Hopp til hovedinnholdet

Bruk av bøndenes jordprøver kan auka framdrifta i den nasjonale jordkartlegginga

Sølve_Stiauren_Stord_2024_fotoEllingMjaavatn_cropped

I den nasjonale jordkartlegginga vert jordas fysiske eigenskapar undersøkt med jordbor i felt. Foto: Elling Maavatten, NIBIO

I meir enn førti år har NIBIO hatt ansvaret for kartlegging av Noregs jordbruksareal. Men jordkartlegginga er ikkje den einaste kjelda til kunnskap om dyrkajorda. Ved å samanstilla kunnskap frå fleire ulike hald, kan me effektivisera arbeidet og få eit meir heilskapleg grunnlag for berekraftige avgjersler om matjorda.

Jordkartlegginga i Noreg starta på slutten av 1980-talet. Kvar vår og haust har ei gruppe jordekspertar  gått frå jorde til jorde med jordbor og registrert kva slags jordsmonn dei finn. Dei har notert ned på kart kvar det er leir og kvar det er sand, kvar det er mykje mold i jorda og kvar det er lite, kvar det er steinrik jord og kvar jorda er grunnlendt, … og mykje meir. Informasjonen er viktig båe for bonden og for forvaltinga som skal fatta gode vedtak om bruk av jordressursane.  

 

Tidkrevjande arbeid

Frå registreringane i felt vert det laga jordkart. Snart finst det slike kart for seksti prosent av fulldyrka og overflatedyrka jord i Noreg. Men arbeidet tar lang tid. Kvart år vert om lag ein prosent av jordbruksarealet kartlagt. Det tyder at det vil taka førti til femti år før det finst jordkart for heile landet. Difor er jordkartleggjarane stadig på utkikk etter måtar å effektivisera arbeidet på.

– Jordkartlegging er heile tida ei avveging mellom nøyaktigheit og raskast mogleg framdrift. Me har kome fram til ei god balanse mellom dei to, men samstundes er me stadig på utkikk etter hjelpemiddel som gjer at jobben går raskare utan at nøyaktigheita i karta vert mindre, forklarar Siri Svendgård-Stokke, avdelingsleiar for avdeling jordkartlegging i NIBIO.

– I fjor testa me ut bruk av jordprøvene som bøndene må taka i samhøve med gjeldande gjødselforskrift. Me ville finna ut om dei kunne nyttast som eit hjelpemiddel i jordkartlegginga. Resultata lovar godt, men det er framleis nokre skjer i sjøen.

Jordprøvene som bøndene tar i samhøve med gjeldande gjødselforskrift, vert sendt inn til eit laboratorium der nokre fysiske og fleire kjemiske eigenskapar vert analysert som grunnlag for bondens gjødselplanlegging. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO
Jordprøvene som bøndene tar i samhøve med gjeldande gjødselforskrift, vert sendt inn til eit laboratorium der nokre fysiske og fleire kjemiske eigenskapar vert analysert som grunnlag for bondens gjødselplanlegging. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO

 

Bondejordprøver kan effektivisera kartlegginga

Heilt sidan 1998 har bønder vore pålagd å ta jordprøver. I eit jordlaboratorium analyserast jordteksturen, det vil seia kor mykje sand, silt og leir jorda inneheld. Laborantane testar og kor mykje mold det er i jorda, og om jorda er sur eller basisk. I tillegg måler dei innhaldet av ulike plantenæringsstoff som nitrogen, kalium og fosfor. Slik det er no vert desse prøvene i hovudsak nytta til å laga tilpassa gjødselplanar og vurdera om det er naudsynt å kalka. For jordkartlegginga er informasjonen om jordtekstur og moldinnhald interessant.

– Me har ofte fått spørsmål om kvifor me ikkje allereie nyttar desse jordprøvene i jordkartlegginga. Det er fleire grunnar. For det fyrste har me har ikkje tilgang til prøvene slik det er i dag, det finst ikkje ein felles database der me kan lasta ned prøveresultata ifrå. For det andre har ein ikkje alltid registrert kvar på jordet jordprøva vart teken. Med andre ord er ikkje prøvene kartfesta slik at me kan nytta dei, forklarar overingeniør i NIBIO, Sølve Stiauren.

– No ser me mellombels at nokre av desse flaskehalsane kan verta fjerna. I det nye gjødselregelverket står det at prøvene skal koordinatfestas og at resultata skal innrapporterast digitalt til eit offentleg register. Ein må avklare om jordkartlegginga skal kunne nytta resultata som bakgrunnsinformasjon i jordkartlegginga. Dersom det avklarast at informasjon om tekstur og moldinnhald kan verte nytta av jordkartleggingsprogrammet, opnar det seg nye moglegheiter, seier han.

