Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Sammendrag

Krossa korn kan brukast som kraftfôr i distrikt der det kan være vanskelig å dyrke korn fram til full modning. Krossing og etterfølgjande ensilering av vått korn vart tatt i bruk i Norge i 1988, og metoden er grundig omtala av Bakken (2000) og Berland & Bakken (2001). Korn som skal krossast kan haustast ved eit vassinnhald på 35-50%. I Sverige fann Pettersson (1998) at det optimale vassinnhaldet ved hausting var 30-35 % med omsyn til kornavling, lagertap, utnytting av silokapasitet, hygiene og fôrkvalitet. Det er gjennomført ein del dyrkingsforsøk med korn til krossing i Norge, til dømes i Nordland (Vink, 2003), og det er gjort registreringar på praktiske bruk (Røthe, 2005a, b). Men det er mindre undersøkt korleis kvaliteten av fôret vert påverka av utviklingsstadium og vassinnhald ved hausting. Det vart difor søkt om ekstra midlar frå Statens Landbruksforvaltning innanfor prosjektet "Storskalaforsøk i økologisk korndyrking 2001-2004" til å starte opp undersøkingar frå 2003 på Bioforsk-eningane Kvithamar og Holt. Forsøksopplegget vart gjennomført i to år. Forsøka på Kvithamar og Holt i åra 2003 og 2004 har ikkje gitt resultat som kan gi grunnlag for nye tilrådingar om rett haustetid for bygg og havre til krossing.

Sammendrag

I tillegg til avlingsevne og vegetative eigenskapar hjå nye sortar i solbær, er det lagt stor vekt på kjemiske innhaldstoff. Resultat frå norske og danske sortsforsøk med mange nye og nokre eldre sortar frå fleire land i Europa er presenterte. Data for avling, bærstorleik, fargestoff, fargekvalitet og innhald av vitamin C og antioksidantar er presenterte. Resultata syner svært store variasjonar mellom sortane.

Sammendrag

Sortsforsøka som er i gang i Danmark og Norge syner at sortsvalet kan vera relativt likt begge stader. Med auka vekt på kjemiske innhaldsstoff er det fleire nye sortar som er av stor interesse. Sortar for ferskvare krev andre eigenskapar, men nokre av dei beste sortane kan også vera verdfulle for den marknaden.