Datasettet AR5 bygger på AR5 klassifikasjonssystem, eit nasjonalt klassifikasjonssystem for markslag.  Alt landarealet er delt inn etter eigenskapane arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Klassifikasjonssystemet bygger på markslag i økonomisk kartverk.
Alt areal vert klassifisert etter arealtype. Vidare vert areala klassifisert etter skogbonitet, treslag og grunnforhold, alt etter kva som er relevant for arealtypen.
Arealtypar i AR5:
	- Fulldyrka jord: Jordbruksareal som er dyrka til vanleg pløyedjupn, og kan nyttast til åkervekster eller til eng, og som kan fornyast ved pløying
 
	- Overflatedyrka jord: Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mulig.
 
	- Innmarksbeite: Jordbruksareal som kan brukast som beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 % av arealet skal vere dekka av kulturgras og beitetålande urter.
 
	- Skog: Areal med minst 6 tre pr dekar som er eller kan bli 5 m høge, og som er jamt fordelt på arealet.
 
	- Myr: Areal med myrvegetasjon og minst 30 cm tjukt torvlag
 
	- Åpen fastmark: Areal som ikkje er myr, og heller ikkje er jordbruksareal, skog, bebygd eller samferdsel.
 
	- Bebygd: Areal som er utbygd eller betydeleg opparbeida, samt tilstøytande areal som i funksjon er nært knytta til bygningane.
 
	- Samferdsel: Vegar og jernbane
 
	- Snøisbre: Isbre eller snø som ikkje smelter om sommaren.
 
	- Ferskvann: Innsjø, elv og bekk
 
	- Hav: Sjø og hav
 
Du finn alle definisjonar og detaljar i rapporten "AR5 Klassifikasjonssystem" under publikasjonar nedanfor.