Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2010

Til dokument

Sammendrag

Vortemjølkrust, Melampsora euphorbiae, vart hausten 2006 for første gong funnen i norsk julestjerneproduksjon. Soppen gir nekrotiske flekkar på oversida av blada og typiske gul-oransje rustflekkar på undersida. Vi har sett skade på opp til 13 blad på enkeltplanter, og også braktéane får angrep. Skadeomfanget er stort i enkelte gartneri. I julestjerne er sjukdomen frå før berre rapportert frå India, Tanzania og Mauritius. Soppen er difor ikkje tidlegare registrert i julestjerner verken i Europa eller Amerika.

Til dokument

Sammendrag

Ny, alvorleg sjukdom funnen på lauvtre i eit skogholt i Stavanger I 2009 vart det funne mørke flekkar på stammane på fleire spisslønn, ein bøk og ei bjørk ved Byhaugen i Stavanger. Slike flekkar er typiske symptom ved angrep av Phytophthora, og vert ofte omtala som blødande sår. På dei to førstnemnde artane vart det stadfesta at skadane skuldast rotråte på grunn av Phytophthora plurivora. Sjukdomen er kjent frå fleire land i Europa, der han vert sett på som ein stor trussel både i skog og andre økosystem. I oktober i år vart det også isolert Phytophthora frå bøk med liknande symptom i Bergen, men desse isolata er enno ikkje identifiserte til art.   

Til dokument

Sammendrag

Grøne blad og raude bær gjer frisk kristtorn til eit vakkert syn utover hausten og vinteren (Figur 1). Kristtorn er viltveksande frå Aust-Agder til Nordmøre, og særleg i Rogaland og Sunnhordland er kristtorn vanleg. I prosjektet "Betre skjøtsel av viltveksande kristtorn som grunnlag for betre plantekvalitet og større utbyte", finansiert av Norsk Genressurssenter, vart det i 2006 sett i gang eit forsøk med beiting av sau og betre stell i eit villbestand av kristtorn (Ilex aquifolium) i Rogaland. Bakgrunnen for dette var at bladfall og daude skot har vorte eit omfattande problem dei siste tiåra. Problemet ser ut til å ha auka i takt med gjengroinga av kulturlandskapet. Ein Fusarium-art, som ved DNA-analyse synte seg å vera mest lik F. acuminatum, ser ut til å vera hovudårsaka til skaden. Topping, tynning og oppstamming av kristtorn, rydding av buskar og kratt og beiting med sau over ein periode på fire år har gitt langt mindre sjukdom og betre kvalitet på kristtornen og auka salsverdien monaleg.

Sammendrag

I slutten av august 2006, vart det funne omfattande skade på blad av hestekastanje (Aesculus hippocastanum) ved fleire lokalitetar på Austlandet. Skadane skuldast bladflekksoppen Guignardia aesculi.

Sammendrag

Laurbærhegg (Prunus laurocerasus) og andre Prunus-artar er utsette for å få hol i blada, såkalla haglskotsjuke. Dette er svært skjemmande og gjer at bladverket mellom anna ikkje kan omsetjast til dekorasjonar. Det er kjent frå andre land at både bakterie- og soppangrep kan gi haglskotsjuke, men her i landet er det berre funne ein sopp (Wilsonomyces carpophilus) på Prunus-artar med haglskotsjuke.

Til dokument

Sammendrag

Klumpblad er det norske namnet på sjukdomen som gir kjøtfulle svulstar på blad, skot eller blom på ulike planteartar i lyngfamilien. Årsaka til misveksten er angrep av soppar frå slekta Exobasidium. Dei seinare åra er sjukdommen registrert i aukande omfang i rododendron på Vestlandet.

Til dokument

Sammendrag

I juni 2005 vart det funne angrep av alperoserust på rododendron i Hordaland. Soppen fører til skjemmande, brunraude flekkar på oversida av blada, og på undersida er flekkane fulle av guloransje sporar.

Til dokument

Sammendrag

Både frå USA og England vert Volutella omtala som ein svak parasitt som berre kan etablera seg i skadd plantevev. Her i landet er det funne til dels omfattande skade på buksbom både i ein planteskule og i klyppegrøntfelt. Før den nye veksten kjem i gang om våren, vil blad i toppen av greiner verta gule til bronsefarga og infiserte greiner vil som regel visna litt frå tuppen og innover. Når ein kuttar i barken vil ein finna brun til svart misfarge. Ofte ser ein Volutella-infeksjon i samband med frostskade.

Til dokument

Sammendrag

Vi har i årevis hatt angrep av mjøldogg på spisslønn og platanlønn i Noreg, men i 2006 påviste vi også angrep på naverlønn og sibirlønn på Ås. Særleg var sibirlønn hardt angrepen. Vi har ikkje påvist mjøldogg på naverlønn og sibirlønn tidlegare her i landet.

Sammendrag

Sølvglans som er årsaka av soppen Chondrostereum purpureum, er ein relativt vanleg og svært skadeleg sjukdom i fleire treaktige prydplanter og i alle fruktartane våre. I 2007 fann vi omfattande skade av sølvglans på eldre planter av søtmispel (Amelanchier sp.) i ein hekk på Ås.