Hopp til hovedinnholdet

Setring i Sjodalen før og no

43_20190815-OSP-4250_OG_1969-ArthurSand-X-24_Kvarbergseter-Griningsdalen_Vågå_Oppland

I 1969 dreiv ni av 26 setrar i Sjodalen med mjølke-produksjon på ku i tillegg til dei to fellessetrane som dreiv med geit. I 2019 er det kun dei to setrane med geit som har mjølkeproduksjon. Fjøset på bildet er frå Kvarbergsetra i Griningsdalen, avbilda i 1969, t.v., og 2019, t.h. Foto: Arthur Sand og Oskar Pushmann.

Tilgang til eit unikt etnologisk materiale frå 1969 om seterlivet i Sjodalen, har gjort det mogleg å samanlikne situasjonen i dag med den for 50 år sidan. For seterkartleggjar Kari Stensgaard i NIBIO vart det «ein gylden sjanse».

Saman med fotograf Oskar Puschmann reiste seterkartleggjar Kari Stensgaard sommaren 2019 til Sjodalen i kanten av Jotunheimen. Målet var å registrere og fotografere setermiljøa slik dei står i dag for å sjå dei i eit 50-års perspektiv - samanlikna med undersøkinga frå same område i 1969. Mange av dei 700 bilda som vart tatt i 1969 vart i tillegg refotograferte og kartfesta i 2019. 

Dette storslåtte naturområdet strekker seg nord-sør i Vågå kommune, med kjende namn som Gjendesheim og Besseggen i sør. Det undersøkte området er i øvre del av dalen med setrar som ligg rundt 1 000 meter over havet.

1a_Forside_Kvarbergsetra_Foto Kari.Stensgaard 2019.jpg
Kvarbergstetra er ei av dei gamle vintersetrene i Sjodalen. Til venstre i bildet ser vi fjøs med «måsatrev» for lagring av reinlav. Stova – bustadhuset – til høgre midt i bildet. Foto: Kari Stensgaard.

Kulturhistorisk interesse

1960-og 70-talet var tida for storstilt vassdragsutbygging i Noreg. Samtidig fekk naturvern større merksemd i samfunnsdebatten, og var med når vurderinga gjaldt kraftutbygging og landskapsvern.

Slik var bakteppet for at Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) tok initiativ til eit stort etnologisk feltarbeid i Sjodalen. Fjelldalen var aktuell for utbygging trass i mange gamle setrar, beiteområde og utmark populær til fritidsbruk. Det bør nemnast at Sjoavassdraget vart varig verna mot kraftutbygging i 1973.

- For oss var den grundige dokumentasjonen frå 1969 ein gylden sjanse til å studere utvikling i seterbruk og miljø over tid, seier Stensgaard. Vanlegvis skal vi gjere opp status for tilstanden ‘no,’ så dette vart ein spennande vri.

Stensgaard har gjennom fleire tiår samla og sett saman data om norske setermiljø, og står mellom anna bak rapporten Hvordan står det til på setra? Registrering av setermiljøer i perioden 2009 – 2015.

 - I Sjodalen har dei svært godt bevarte setermlijø. Slik var det i 1969, og slik er det framleis. Jamt over er mitt inntrykk at bygningane er i betre forfatning no enn bilda frå 50 år sidan kan tyde på. For å ha ein målestokk å samanlikne med i notid, tok vi også med andre område i Gudbrandsdalen og Oppland som er kjende for aktive setermiljø.

2018_juli_1711_kas.JPG
På dei tradisjonelle setrane er det særleg eldhus og fjøs som er blitt borte dei siste 50 åra. Fleire løer og stallar forsvann tidlegare. Dei spesielle fjøsa med «måsåtrev» - opphøgd midtre del - er det kun tre igjen av. I denne delen av bygget lagra dei reinlav. Foto: Kari Stensgaard.

På hell alt i 1969

I 1969-undersøkinga skil dei mellom tre setertypar: Dei tradisjonelle setrane - der dei fleste er dokumentert til å vere etablert alt på 1600-talet, med mangfald i bygningstypar tilpassa dei ulike oppgåvene i drifta. Desse var i bruk både til sommar- og vintersetring. Etter andre verdskrig kom nysetrane - enklare setrar med nyrydda plass og færre funksjonar og bygingstypar enn dei tradisjonelle. Til slutt kom fellessetrane – tidleg på 1960-talet. Desse var samdriftsanlegg, igangsette for mjølkeproduksjon frå geit.

Allereie i rapporten frå 1969 fortel dei om eit tradisjonelt seterbruk på hell, men at aktiviteten var stor på nysetrene - knytt til både mjølkeproduksjon og grasproduksjon.

Femti år seinare fortel rapporten frå seterkartleggjar Stensgaard at bildet er til å kjenne igjen, men likevel endra:

- I 2019 er mjølkeproduksjon blitt for tungvint og uøkonomisk for andre enn fellessetrane. I 1969 var det ni setrar som dreiv mjølkeproduksjon på ku i tillegg til dei to fellessetrane som dreiv med geit. I dag er det berre desse to fellessetrane som driv mjølkeproduksjon – på geit.

