Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Prosjekt kystlam" har avdekka eit lågt innhald av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, men høgare verdiar på utmarksbeite. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler i det eine lammet av 156 tvillingpar i dei 11 besetningane betra kobolttilførselen (vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12), men auka ikkje lammevektene. I nokre besetningar er forklaringa at kobolttilførselen på utmarksbeite er tilstrekkeleg, hos andre kan det vere mangel på andre mikronæringsstoff som t.d. sink som er årsaka. Ein del av lamma var òg litt unge ved dosering slik at opptaket av kobolt ikkje har vore optimalt. Det er og å merke seg at koksidiose på vårbeite og rundorm (deriblant N. Battus) på utmarksbeite er eit problem i nokre av besetningane. Sjodogg er utbreidd i einskilde av områda og kan ha spela ei rolle for resultata der.

Sammendrag

Innhaldet av kobolt i jord og planter både på inn- og utmark på utvalde bruk på kysten av Sogn og Fjordane er for det meste lågt. Blodprøver viser noko låge kobolt/vitamin B12 verdiar hos lam om våren, og i nokre besetningar er verdiane også låge etter beiteperioden i utmark. Plante- og blodprøver viser at sink- og kopartilførselen på innmarka er marginal hos ein del brukarar, medan kopartilførselen på utmarka synes å vere tilstrekkeleg. Innlegging av koboltkuler betrar lamma sin kobolttilførsel vist ved høgare blodverdiar av vitamin B12. Det er likevel ingen sikker verknad av koboltkuler på lammevekt eller tilvekst. I nokre besetningar treng ikkje kobolt vere minimumsfaktor, medan i andre besetningar kan mangel på andre mikronæringsstoff eller snyltarar ha skipla til resultata. I tillegg var lamma unge ved dosering slik at opptaket ikkje har vore optimalt. Andre sjukdommar kan og ha påverka resultata. Ut frå analysar av jord, planter og blod kan ein gje råd om gjødsling og fôring på enkeltbruk.

Sammendrag

Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.

Sammendrag

Utilstrekkeleg tilføring av kobolt, kopar og sink gjennom grovfôr til sau og lam frå innmarka kan sikrast ved bruk av mineralblanding om vinteren og i beiteperioden på innmark. Gjødsling med kobolt på eng er vanskeleg dersom pH er høg. Kobolt, kopar og sink vert mindre tilgjengeleg for plantene i jord med høg pH.