Hopp til hovedinnholdet

Eit levande bibliotek av gamle sauerasar

IMG_E6575

Historia fortel at den siste grå trøndersauen blei redda frå slaktebilen i Telemark i 1992. I dag finst rundt 2000 søyer av rasen som er kjend for å ha ‘særs fin ull.’ Arve Bakkedal har ein flokk på vel 40 på garden Strandnes i Rogaland. Foto: Kjersti Kildahl

Dei bevaringsverdige norske sauerasane seglar i medvind for tida. Ingen av dei er lenger kritisk trua. Ein som har bidratt til framgangen, er den saueglade bonden Arve Bakkedal frå Vindafjord.

Arve Bakkedal er gardbrukar i Vindafjord kommune, nordvest i Rogaland. Akkurat når interessa for gamle sauerasar melde seg, veit han ikkje. Men ‘alltid’ verkar å vere dekkande.

I dag har Bakkedal elleve av dei tolv nasjonale sauerasane i sitt «bibliotek». Fem av dei er bevaringsverdige. Vi har seks slike  sauerasar i Noreg: blæset, dala, fuglestadbrogete, grå trønder, rygja og steigar.

Gardsdrifta elles er mjølkeproduksjon og svin, med ein mjølkekvote på 140 000 liter og rundt 750 slaktegris årleg. Sonen har no overtatt denne drifta, men vi får inntrykk av at far er ein aktiv assistent.

Samlar på særpreg

– Frå eg tok over garden heime på Strandnes i 1984 har eg samla og avla på dei bevaringsverdige sauerasane.

På den tida drog han til Stavanger på haustmarknad og handla ‘blæser’ og fuglestadbrokete sau.

I 1996 førte skrapesjuke i nærområdet til at Bakkedal frivillig slakta ned heile sauebesetninga si og måtte starte på nytt.

– Eg begynte da med nokre steigarsau og dalasau som eg fekk frå Nord-Noreg. I flokken kom det og eit par lam med voldsomt fuglestadbrogete preg. Då pitla eg ut desse for å avle vidare på.

Han inseminerte dei med sæd frå ein rein fuglestadbrogete vêr. Avkomet vart da ‘halvblanda.’ I neste ledd vart lamma tre-kvart reine. For å bli gyldig som reinrasa, må sauen vere 87,5 prosent rein.

Bakkedal har bygd opp fleire av flokkane sine med ulike rasar på denne måten: Lam med særtrekk frå andre rasar enn opphavet sitt blir plukka ut for å avle fram det genetiske rasepreget dei er berarar av. Det skjer gjennom fleire generasjonsledd og tilgang på sæd frå reinrasa vêrar.

– Sæd bestiller eg frå genbanken på Staur om ikkje ein passande vêr finst i rimeleg geografisk avstand. Det gjer dei som regel ikkje for dei bevaringsverdige, eller ‘smale,’ rasane.

Mange av sauene til Bakkedal har stamtavler tilbake til nullpunktet i 1996 – 97.  

DSCF1572.JPG
Lamma til grå trøndersau blir fødde med mørk, nesten svart, ull som blir lysare etterkvart. Rasen er kjend for ‘særs fin ull.’ Eit anna rasetrekk er ein lys drope under kvart auge, tydeleg å sjå på søya her. Foto: Kjersti Kildahl

Motivert av mangfald

Tidleg på 2000-talet blei ein norsk kvit vêr, eigd av naboen til Bakkedal, far til to grå trøndersau lam. Kjøpet av desse to vart starten på Bakkedal sin avl på grå trøndersau:   

– I vinter hadde eg 15 vinterfôra. Eit par-tre søyer vart inseminert med ‘friske gener’ via genbanken; rundt ti vart para med eigen reinrasa vêr. I vår kom 28 lam.

– Dei har så godt flokkinstinkt trøndersauane. Det gjer det enklare å ha dei på fjellbeite med tilsyn og sanking. Og dei gir god slaktevekt, oftast rundt 40 kilo ‘pluss’ i livvekt, men nokre gonger fleire kilo meir. Dessutan er dei så fine!

Det seier han om mange. Favoritten blant dei alle er blæse-sauen. Den er og ‘så fin.’

– Dei er og gode mødre, lemmar lett og tar godt vare på lamma sine.

Bakkedal viser rundt på garden, frå stykkje til stykkje, flokk til flokk. Sauene held seg gjerne med sine eigne. Det er tydeleg han synest det er spennande med dyra sine særpreg; korleis dei er ulike i kropp, fargar og lynne. Kor kjem motivasjonen hans frå? 