- Medan det i 1969 var åtte bruk som deltok i fellessetrane, er det berre tre igjen i dag.

Både i 1969 og i 2019 var det meir aktivitet på dei nyare setrane enn på dei tradisjonelle.

- For nysetrane, som er eigde av gardar med lite areal i bygda, er grasdyrking på setervollen fortsatt viktig. På dei tradisjonelle setrane er det no mest beite og fritidsbruk.

19_1969-ArthurSand-XIII-19_3631a_Grasvika_Sjodalen_Vågå_Oppland.JPG
På setra Grasvika var det 14 mjølkekyr i 1969. Dei beitte i utmarka på dagen. Her er dei komne til seters for å bli mjølka om kvelden. I 2019 var mjølkeproduksjonen slutt. Foto: Arthur Sand.

Var det noko som overraska?

Tradisjonell seterdrift har gått sterkt tilbake siste hundreåret. Setrar og seterområde er ute av bruk, eller dei blir brukte på nye måtar. Areal som tidlegare var opne, gror igjen og verdfull bygningsarv er mange stader gått tapt eller er i ferd med å gå tapt.

- Derfor er meir kunnskap om setrane nødvendig, seier Stensgaard. Vi treng kunnskap for å bevisstgjere folk flest, og som grunnlag for å vurdere verkemiddelbruk innan landbruk og kulturminnevern.

Ho forklarer setrane som eineståande tidsvitne til levesett og ressursbruk i tidlegare jordbruks-generasjonar. Var det så noko som møtte dei i 2019 som var uventa eller overraskande?

- Eg kan neppe seie eg vart overrraska, for mykje var i tråd med forventningane. Som til dømes at Sjodalen har svært godt bevarte setermiljø, noko vi fekk dokumentert.

Sjølv om setereksperten ikkje vart overraska, synest ho det er «interessant» at same utvikling skjer i Sjodalen som i andre deler av landet: Når husa mister sin funksjon, blir dei ikkje tatt vare på. Og så går dei tapt.

- Det betyr at talet på bygningar som fjøs, eldhus, stall og løe går jamt nedover, medan bustadhusa – stovene – blir haldne ved like fordi dei er i bruk – gjerne som fritidsbustader.

- Mangfaldet i gamle setrar og bygingstypar er likevel uvanleg bra i Sjodalen samanlikna med andre delar av landet, også samanlikna med referanseområda.

Dessutan er det lite innblanding av nye hus. Typisk for setrar mange stader i landet er det at hyttene har tatt over for seterhus. Slik er det ikkje i Sjodalen. Der er hytter haldne utanfor setertuna.

2019-0815_Sjodalen_OSP_justert.jpg.JPG
Kari Stensgaard står ved den same grinda på Grasvika som er på 1969-bildet av kyr som blir sleppte inn for mjølking. Tidlegare var areala der dyra stod og venta før dei gjekk til fjells eller før kveldsstell, nedtrakka og opne. No gror dei til med bjørk, furu og vierkratt tett inntil gjerdet. Foto: Oskar Puschmann.

Fire  fakta på tampen

- Setrane i Sjodalen er for ein større del i bruk enn setrane i to utvalde referanseområde andre stader  i  Oppland. Det gjeld for slått/beite, mjølkeproduksjon og fritidsbruk.

- Relativt få setrar er heilt ute av bruk, det vil seie at dei verken har drift eller fritidsbruk. I dei to referanseområda er høvesvis 10 prosent og 5 prosent ute av bruk, i Sjodalen er det 8,5 prosent.  

- Det er spesielt eldhus og fjøs på dei tradisjonelle setrane som er blitt borte den siste femtiårsperioden. Fleire løer og stallar forsvann tidlegare.

- I refotografia er resultatet av færre beitedyr i områda rundt setrane tydeleg: Setertun og setervoll ligg no som lysopningar i ein tilveksande skog.

12-15.jpg
Fenomenet vintersetring

Vintersetring har spelt ei sentral rolle i Sjodalen-jordbruket. Alle reiste til seters om sommaren, men fleire dreiv og vintersetring. Vinterlego kallar dei skikken lokalt.

Denne skikken er særleg kjend frå Gudbrandsdalen og Østerdalen. Det som gjer Sjodalen spesiell i nasjonal samanheng, er samlinga av bevarte setrar med denne driftsmåten.

- I den tida dei dreiv vintersetring, var kjøtproduksjon viktigare enn mjølkeproduksjon, og fôret kom i stor grad frå utmarka. Herifrå samla dei reinlav, eller måså og beit (bjørkekvistar) som tilleggsfôr. Dessutan jakta og fiska dei, og dreiv snarefangst, fortel Kari Stensgaard.

