Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Sammendrag

Antocyanin og totalt fenolinnhald og antioksidativ verknad vart målt i 9 søtkirsebærkultivarar og 9 plommekultivarar. I søtkirsebær var gjennomsnittleg 35 mg / 100 g friskvekt (FV), totalt fenolinnhald varierte frå 23 til 168 mg / 100 g FV, og antioksidativ verknad (FRAP) varierte mellom 0,44 og 2,67 mmol / 100 g FV. I plommekultivarane var antocyanininnhaldet frå 0,7 til 10,8 mg / 100 g FV med eit gjennomsnitt på 3,5 mg / 100 g FV, totalt fenolinnhald varierte frå 27 til 54 mg / 100 g FV, og antioksidativ verknad varierte mellom 0,61 til 1,28 mmol / 100 g FV. Det var sterke korrelasjonar mellom antioksidative verknader (FRAP) og antocyanininnhald, og mellom antioksidativ verknad og totalt fenolinnhald. Antioksidativ verknad er  ein viktig kvalitetsfaktor i frukt. Men målemetodane varierer og gjev av og til motstridande resultat. Dei store avvika skuldast truleg korleis prøvene er laga til og ekstrahert før måling.

Sammendrag

Før ein kan tilrå dyrking av nye plommekultivarar, må ein vurdera kultivarane si brukstid. Resultata frå sortsprøvinga synte at kultivarane "Souffriau", "Avalon", "Reeves", "Excalibur" og "Jubileum" ville vera verdifulle i norsk plommedyrking. Sjølv om mange fruktkvalitetsfaktorar endrar seg i omsetninga, så er den avgrensande faktoren for brukstid hjå plommer oftast fastleiken. Utfrå registreringar av ulike kvalitetsfaktorar og kor utsette kultivarane er for rôtning, fann ein at "Reeves" og "Jubileum" har lengst brukstid, "Avalon" og "Victoria" middels og "Excalibur" og "Souffriau" har heller kort brukstid.

Sammendrag

I artikkelen gjennomgår ein fruktkvalitet og dyrkingseigenskapar for dei mest aktuelle tidlege eplesortane.

Sammendrag

Presentasjon av Nordnorsk kompetansenettverk for småskala mat med innlagt miniforedrag om merkevarer