Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

På åtte engfelt vart det tilført selenanrika Fullgjødsel 21-3-8 om våren og etter førsteslått. Gjødsla forsynte engvekstane med nok plantetilgjengeleg selen til at innhaldet av mineralet i grovfôret nådde eller kom over norma for innhald av Se i totalfôret på 0,1 ppm. Frå 15 til 30 % av det tilførte selenet vart ført bort med avlinga.

Sammendrag

Fôrforsyninga til eit simulert mjølkeproduksjonsbruk frå eit seksårig vekstskifte under omlegging til økologisk drift er evaluert. Vekstskiftet som bestod av bygg i attlegg av eng, treårig eng, kålrot og havre, vart tilført husdyrgjødsel i mengder tilsvarande 0,1 ku per dekar. Energi- (FEm) og proteinforsyning (AAT og PBV) vart evaluert på bakgrunn av gjeldande regelverk frå DEBIO med krav om at minimum 70% av energiforsyninga skal være basert på grovfôr. I fem av seks år vart det produsert nok gras/kløver og kålrot i vekstskiftet til å dekke grovfôrbehovet, gitt eit ytingsnivå à 5000 kg mjølk per ku per år. Avlingane av korn var alle år for små til å dekke det resterande energibehovet, men noko høgare avlingar mot slutten av perioden reduserte energiunderskottet frå 10-15% til 5% siste året. Eit lågt proteininnhald, både i grovfôr og korn gjorde at proteinunderskottet var større enn energiunderskottet. For å auke bærekrafta til det økologiske mjølkeproduksjonsbruket må ein redusere dyretalet (kyr per dekar) og/eller ytingsnivået. Endringar i vekstskiftet og i disponeringa av husdyrgjødsla kunne truleg også hatt positiv innverknad på sjølvforsyningsgraden av energi og protein på mjølkeproduksjonsbruket.