Hopp til hovedinnholdet

Overskot av gjødsel: Ressursar på avvegar

Gjødselnedfelling reduserer lukt og unødig utslepp_Foto Svein Skøien_ 20080613_07_34_11

Gjødselnedfelling gjennom stripespreiing reduserer lukt og gir mindre unødige utslepp av næringsstoff. Foto: Svein Skøien

Gjødsel er bondes gull, men kan og vere ei utfordring for samfunnet. Næringsstoff som hamnar på feil stad og hopar seg opp i naturen skapar miljøproblem. Derfor har vi eit gjødselregelverk. Det skal no reviderast.

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) har NIBIO vurdert ulike sider ved 2018-forslaget til nytt gjødselregelverk. Forslaget utløyste behov for meir kunnskap, noko dei nye utgreiingane frå NIBIO skal bøte på. Ein samla rapport vart nyleg overlevert LMD for å inngå i vidare arbeid med gjødselregelverket.

Førsteslåtten er snart berga_nordsida av Hardangerfjorden_Vestland_11juni2019_Foto Kjersti Kildahl.JPG
Forskjellar i geografiske og agronomiske forhold gir ulike behov for næring gjennom vekstsesongen. Det påverkar avsetninga av husdyrgjødsel og taler for eit differensiert regelverk. Foto: Kjersti Kildahl

Ressurs eller avfall? Ja, begge deler

NIBIO har vurdert samfunnsøkonomien i å handtere auka gjødseloverskot best mogleg og mest mogleg effektivt. Spørsmåla har vore mange og kompliserte. Det bekreftar prosjektleiar Anna Landrø Hjelt:

– I det store bildet handlar det om å unngå å belaste naturen med unødvendige næringsstoff. Forureina vatn, algeoppblomstring og skipla økosystem er dessverre kjende konsekvensar av uønska utslepp frå jordbruk. Samtidig er desse næringsstoffa ressursar på avvegar.

Det handlar om biologi, agronomi og organisk kjemi – om jordsmonnet sin evne til å absorbere eller kvitte seg med næringsstoff. Ressursutnytting kontra tåleevne.

– Husdyrmøkk er ein verdfull del av jordbruket vårt og samtidig ei utfordring når det hopar seg opp. Da blir det som med anna avfall, eit spørsmål om effektiv og miljømessig skånsam handtering, kommenterer ho.

Anna Landtrø Hjelt_1_foto Kjersti Kildahl.docx.jpg
RådgjevarAnna Landtrø Hjelt. Foto: Kjersti Kildahl

Spørsmål til vurdering

Å kunne nytte husdyrgjødsla mest mogleg nær drifta er viktig. Derfor er transport av gjødsel ein vesentleg faktor i dei nye utgreiingane knytt til endringane i gjødselregelverket. Andre sentrale delar er konsekvensar av skjerpa krav til spreieareal og endra maks-grenser for tillatt spreidd fosformengd.

– Vi har berekna kor stort gjødseloverskotet vil bli etter nye krav, vurdert nytte og kostnader ved ulik handtering, og sett på effektar av å ha krav som er geografisk differensierte, seier prosjektleiaren. 

– Det er for eksempel store forskjellar i å drive jordbruk i Rogaland samanlikna med lengre nord i landet. Meir fosfor vil bli tatt opp som næring der ein i sesongen klarar tre grasslåttar i staden for ein eller to, for å seie det enkelt. Dermed kan det vere grunnlag for ulike krav som tar omsyn til forskjellar i  geografiske og agronomiske forhold.

Foreslåtte innstrammingar av spreietidspunkt er også drøfta, med vurderingar av når på året og i sesongen gjødslinga har mest næringseffekt og minst utsleppsrisiko.

I tillegg omfattar utgreiinga kunnskap om korleis gjødselproblematikk blir handtert innan EU-land som er rekna som samanliknbare med norske forhold. Oversikt over alternative løysingar for handtering av overskotsgjødsel er og inkludert.

