Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1998

Sammendrag

Målet med turen var å knyte kontaktar med forskingsmiljø i Danmark og Sverige, få resultat og informasjon om dei erfaringar desse har gjort seg, og å vitje økologiske fruktdyrkarar

Sammendrag

Gjennom dette prosjektet som starta opp i 1995, har vi vurdert dei økonomiske tilhøva ved produksjon av søtkirsebær. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Planteforsk Ullensvang forskingssenter, Indre Hardanger forsøksring og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning. Dei siste åra har det skjedd store endringar i dyrking av søtkirsebær. Ein har fått nye sortar, nye svaktveksande grunnstammer har gjort det mogleg å ta i bruk nye dyrkingssystem, og dekking av trea mot regnskade har blitt svært vanleg. Varehandsaminga er også endra. Både i Hardanger og i Telemark er det teke i bruk maskinar for sortering og pakking av søtkirsebær. Marknadstilhøva har endra seg, opnare grenser har gjeve større import av søtkirsebær og opna for tollfri eksport. Gjennom arbeidsnoteringar, haustenoteringar og rekneskapstal frå seks bruk i Hardanger, har ein fått gode data for å vurdere arbeidsforbruk, haustekapasitet, avlingar, prisar, utgifter og investeringar. I tillegg har ein henta inn ein del opplysningar frå andre kjelder. [...]