved NIBIO Apelsvoll.

Når det gjeld fangvekstar i grønsaker, fortel Thomsen at dei på Apelsvoll har to prosjekt med fokus på berekraftig grønsaksproduksjon. Alternativ som gjev tilbakehalding av næringsstoff og karbonbinding er viktige aspekt.

-I det eine prosjektet undersøker vi reint praktisk korleis etablere fangvekstar i store nok kulturar. Dette er eit samarbeid med Norges landbruksrådgiving (NLR) i mellom anna brokkoliproduksjon. Vi ønskjer å sjå korleis dei utviklar seg, konkurrerer med ugras og påverkar produksjonen, seier ho.

Ein faktor som er veldig viktig er tidspunktet for etablering. Dette avhenger av kor du er i landet, seier Thomsen:

-I det andre prosjektet ser vi også på val av fangvekstar, enkeltartar og korleis dei kan etablere seg etter ulike kulturar og ved ulike tidspunkt. Vi har undersøkingar i blomkål, tidleg gulrot, løk og potet. Tilbakehalding av næring er også eit viktig moment. I kålvekstar, til dømes, er det mykje plantemateriale og mykje næringsstoff som kan bli utvaska. Vi vil sjå på kva slags fangvekstar samlar mest næringsstoff i jorda i løpet av hausten.

-Vi ser også på om fangvekstar kan forbetre jordstrukturen. I grønsaker er det mykje hardhendt jordarbeiding som knuser jorda hardt. Kan vi redusere skadane frå jord arbeiding om vi sår inn fangvekstar? Spør ho.

I tillegg har forskarane forsøk med plantehakk, der ein tek ei graskløverblanding og legg ut i økologisk åkerkultur med purre.

-Det som er interessant her er om vi kan tilføre næringsstoff til økologisk drift og kor mykje vi kan tilføre i en produksjon. Vi ønskjer svar på om dette kan erstatte tradisjonell gjødsel og dempe ugras.

Mulch_halm.jpg
Ved NIBIO har forskarar gjort fleire forsøk med fangvekstar i kombinasjon med plantehakk i grønsaksproduksjon. Foto: NIBIO.

Såtidspunkt er viktig

For fangvekstar viser forsøka så langt at det er utslag på såtid på Apelsvoll.

-Seinsåing i midten av august er ein tommelfingerregel for å etablere fangvekstar her i området. Men vi ser også at dei ulike artene konkurrerer ulikt mot ugras; det er ulikheiter i kor tett og rask produksjonen av fangvekstane er. Artane tilbakeheld også ulike næringsstoff, fortel Thomsen.

-Når det gjeld honningurt er det veldig gode resultat. Også med sikori - vi ser at den gjev svært godt dekke i dei fleste forsøksområda, men sikori er litt meir avhengig av såtidspunkt på Apelsvoll. Av dei sortane vi har undersøkt ser vi ein tendens til at rug i fleire undersøkingar heldt tilbake mest nitrogen, opplyser ho.

Når det gjeld plantehakk har dette ifølgje NIBIO-forskaren vore svært gunstig i produksjonen av purre:

-Dei foreløpige resultata viser at plantehakk har god effekt mot ugras, og i våre undersøkingar har plantehakk gjeve rikeleg med næring til purre. Tendensen er at plantehakket har gjeve like god vekst som tilførsel av pelletert hønsegjødsel. For å redusere risikoen for å miste mykje næringsstoff frå plantehakket ser vi også på om eit dekkje med halm kan binde nitrogenet.

Thomsen fortel at forskarane også har oppdaga ein ekstra fordel med plantehakk:

-Noko vi også såg i feltet var at plantehakk kan forlenge hausteperioden til ut på vinteren. Plantehakk held nemleg jorda frostfri. Dette er eit aspekt vi ikkje hadde tenkt på. Når det gjeld purre toler den kuldegrader ganske godt, men det går jo ikkje ann å hauste dersom jorda er frossen. Brukar ein plantehakk 2-3 gonger, kan dette ha veldig god effekt mot ugras, avsluttar ho.

KONTAKTPERSON
12-13.jpg
Fangvekstar

Fangvekstar er planter som dyrkast etter eller saman med eittårige vekstar for å hindre overflateavrenning, erosjon og nitratutvasking. Fangvekstane gjer at jorda er dekka av vegetasjon ein lengre periode av året, fordi dei fortset å vekse etter at hovudkulturen er hausta inn. Fangvekstane tek opp næring og bind jorda, og hindrar på den måten avrenning og utvasking av næringsstoff i jorda.

Kilde: Store norske leksikon.

mette2.jpg
- Fangvekstar gjer at ein får stabilt fruktbare og berekraftige jordforhold. Eit anna aspekt er at ein god fangvekst kan dempe vekst av ugras, ikkje minst om vår og haust, seier Mette Thomsen, forskar ved NIBIO i Apelsvoll. Foto: NIBIO.
Finansiering

Forsøka med fangvekstar i kombinasjon med plantehakk i grønsaksproduksjon, er finansiert gjennom Grofondet og Kunnskapsutviklingsmidlar.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.