Reisa mellom heimegarden og setra tok to reisedagar. Derfor overnatta dei på kvilingssetrar undervegs. Vintersetring tok slutt tidleg på 1900-tallet.

Den lange vegen heim er samtidig ein del av forklaringa på fenomenet vintersetring: Dei fem-seks mila heim var for lang veg å frakta fôret, det ville blitt svært mange vendingar. Da var det betre ressursbruk å reise med dyra tilbake på setra om hausten for å utnytte fôret som var samla i løpet av sommaren. Så vart dei verande til fôret tok slutt, og medan det enno var godt sledeføre.

Fra Stuttgongen mot Hindseter_2019_kas.JPG
Sau på beite i Stuttgongen med området Hindseter i bakgrunnen. Fleire av setrane i 1969- og 2019-undersøkinga ligg der. Foto: Kari Stensgaard.
Fakta

Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen (NVE) finansierte Etnologisk feltarbeid i Sjodalen – sommeren 1969. Undersøkinga vart utført av etnologar frå Institutt for folkelivsgransking ved Universitetet i Oslo og konservatorar frå De Sandvigske Samlinger på Lillehammer. Eit stort materiale av kulturhistorisk verdi vart til – med oppmålingar, teikningar og skildringar av hus, tun, båtar og bruer. Etnolog Arne Lie Christensen var prosjektleiar. Fotograf Arthur Sand dokumenterte arbeidet med 700 svart-kvitt bilde.

Intervju med 28 personer blei gjennomført, dei aller fleste av desse var født før 1900. Seterdrift og anna utmarksbruk er skildra i notid (1969) og bakover.

Rapporten frå arbeidet er trykt i tre opplag, alle er utselde. Originalmaterialet er i dag å finna ved Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier og orientalske språk (UiO, IKOS).

Tilsvarande arbeid vart og gjort i andre område rundt Jotunheimen og Breheimen.

2019_0814-OSP-3954_KAS m PålGrev-mosesankeplass_justert.JPG
Seterkartleggjar Kari Stensgaard i prat med Pål Grev, grunneigar og barnebarn av Pål Mo som var ei sentral kjelde for etnologane i 1969-arbeidet. Her sit dei på eit flak reinlav som for 100 år sidan var viktig fôr. Foto: Oskar Puschmann.
2019_OSP v Stuttgongen N_4818_kas.JPG
Geograf og fotograf Oskar Puschmann tar bilde av det eine av tre fjøs som er igjen av det gamle slaget med den opphøgde midtdelen – «måsåtrev» - brukt til tining og lagring av reinlav. Truleg er låvebrua tatt ned for å bli restaurert og sett opp igjen. Foto: Kari Stensgaard.
2019_OSP+Pål Grev_på måsåplass_kas.JPG
Pål Mo som eigde Mosbesstrond, setra vi ser i bakgrunnen, var ei viktig kjelde for arbeidet i 1969. Her viser barnebarnet Pål Grev geograf og fotograf Oskar Puschmann kor og korleis dei samla inn måså, reinlav, i eldre tid. Mykje lav vart henta frå området på andre sida av vatnet her. Foto: Kari Stensgaard.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Rapporten dokumenterer fotografering og registrering i et seterområde i Sjodalen i Vågå i 2019. Arbeidet refererer til et etnologisk registreringsarbeid utført samme sted 50 år tidligere, i 1969. Seterhus og seterbruk betraktes i et 50 års tidperspektiv, men også i nåtid ved sammenligning med andre seterområder i samme landsdel. Bilder fra 1969 er refotografert i 2019.

To document

Abstract

Den tradisjonelle seterdrifta har lenge vært i tilbakegang, men seterlandskapet er høyt verdsatt som fritidsområde. Konsekvenser av bruksendringen er beitelandskap som gror igjen, seterbygninger som endres eller forfaller, utvidet veinett og nye bygningsmiljøer.

To document

Abstract

Stua, eller selet, er budeias bolig. Her foregikk også produksjon og lagring av melkeprodukter. Der setringen har opphørt brukes gjerne selet videre som fritidsbolig, men mange sel er fjernet og erstattet av hytter.

To document

Abstract

Seterhusene er våre siste håndfaste vitner om levemåten på setra og er kulturminner av stor verdi. Den tradisjonelle seterdrifta er sterkt redusert og setrene brukes nå mest til rekreasjon. Bruksendringen har hatt stor innvirkning på landskap og bygningsmiljøer.

To document

Abstract

Bruken av setrene har endret seg og seterlandskapet har vært i endring over lang tid. NIBIO har i løpet av sju somre gjennomført en undersøkelse av setermiljøer spredt rundt i landet. Rapporten viser, gjennom bilder og statistikk, dagens situasjon med hensyn til setrenes bruk og tilgjengelighet, innhold og tilstand i bygningsmiljøer, og gjengroing av setervoller. 300 områder á 5 km x 5 km i 17 fylker er befart i felt og nær 1700 seteranlegg er registrert.