Gardskart
Kart som gir arealtall for søkt landbrukseigedom.
Vedlikehold tirsdag 16.juni
NIBIO skal ha vedlikehold tirsdag 16. juni fra kl: 15:00 til kl: 21:00, da vil vi oppdatere våre servere og vårt nettverk. Dette vil føre til at våre tjenester kan være ustabile i denne perioden.
Vi beklager ulempene dette måtte medføre.
Eventuelle spørsmål kan sendes til gisdrift@nibio.no
15.06.2026 08:00 — 16.06.2026 21:00
Gardskart er sett saman av informasjon frå fleire kjelder. Gards- og bruksnummer for landbrukseigedommen blir henta frå Landbruksregisteret, eigedomsgrenser blir henta frå Matrikkelen og markslag i AR5 blir henta frå NIBIO.
Det er mogeleg å velja fleire kartlag frå NIBIO og frå andre nasjonale kartleverandørar og dessutan heildekkjande kart eller flyfoto i bakgrunnen for gjenkjenning.
I tillegg til automatisk arealutrekning for landbrukseigedommen har tenesta utskriftmogelegheit, tegne-/måleverktøy, mogelegheit for å lagre teikning, laste ned teikning som fil, leggje til fleire eigedommar og lagre dei, leggje til geografiske filer og vise dei i kartet. Les meir i brukarrettleiinga under.
Tenesta er tilrettelagd for landbruksforvaltninga og eigarar og brukarar av landbrukseigedommar, men er open for alle.
Tenesta blir støtta på PC, mobil og nettbrett, og ho er testa i nyare versjonar av desse nettlesarane: Chrome, Edge og Safari (iPhone og iPad).
KONTAKTPERSON
Brukerservice kart
Sentralbord
(+47) 406 04 100 gisdrift@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43