Husdyr og gras og gjødsel_heilag trekant_Jæren_Rogaland_Foto Kjersti Kildahlkki-20190804-130747.jpg
Rogaland er einaste fylke som vil få eit netto gjødseloverskot når ein legg til grunn foreslåtte nye krav til maksimal tilførsel av husdyrgjødsel. Bildet er frå Jæren. Foto: Kjersti Kildahl

Effekten av innstramming

I forslaget til endra forskrift om gjødselbruk legg Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet fram ulike krav til «spredemengde.» Det betyr ulike grenser for tillatt mengd fosfor per dekar jordbruksareal. Begge direktorat ønskjer strammare krav for tilførsel av husdyrgjødsel, noko som gir auka behov for spreieareal.  

Landbruksdirektoratet foreslår ei gradvis nedtrapping frå dagens grense på 3,5 kilo fosfor per dekar til 3,0 kilo innan 5-7 år og deretter ned til 2,5 kilo innan dei neste 10 åra.

Miljødirektoratet ønskjer sterkare reduksjon av fosfortilførsel for betre utnytting av fosforressursen og foreslår ei maksimumsgrense på 2,1 kilo fosfor per dekar.

For mange gardsbruk med husdyrhald vil dette få konsekvensar, spesielt der dyretettleiken er høg.

– Etter våre utrekningar vil nær 3 600 gardsbruk få overskot av husdyrgjødsel ved ei grense på 2,5 kilo. Dersom vi legg Miljødirektoratet si grense til grunn, vil rundt 4 900 få overskot av husdyrgjødsel, seier Anna Landrø Hjelt.

30 prosent av dei 4 900 bruka er i Rogaland, med kommunane Hå, Klepp og Time øvst på lista.

Det er kraftfôrkrevjande produksjonar som mjølk, gris og fjørfe som mest vil merke effekten av endra krav til spreieareal.  

20040426ef0013 (1)_Foto Erling Fløistad.jpg
«Husdyrgjødsel [-] som spres på jorder uten forutgående bearbeiding skal ha sin opprinnelse i det fylket den skal brukes. Det kreves tillatelse fra Mattilsynet for å bruke slike biprodukter fra et annet fylke,» iflgj. Animalieproduktforskriften. Illustrasjonsfoto: Erling Fløistad
Gjødselkum_Ringsaker_Foto Hilde Olsen .jpg
Gjødselkum for lagring av husdyrgjødsel, Ringsaker. Foto: Hilde Olsen

 

Om oppdraget

Bakgrunnen for utgreiinga er forslaget til revidert forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav som blei lagt fram av Landbruksdirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet i mars 2018.

Forslag til revidert forskrift er utarbeidd på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD), i samråd med Klima- og miljødepartementet (KLD). Grunngjeving for behovet for eit strammare regelverk er omsynet til fellesinteresser som miljø, berekraft og plante-, dyre- og folkehelse. Strengare regelverk vil medføre kostnadar for den enkelte driftseininga.

Forslaget er at gjødselvareforskrifta blir erstatta av to forskrifter, ei gjødselvareforskrift og ei gjødselbrukforskrift. For gjødselbrukforskrifta har Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet gitt to ulike forslag for spreiiemengd.

IMG_3255.jpg
Ungdyr av Limousin, kjøttfe. Foto: Kjersti Kildahl
Krav til gjødselplanlegging

Gjødselplan: Plan som viser gjødselbehov på dei ulike skiftene mellom ut frå vekstvalg, veksttid, jordsmonnforhold, næringsinnhald i jord og klima, jf. forskrift for gjødslingsplanlegging.

Sidan 1998 er det blitt stilt krav om å utarbeide årleg gjødselplan ned på vekstskiftenivå. Det er den enkelte næringsutøvar som skal gjennomføre gjødslingsplanen. Gjødselplanen skal «gi grunnlag for kvalitetsmessig god avling, begrense avrenning til vassdrag og tap til luft av næringsstoffer fra jordbruksarealer. Gjødselplanlegging skal sikre en ressursmessig riktig utnytting av næringsstoffer i jordsmonnet og fra mineralgjødsel, husdyrgjødsel, slam og annen organisk og uorganisk gjødsel» (Sitat frå forskrift om gjødselplanlegging (FOR-1999-07-01-791)).

