AR5

FKB-AR5 er eit Geovekst-datasett tilpassa målestokk 1:1000 og oppover, og viser arealressursane med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Det er eit detaljert, nasjonalt heildekkande datasett, der landareal er delt inn etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold.

Fakta

AR5: 
AR5 er et detaljert arealressurskart tilpasset målestokk 1:1000 og oppover. Kartet er en del av felles kartdatabase (FKB) som inneholder detaljerte kartdata for Norge og forvaltes av Geovekstsamarbeidet. Det offisielle navnet er derfor FKB-AR5.
 
FKB: Felles kartdatabase, de mest detaljerte kartdata i Norge.
 
Geovekst: Samarbeid om etablering og vedlikehold av de mest nøyaktige kartdata i Norge.

Jordbruksarealet er delt i arealtypane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Skog er ein eigen arealtype, og er delt inn etter treslag og skogbonitet. Resten av arealet er delt i arealtypane myr, åpen fastmark, bebygd, samferdsel, snø/isbre, ferskvann og hav.

Uproduktive område og område over tregrensa mangler dekning i AR5. Desse er registrert med arealtypen ikkje kartlagt i datasettet.

 

Datasettet bygger på AR5 klassifikasjonssystem, og gjev ei inndeling av landarealet i flater som har eit sett av verdiar for eigenskapane arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Hovudinndelinga er arealtype, som er basert på kriterium for vegetasjon og kulturpåverknad. Det er tilstanden på areala som ligg til grunn for klassifiseringa, og ikkje bruken av areala.

AR5 er basert på markslag i økonomisk kartverk, som vart kartlagt tidsrommet 1960-1990, og fyrste versjon av datasettet vart avleda frå digitalt markslagskart (DMK) i 2008.

 

AR5 er eit Geovekst-datasett, og inngår i Felles KartdataBase (FKB) saman med andre detaljerte kartdata. Ansvar for ajourhald er regulert gjennom avtalar i Geovekst-samarbeidet. Kommunane har ansvar for kontinuerleg ajourhald av kartet, som skal omfatte alle typar endringar av markslaget som kommunen får kjennskap til gjennom sine forvaltningsoppgåver. NIBIO har det faglege ansvaret for AR5, og utfører periodisk ajourhald av datasettet, der kartet vert oppdatert mot nye flybilder. Dette vert gjort med ca. 5-8 års mellomrom, etter avtalar gjennom Geovekst.

Bruksområde

Kartet dekker i hovudsak behov innan arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksproduksjon og lovforvaltning. AR5 er ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK), og eit sentralt grunnlag for gårdskart og jordregister.

Tjenester

Kilden

Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.

Mer informasjon Til tjenesten
WMS-tjenester

WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.

Mer informasjon

Publikasjoner

Sammendrag

AR5 er et heldekkende, nasjonalt kart som beskriver arealressursene ut fra produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Kartet skal primært dekke behov innen arealplanlegging, landbruksforvaltning, landbruksproduksjon og lovforvaltning. AR5 er en del av det offentlige kartgrunnlaget og et viktig grunnlag for gårdskart.