Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

I dette innlegget er det vist foreløpige resultat av rettleiingsprøving av sortar av raisvingel og strandsvingel. Det ligg føre resultat frå 18 felt i første engår og åtte felt i andre engår. Utprøvinga vert gjennomført i samarbeid med fleire forsøksringar. Trass i svært vanskelige overvintringstilhøve den første vinteren, var dekkinga om våren svært god for tre av dei prøvde sortane. Vinteren etter var tilhøva meir normale, og overvintringa var tilfredsstillande for alle sortane. Resultata så langt verkar lovande. Planteforsk deltek i eit EU-prosjekt med føremål å undersøkje verknader av å nytte sortar av raigras med høgt innhald av sukker i fôrproduksjonen. Slike sortar er foredla i Wales. Vår rolle i prosjektet er gransking av agronomiske eigenskapar til "sukkergrasa", med vekt på samanhengar mellom klima, dyrkingsteknikk og variasjon i sukkerinnhald. Innhaldet av vassløyselege karbohydrat varierte mykje mellom år, stader og slåttar. Som venta var innhaldet stort sett lågare hjå engsvingel enn hjå raigras og raisvingel. Skilnadene i karbohydratinnhald mellom sortane med forventa høgt og lågt nivå var ikkje store, og tilsvarande resultat er funne i dei andre landa som er med i EU-prosjektet.

Sammendrag

Raudkløver og kvitkløver er sentrale vekstar for å få til ein vellukka grovforproduksjon i nord. Det er gjennomført forsøk med desse vekstane i prosjekta "Kunnskapsoppbygging innen økologisk landbruk i Troms og Finnmark" i regi av forsøksringane i nemde fylke og "Artar, næringsforsyning og varigheit av kløver i økologisk engdyrking i ulike landsdelar" i regi av Planteforsk. Jamtover har kløver fiksert 3-4 kg N/daa, men mengden kan vera vesentleg høgare i varme somrar i eng med mykje kløver. Energiverdien i raudkløvereng går mykje ned frå begynnande skyting til full skyting av timotei. Eng med kvitkløver viser høgt energiinnhald og lågt innhald av fiber, noko osm kan gje auka fôropptak og auka produksjon.

Sammendrag

Rettleiingsprøvinga i engvekstar er lagt til forsøksseriar i forsøksringane. Resultat frå prøving av italilensk raigras som toårig vekst og prøving av raisvingelsortar er presentert. Italiensk raigras gav usikker overvintring og ser ut til å overvintre brukbart berre i ytre kyststrøk på Sør-Vestlandet. Overvintringa kan gå bra også andre stader, og ein kan vente med å pløye opp om våren til ein ser korleis vekstkrafta i graset er. I såingsåret har italiensk raigras gitt om lag 150 fôreiningar meir enn fleirårig raigras. Strålause sortar av italiensk raigras er aktuelle som undersådd i kornåker og gir bra gjenvekst og beite etter tresking. Nye sortar av raisvingel har gitt lovande resultat med overvintring og avlingar på høgde med fleirårig raigras og strandsvingel. Prøvinga held fram.

Sammendrag

Ved beiting og ved fôring av ferskt gras vil det vere ønskjeleg med eit høgt innhald av sukker i fôret fordi mikroorganismane i vomma utnyttar sukkeret godt som energikjelde. Dessutan vil eit høgt sukkerinnhald vere gunstig for fôropptaket og for einsileringseigenskapane til fôret. Ved Institute of Grassland and Environmental Research (IGER) i Storbritannia er det laga sortar av fleirårig raigras som har høgare innhald av sukker enn det som er vanleg. I 2001 kom det i gang eit EU-prosjekt med føremål å undersøkje verknader av å nytte sortar av raigras med høgt innhald av sukker i fôrproduksjonen. Prosjektet vert leia av IGER i Wales, og forskingsinstitutt i Irland, Noreg, Sverige og Tyskland deltek i arbeidet. Her er det vist førebels resultat frå dei to første åra av den norske delen av prosjektet.

2002

Sammendrag

Bruk av lauvflis som strø i sauetalle gir om lag same gjødselverknad som bruk av kveitehalm, medan sagmo frå bartre har tendens til å gje dårlegare verknad. I blandingseng av kløver og gras er avlinga rundt 54 %  høgare enn i den reine grasenga. Dette er nokre av resultata så langt frå utprøvingsfelta med kompostert sauegjødsel i Aurland

Sammendrag

In a recently started research project with field experiments conducted under different climatic conditions, winter survival, spring growth and nitrogen dynamics of white clover are studied in relation to its physiological condition. Belowground biomass and the functioning and longevity of roots and nodules are especially focused. The physiological condition of the plants is manipulated by the use of different defoliation regimes during the growing season. The field experiments are situated at two locations; at Apelsvoll at 61°N, and in Tromsø, 69°N. The results show that the defoliation regimes affected the strategy of DM allocation in the white clover plants. The more frequent defoliation regime lead to increased allocation of photosynthates to leaves at the expense of roots and stolons. The defoliation regimes thus created a gradient in physiological condition of the plants

Sammendrag

Ensilering i rundballar har forutsetningar for å gi eit godt grovfôr. Likevel opplever ein ofte at rundballane har svært varierande kvalitet. Prøver frå "gamle" Tine Vestlandsmeieriet sitt distrikt viser at mange kan ha mykje å hente på å betre gjæringskvaliteten i rundballar ved å fortørke meir og å tilsette ensileringsmiddel. Viktigast av alt: ta fleire prøver og analyser for innhald av syrer og ammoniakk!

Sammendrag

Fersk grisegjødsel gir litt høgare engavling enn kompostert grisegjødsel, medan lagra grisegjødsel gir lågast avling av desse tre typane grisegjødsel. Gjødselverknaden av hushaldskompost ligg på same nivå som verknaden av den lagra grisegjødsla.

Sammendrag

Prosjekt kystlam" har avdekka eit lågt innhald av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, men høgare verdiar på utmarksbeite. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler i det eine lammet av 156 tvillingpar i dei 11 besetningane betra kobolttilførselen (vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12), men auka ikkje lammevektene. I nokre besetningar er forklaringa at kobolttilførselen på utmarksbeite er tilstrekkeleg, hos andre kan det vere mangel på andre mikronæringsstoff som t.d. sink som er årsaka. Ein del av lamma var òg litt unge ved dosering slik at opptaket av kobolt ikkje har vore optimalt. Det er og å merke seg at koksidiose på vårbeite og rundorm (deriblant N. Battus) på utmarksbeite er eit problem i nokre av besetningane. Sjodogg er utbreidd i einskilde av områda og kan ha spela ei rolle for resultata der.

Sammendrag

Hjortebeiting kan føre til store avlingstap på attlegg og ny eng i område med stort beitepress. Forsøk syner at ein kan miste storparten av avlinga i attleggsåret og rundt 50 % av avlinga første engår. I andre engår er avlingstapet rundt 20%. Det ser ut til at hjorten kan ta vel så stor del av avlinga ved 1. slåtten som ved 2. slåtten.