Det er ingen systematisk og regelmessig kontroll av gjødselplanane og korleis dei blir følgde opp. Systemet er derfor i høg grad tillitsbasert.

COLOURBOX2463629.jpg
Foto: www.colourbox.com
Biogass

Biogass er av naturlige grunner ikke et tiltak for å håndtere fosforoverskudd, siden biogassen først og fremst reduserer innhold av karbon og hydrogen mens fosforet blir igjen i bioresten. Grunnen til å se på biogass er om det som verdikjede for gjødselhåndtering tilfører verdier i form av reduserte klimagassutslipp, utnyttbar biogass og, eventuelt, mer håndterbar restbiomasse enn selve bløtgjødsla.

– Kjelde: Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd – NIBIO rapport 50, 2021

Nokre hovudpunkt

- Rogaland er einaste fylke som vil få eit netto gjødseloverskot, viser berekningar av samla gjødselproduksjon minus det som etter nye krav er mogleg å bruke innan fylket.

- I alle andre fylke enn Rogaland er det lagt til grunn at gjødseloverskot på enkelte gardsbruk kan transporterast til andre bruk med uutnytta spreieareal innan same fylke. Tilgjengeleg spreieareal er vurdert til å vere i «overkommelig avstand», og auka kostnadar som «relativt beskjedne».

- Storskala biogassanlegg med vekt på utnytting av bioresten er drøfta som mogleg alternativ for å handtere auka gjødseloverskot på fylkesbasis. Ei slik løysing kan vere aktuell i Rogaland der ein har store volum husdyrgjødsel innanfor korte avstandar.

- Miljøeffektane av å endre spreieperiode vår og haust er usikre. Eksempelvis er endring av haustspreiing til å gjelde slutten av august til medio september, med påfølgjande såing, vurdert å gi like stor risiko for fosfortap som spreiing av husdyrgjødsel seinare på hausten slik praksis er i dag. Dei fleste stader i Noreg har plantar lågt næringsopptak på denne årstida. Spreiing etter hausta hovudkultur med husdyrgjødselmengder som gir næringsoverskot, bør ikkje vere tillatt i nedbørsfelt tilknytt sårbare vassårer.

- Såkalla næringsstoffrekneskap for fosfor kan gi meir effektiv utnytting av husdyrgjødsel. Ein slik rekneskap vil dessutan dokumentere konsekvensane av husdyrgjødsling. For å kunne vurdere samfunnsøkonomisk effekt av eit slikt rekneskap som tiltak, trengst informasjon om kva det vil koste å oppgradere landbruksnæringas digitale system.

- Tyskland og Nederland har tatt i bruk næringsstoffrekneskap for å avgrense fosforoverskot. I Nederland blir overskotsgjødsel transportert til område med underskot. Store mengder er og blitt eksportert. I Nederland reknar ein det for lønsamt å transportere flytande husdyrgjødsel opptil 150 km og fast husdyrgjødsel opptil 450 km.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Denne utredningen omfatter sentrale tema relatert til foreslåtte endringer i gjødselregelverket og oppdaterer og supplerer kunnskapsgrunnlaget for de endringene som foretas. En stor del av utredningen omhandler konsekvenser av skjerpede krav til spredeareal/tillatt mengde fosfor, herunder omfanget av overskudd av gjødsel gitt nye krav, nytte og kostnader ved ulik håndtering, og effektene av geografisk differensierte krav. Det gjøres også en komparativ analyse av hvordan utfordringer med gjødsel håndteres i EU og i land som kan regnes å være sammenliknbare med hensyn til gjødselproblematikk. Utredningen omfatter også vurderinger knyttet til miljøeffekter av foreslåtte innstramminger av spredetidspunkt…..