– Eg synest berre det er så kjekt med variasjonen. Det ville vore kjedeleg om alle var like. Eg likar at dei er ulike, kan du sei’.

– Dessutan er vi jo oppfordra frå øvste landbruksmyndigheit til å ta vare mangfaldet og dei gamle sauerasane. Så då gjer eg mitt på denne måten. Det er viktig og meiningsfylt.

IMG_6696.JPG
År for år, rase for rase, fører saueeigar Bakkedal inn nummer på morsau (søye) og far (ver), dato for inseminering/paring og talet på lam pluss nummer. Alle data blir melde inn i registra til Sauekontrollen. Foto: Kjersti Kildahl

«Kunne nok gjort meir»

Når det gjeld økonomien i sauehaldet, svarar Bakkedal meir flytande. Han lar skribenten forstå at det ikkje er fortenesta som er drivkrafta.

– Du veit, kostnadene, dei er i takt med tida, men inntektene ligg langt tilbake. Som til dømes leveringsprisane for sau og lam til slakt.

 – Kanskje kunne eg gjort meir for å hente ut inntekt på ulla ved å levere sortert ull direkte til spinneri eller andre frittståande aktørar, men eg leverer alt til Nortura. Så tar dei seg av vidare sal og distribusjon.  

Om han er heldig, går klippekostnaden i null mot ullinntekta. Oftast landar reknestykket i minus. For moro skyld tar han nokre skinn tilbake av den grå trøndersauen for privat sal.

  – Slakt og kjøtsal tar slakteriet Fatland i Ølen seg av. Eg har vald det slik heller enn å ta heim kjøt for sal frå garden slik enkelte gjer.

Best inntekt får han frå sal av livdyr. Det blir nokre ti-tals kvart år. Rekna i kilopris, kan han få dobbelt så mykje for desse som for sal til slakt. Etterspørselen etter dei bevaringsverdige rasane er god, spesielt etter blæset sau og fuglestadbrogete sau som begge har røter i Rogaland.

Snart skal flokkane reise på sommarbeite i fjelltraktene rundt Røldal, 900 – 1400 m o h. Kring 300 sauer blir sleppte i dette området, truleg innan St. Hans. 

IMG_6689.JPG
Seks av dei elleve rasane i Bakkedal sitt ‘bibliotek’ er ikkje rekna som bevaringsverdige. Blant dei er villsauer og farga spælsau som vi ser nokre av her. Desse held til på lokale utmarksbeite nær heimegarden. Foto: Kjersti Kildahl

Positiv trend

Frå fagleg hald kan Anna Holene i Norsk genressurssenter, NIBIO, bekrefte at dei norske bevaringsverdige husdyra er ‘på fram’.

I 2017 blei produksjonstilskot til bevaringsverdige husdyrrasar utvida til å omfatte også bevaringsverdige sauerasar i tillegg til kystgeit, fjordhest, dølahest og nordlandshest/lyngshest. Årsstøtten var på 310 kroner per sau i 2019.

  – Erfaringane etter fire år med tilskotet er positiv populasjonsutvikling for alle rasane.

Frå å vere ‘kritisk trua’ for berre få år sidan, som grå trøndersau og steigarsau, er alle rasane no ute av den kritiske faresona.

  – For å kunne måle effekten av tilskotsordninga, treng vi å følgje utviklinga. Frå 2015 har vi no gjennom Sauekontrollen fått meir solide tal å støtte oss på og til dømes vise ein graf som nedanfor.

Holene seier raselaga har gjort eit stort arbeid med å få på plass eit godt system for informasjonsflyt, rasevurdering og registrering av rasegodkjente søyer sidan 2011 da statlege midlar vart avsett til føremålet.

