Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Planteforsk Njøs la i 1998 om nokre forsøksfelt med eple, pære og plomme til økologisk drift. I omleggingsfasen undersøkte vi årsaker til fråsortering i usorterte fruktprøvar. I eple var epleskurv, rognebærmøll og andre sommarfugllarvar viktigaste årsakar til fråsortering. I pære var pæreskurv, steinceller på grunn av tegestikk og gnag av sommarfugllarver viktigast. Plomme er den fruktarten som ser ut til å vera lettast å dyrka økologisk, og vi hadde der eit akseptabelt nivå av skadde frukter.

Sammendrag

Artikkelen gir resultat frå forsøk med økologisk engdyrking på næringsrikt fastmarksareal. Resultat etter fem engår viste at ein fekk beste avlingsresultatet ved å nytte største mengde blautgjødsel (4 tonn/daa) i attleggsåret og all husdyrgjødsla (4 tonn gylle/daa) om våren i engåra. Den kaliumrike jorda gav ikkje utslag for ekstra kaliumgjødsling, men nitrogen gav derimot bra avlingsauke. Forsøksfelta hadde lågt kløverinnhald gjennom forsøksperioden. I 5. engår var timoteidelen omlag halvert i høve til 1. engåret, og timoteien var erstatta av ugras, mest løvetann og krypsoleie.

Sammendrag

Italia står for 25 % av den totale økologiske matvareproduksjonen i Europa, og omlag 7 % av all matvare produksjon i Italia er i dag økologisk. Både i Trentino og i Sør-Tyrol er 3-4 % av epledyrkinga økologisk. Den største auken i økologisk epleproduksjon har skjedd dei siste 10 åra, og dette skuldast hovudsakleg at marknaden er vorten meir interessert i økologiske produkt. Ein økologisk fruktdyrkar kan i snitt ta ut ein meirpris som ligg 40-45 % høgare pr kg enn ein integrert dyrkar. Det er høve til å gje overgangsstønad til dyrkarar som la om frå konvensjonell til økologisk drift, men ikkje alle provinsar nytta seg av dette. Forsking innan økologisk fruktdyrking er knytt til to forskingsinstitutt i området; Institut Agrario de San Michele all"Adige og Land- und Forstwirtchaftliches Versuchszentrum. Dei viktigaste problemstillingane som det vert arbeidd med i samband med økologisk fruktdyrking ved desse institusjonane er tiltak mot skurv og mjøldogg, tiltak mot viktige skadedyr som epleviklar, raud eplebladlus og ull-lus, tiltak mot ugras i trerekkja, avlingsregulering og sortar. Mot epleskurv hadde ein i Nord-Italia høve til å nytte både kopar og svovelkalk som direkte tiltak i økologisk produksjon. Dei viktigaste tiltaka mot mjøldokk var svovel og svovelkalk. Dei fleste dyrkararane nytta paringsforstyrring ved hjelp av feromoner mot epleviklar. I tillegg nytta dei granulosevius. Neem vart nytta mot raud eplebladlus. Hovudsortane i økologisk epledyrking var mykje godt dei same som i konvensjonell dyrking, men fleire skurvsterke sortar var prøvd introdusert. Dei fleste dyrkararane tynna eple for hand eller ved hjelp av svovelkalk. Ugraset vart i hovudsak fjerna mekanisk.

Sammendrag

Denne artikkelen omtaler resultater etter to år med feltforsøk med alternative midler mot mjøldogg (Sphaerotheca alchemilla) og nyttesopper mot gråskimmel (Botrytis cinerea), og resultater etter ett år med sortsutprøving i økologisk jordbærproduksjon.

Sammendrag

«Driftsgranskinger i jord – og skogbruk» er en årlig regnskapsundersøkelse der det på landsbasis er med ca. 1 000 gårdsregnskap hvert år. Grunnlagsmaterialet for denne regnskapsundersøkelsen er omfattende, og mange data på distriktsnivå er det ikke mulig å få med i den landsdekkende publikasjonen. Ett regnskapsmessig prinsipp er endret i årets utgave av driftsgranskingene: Fra og med regnskapsåret 2002 blir det ikke satt inn verdi på gratisarbeid utført av slektninger. Endringen påvirker størrelsen på flere resultatmål. Derfor kan ikke alle resultater fra driftsgranskingene for 2002 uten videre sammenlignes med tidligere publiserte tall fra andre år. I dette notatet presenteres 5 års tabeller hvor resultatmålene er omregnet etter ny metode. Det er betydelig interesse for lokale tall fra driftsgranskingene. 2002 er femte år driftsgranskingsdata for bruk i Nord-Norge årlig utgis som NILF-notat. En tabellsamling med lokale tall for de siste fem år har en dominerende plass i notatet. Årets notat har et kapittel med de viktigste resultatene fra regnskapene for 2002, og et kapittel om balanseverdier og nettoinvesteringer de ti siste årene. Utvikling i grovfôrproduksjon og ulikheter i avlingsnivå mellom regioner i landsdelen, tas også opp i et kapittel.

