Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Furuas knopp- og greintørkesopp (Gremmeniella abietina) gjer år om anna stor skade på barskogen her i landet. Gran vert stort sett mindre skadd enn furu. Etter ein epidemi på Austlandet i 2001, vart det også funne skadar på vanleg gran (Picea abies) i skogplanteskular.

Sammendrag

Soppar innan slekta Kabatina har i mange år ført til daude nåler og skot på tuja, einer og sypress i Noreg. I 2002 vart denne soppen også registrert på skadde nåler av nobeledelgran.

Sammendrag

Granbarstripesopp er vanleg på gran i Sør-Noreg. Angrep fører til daude nåler og dermed redusert vekst. Trea vert ikkje heilt øydelagde, men prydverdien i anlegg vert redusert. Soppen angrip 10-40 år gamle grantre, og den er truleg ingen trussel mot juletreproduksjonen.

Sammendrag

Magnesiummangel fører til store skadar på ulike bartre-artar. I nokre felt med lawsonsypress (Chamaecyparis lawsoniana) er skadane så omfattande at baret ikkje er salsvare. Også i mange juletrefelt, spesielt i nordmannsedelgran (Abies nordmanniana), må ein bladgjødsla med Mg for å unngå skjemmande mangelsymptom.

Sammendrag

Ulike artar innan soppslekta Nectria er vanleg på mange ulike grøntanleggsplanter her i landet. Både bar- og lauvtre kan verta angrepne, og då særleg etter at plantene er såra ved skjering/klypping. Soppen kan gi sprukken bark og kreftsår.

Sammendrag

Soppen Pestalotiopsis spp. er svært vanleg her i landet, spesielt på ulike bartre. Denne soppen vert ofte omtala som ein sekundær skadegjerar, men spesielt på ulike sypressartar, tyder mykje på at Pestalotiopsis er ein primær skadegjerar.

Sammendrag

På ein prøve av korkedelgran frå Bergen i 2001, fann vi at spalteopningane på brune nåler var dekka med sporehus av soppen Phaeocryptopus nudus. I august i 2002 vart denne soppen funnen i store mengder på fjelledelgran i eit juletrefelt i Vestfold. Symptoma i Vestfold er identiske med det som vert kalla "Interior needle blight syndrome" i USA. Fjorårsnålene er brune, men dei heng stort sett på kvistene. Årsskota er tilsynelatande grøne og friske.

Sammendrag

Phomopsis juniperovora (einerkvistdød) vart funnen i Akershus i 1968 på vanleg einer (Juniperus communis) og sabinaeiner (Juniperus sabina). I prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (klyppegrøntprosjektet) har Phomopsis-artar vorte registrerte på ei rad ulike planteartar.