Kvart fjerde til åttande år må alle bønder som mottek produksjonstilskot ta jordprøver. Fleire og fleire tek nå jordprøver med bruk av gps slik at prøvestaden vert kartfesta. Dette gjer at prøvene kan verta nyttige for det nasjonale jordkartleggingsprogrammet. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO
Kvart fjerde til åttande år må alle bønder som mottek produksjonstilskot ta jordprøver. Fleire og fleire tek nå jordprøver med bruk av gps slik at prøvestaden vert kartfesta. Dette gjer at prøvene kan verta nyttige for det nasjonale jordkartleggingsprogrammet. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO

 

Uttesting i felt

I 2024 fekk jordkartleggarane høve til å prøva ut ideen sin. Gjennom samarbeid med NLR og ein handfull bønder,  fekk dei tilgang på analyseresultat frå koordinatfesta jordprøvar frå fire ulike jordbruksareal. Etter utprøvinga var konklusjonen klar:

– Prøvene er definitivt ein god hjelp i arbeidet. I felt må me avgjera tekstur og moldinnhald i jorda ved å kjenna og sjå på jorda. Me får god trening etter kvart, men i visse høve kan det vera vanskeleg, og det tek tid å koma til ein konklusjon, ikkje minst for dei som er ferske i jobben.

– Tilgang på prøvar frå eit jordlaboratorium, gjer at me raskare kan koma til ein konklusjon og gå vidare. Det vert og lettare å standardisera resultata våre. Samstundes er det heilt naudsynt at me gjer ein eigen vurdering i felt. Me har oppdaga fleire feil i jordprøvene som er henta inn. Me må og forsikra oss om at prøvane er representative for heile det jordet me skal beskriva jordtilhøva på, forklarar Stiauren.

Viss jordprøvene frå bøndene vert tilgjengelege for det nasjonale jordkartleggingsprogrammet, vil det framleis vera tekniske utfordringar med å få tatt dei i bruk.

– No vonar me at me kan jobba saman med NLR, forvalting og bønder om å gjera jordprøvane tilgjengelege for det nasjonale jordkartleggingsprogrammet. Det er stor etterspurnad etter jordkarta våre, og alt som kan gjera at kartlegginga går raskare, vil hjelpa oss til å gje brukarane den informasjonen dei treng raskare og betre, avsluttar Stiauren.

Jordkartlegging Oversikt over jordsmonnkartlagde kommunar
Fakta

Dersom ein samanstillar kunnskap om jorda frå fleire ulike kjelder, vil ein få eit betre kunnskapsgrunnlag for å ta kunnskapsbaserte og berekraftige avgjersler om jordressursane. Jordtilhøva har konsekvensar for ei rekkje viktige samfunnsspørsmål som til dømes:

Matberedskap: Jordtilhøva saman med klima avgjer kva det er mogleg å dyrka og korleis dyrkinga best kan gjerast.

Ras og flaum: Ulike jordtilhøve avgjer kor mykje vatn eit areal kan absorbera når det kjem kraftig regn. Det er viktig for å vurdera fare for erosjon, flaum og ras.

Jordpakking og jordhelse: Kunnskap om jorda er og viktig for å tilpassa driftsopplegget på garden slik at jordtilhøva ikkje vert forringa over tid, til dømes gjennom jordpakking.

Karbonlagring: Jord med høgt moldinnhald lagrar mykje karbon.

Her har ein jordkartleggar funne ei profilert myr med mineraljord i toppen. Profilering er ei metode for å betre dreneringa frå jordbruksareal på myr. Foto: Sølve V. Stiauren, NIBIO
Her har ein jordkartleggar funne ei profilert myr med mineraljord i toppen. Profilering er ei metode for å betre dreneringa frå jordbruksareal på myr. Foto: Sølve Stiauren, NIBIO
Prøveuttak av jordprøvar til bonden kan ofte gjerast med firehjuling. Prøvene vert sendt til laboratorium. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO
Prøveuttak av jordprøver til bonden kan ofte gjerast med firehjuling. Prøvene vert sendt til laboratorium. Foto: Siri Svendgård-Stokke, NIBIO

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Landbruknæringens koordinatfestede jordanalyser er en stor datakilde som bør kunne brukes i det nasjonale jordkartleggingsprogrammet. Denne rapporten undersøker overenstemmelsen mellom næringens jordanalyser og allerede kartlagt areal, og hvordan analysene kan benyttes til å ta raskere, sikrere og mer standardiserte avgjørelser i jordkartleggingen.

To document

Abstract

Forskrift til gjødslingsplanlegging stiller krav til at næringen tar ut representative jordprøver og at analyseresultatene benyttes for å lage en gjødslingsplan. Denne rapporten beskriver status for de jordprøver som tas ut i regi av næringen. Rapporten foreslår en standardisert datafangst av jordprøvene og en standardisert dataforvaltning av analyseresultatene.....