Sammendrag

«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er ei årleg rekneskapsgransking der det inngår omlag 1000 bruk over heile landet kvart år. Grunnlagsmaterialet for denne granskinga er omfattande, og mange data vert det ikkje plass til i den landsdekkande publikasjonen. I tillegg har det vore stor etterspurnad etter lokale økonomiske data for Rogaland og Agder, samtidig som det er ei målsetjing for NILF å gjere dataene lettare tilgjengelege. Eit regnskapsmessig prinsipp er endra i driftsgranskingane i 2002: Tidlegare er ubetalt arbeid utførd av slektningar verdsett til tariff og trekt frå driftsoverskotet. Frå og med 2002 er verdien av gåvearbeid ikkje trekt frå driftsoverskotet. Ubetalt arbeid blir no verdsett på lik linje med arbeidet til brukarfamilien, og dette påverkar storleiken på fleire resultatmål. Derfor kan ikkje alle resultata frå driftsgranskingane for 2002 utan vidare samanliknast med tidlegare publiserte tal frå andre år. I dette notatet blir tal for dei siste åtte åra presentert, men da er resultatmåla frå tidlegare år justert etter ny metode. Notatet er basert på driftsgranskingsdata frå fylka Rogaland, Aust-Agder og Vest- Agder. Det deltek omlag 70 bruk frå Rogaland, og 30 bruk frå kvart av Agder-fylka i granskinga. Dei økonomiske dataene i kapittel tre (Trendar og økonomisk utvikling for åra 1995-2002), er deflaterte etter konsumprisindeksen, medan 5-årsoversiktane i tabellsamlinga inneheld nominelle kroner frå kvart av åra. Det vert kvart år skifta ut ein del bruk i driftsgranskingane, men kontinuiteten blant deltakarane i statistikken er god, derfor vil trendane over 5-10 år gje ei god oversikt over den økonomiske utviklinga i jordbruket i landsdelen. Utskifting av bruk og gardsoverdraging kan likevel gje utslag i enkeltår. I tillegg til driftsøkonomien er totaløkonomien på bruka godt dokumentert.

Sammendrag

«Driftsgranskinger i jord- og skogbruk» er en årlig regnskapsundersøkelse, der det på landsbasis er med ca 1 000 gardsregnskap hvert år. I hovedpublikasjonen fra regnskapsundersøkelsen er det ikke mulig å gå detaljert inn på forholdene på distriktsnivå. Fra distriktskontoret i Trondheim er det derfor sendt ut oversikter over økonomien i jordbruket i Trøndelag helt siden slutten av 1950-tallet. Oversiktene har vært sendt til landbruksforvaltningen i kommuner og fylker, forskningsinstitusjoner, forsøksringer, regnskapskontor, faglag, skoler og til andre interesserte. I regnskapsundersøkelsene har Trøndelag de siste årene vært representert med 150– 160 bruk. Forskjellene mellom fylkene har tradisjonelt vært uvesentlige, og en har derfor slått sammen tallene fra begge fylkene. Det gir bedre muligheter til å publisere tall fra enkeltproduksjoner som korn, korn/svin, sauehold og kjøttproduksjon på ammekyr. Det har også gitt muligheten til å dele Trøndelag inn i 3 bygdetyper etter klimatiske forhold (kystbygder, indre bygder og fjellbygder) når det gjelder melkeproduksjon. Ved siden av data for jordbruket er det også lagt vekt på å få med totaløkonomien for bruket. De regnskapsdataene som hentes inn er supplert med avlings-, ytelses- og arbeidsnoteringer. I tillegg utføres det en spesiell skogbruksgransking på grunnlag av data fra de brukene som har stor nok tilvekst på skogen. I den sammenhengen er det tall for Midt-Norge (Helgeland og kommunene nord for Romsdalsfjorden i tillegg til Trøndelag) som er tatt med.