Ho legg til at det framleis er viktig å samle meir kunnskap om nasjonale rasar for å bidra til at den positive trenden held fram:

  – Større innsikt i raseeigenskapar for alt frå ull og kjøtkvalitet, til korleis dei beiter, lemmar eller er som flokkdyr, kan tryggje grunnlaget for nye som ønskjer å gå i gang med desse sauerasane.

figursaueraser.png
Grafen viser rasegodkjende søyer av dei norske sauerasane dala, rygja, steigar, grå trønder, fuglestadbrogete og blæset.
DSCF1607_cropped.jpg
Sauebonden Arve Bakkedal har samla og avla på bevaringsverdige sauerasar sidan 1984. I tillegg har han andre rasar, til saman elleve ulike. Foto: Kjersti Kildahl
DSCF1586.JPG
I vår fekk 12 søyer av grå trøndersau 28 lam på Strandnes. Rasen grå trøndersau oppstod da den gamalnorske sauen blei kryssa med tautersauen som i dag er utdøydd.
Bevaringsverdige husdyrrasar Temaartiklar om sau
TRUA HUSDYRRASAR

Noreg har 39 nasjonale husdyrrasar fordelt på ti artar. Av dei 39, er 28 rekna som bevaringsverdige, dvs. at dei er trua eller kritisk trua. For storfe, sau, geit og hest blir det gitt produksjonstilskot til 16 nasjonale rasar. 

 

NASJONALE SAUERASAR

I Noreg er seks sauerasar rekna som nasjonale og trua: blæset sau, dalasau, fuglestadbrogete sau, grå trøndersau, rygjasau og steigarsau.

Gamalnorsk spælsau, gamalnorsk sau og Norsk pelssau er og nasjonale rasar, men dei er ikkje sårbare eller trua.

Kjelde: Nøkkeltall fra Norsk genressurssenter 2019

DSCF1636_cropped.jpg
Fuglestadbrogete sau er ein høgstilt, langhala og lett type sau. Lik i størrelse på norsk kvit sau. Botnfarge på hovud og føter skal vere kvit, med svarte felt/flekkar som varierer frå prikkar til heilt svart. Derfor blir han kalla ‘brokut’, eller ‘broget’, og har namnet fuglestadbrogete sau. Foto: Kjersti Kildahl
DSCF1641_cropped.jpg
Blæset sau er lett gjenkjenneleg med kvitt bles – derfor namnet – og kvite sokkar. Dyra skal og ha kvit haletipp. Lamma er svarte, men når dei blir eldre får dei eit brunt, nokre gonger grått skjær. I dag er dei fleste dyra av blæset i Rogaland, men også i Agder og andre stader finnes det flokker med blæset sau. Foto: Kjersti Kildahl
Staur gard

Staur er ein storgard i Stange kommune ved Mjøsa. Garden er på 988 dekar, med 893 dekar dyrka mark og blir driven som forsøksgard for gras, korn, potet og jordbær. Garden omfattar og ein testingsstasjon for kjøtfe og er seminstasjon for sau – med 400seminvêrar. 

Ein seminvêr er ein hannsau som er tatt inn til genbanken på Staur, er opphavsgranska og godkjend for avl. På Staur blir vêrane tappa for sæd som blir fryst ned og sendt til besetningar rundt i landet. Noko av sæden blir langtidslagra som ei sikring for framtida.

IMG_6739.JPG
Katalog full av potensielle fedre. I Norsk sau og geit sin katalog over kvalifiserte seminvêrar finn Bakkedal vêrar som er interessante for hans søyer. Nedfrosen sæd kjem frå genbanken på Staur.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Rapporten gir status for husdyrrasene som er med i Produksjonstilskudd for bevaringsverdige husdyrraser. Rapporten trekker fram aktuelle problemstillinger for utviklingen av disse rasene. Alle de aktuelle rasene viser en økende trend, samtidig som hver art har ulike problemstillinger som det kan være aktuelt å få mer kunnskap om for å opprettholde den positive trenden.

To document

Abstract

Rapporten gir oversikt over status for bevaringsverdige husdyr, skogtrær og kulturplanter i Norge for 2019. Sentrale begreper i genressursarbeidet for husdyr, planter og skogtrær er definert og forklart. For de bevaringsverdige husdyrrasene viser rapporten utviklingen over flere år for storfe, sau, kystgeit og hest og utviklingen av roduksjonstilskuddsordningen for bevaringsverdige husdyrraser. Det er drøyt 30 arter av naturlig hjemmehørende skogtrær i Norge. Rapporten gir oversikt over hva vi har av informasjon om deres genetiske diversitet og bevaringsbehov samt bruk. Flere av disse artene finnes i ulike evaringsområder spredd over hele landet. Bevaring av vegetativt formerte plantegenetiske ressurser skjer i feltgenbanker i såkalte klonarkiv. Rapporten viser hvor disse ligger i landet og hva som er bevart i slike klonarkiv. Rapporten viser også bruksomfanget av norsk plantemateriale, enten det er nyutviklede sorter i kommersiell bruk eller sorter som er hentet fra ulike genbanker.