Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2006

Sammendrag

For perioden 2001-2005 syner tal frå jordbruksstatistikken at heile 4,0 % av jordbruksarealet i Hordaland fylke har gått ut av drift, mens tilsvarande tal for Sogn og Fjordane er 2,8 %, Møre og Romsdal 2,1 % og for Agderfylka i overkant av 3 %. Statistikken synatr at det er kystkommunane og fleire av kommunane i bynære strok der tilgang på anna arbeid er god som er hardast råka. Utviklinga kjem som eit resultat av at når bruk vert lagt ned i desse områda står ikkje andre gardbrukarar lengre klar til å ta over drifta av arealet. I tillegg betyr dette at jordvernet er svekka, spesielt i by- og tettstadkommunar.Kystkommunane i Hordaland har såleis i perioden 2000-04 hatt ein nedgang på 10,4 %, der kommunar som Austevoll og Sund toppar statistikken med ein reduksjon på 34,8 og 36,3 %. Også i Sogn og Fjordane har kystkommunane hatt ein større samla nedgang (7,5 %), og kommunane Flora (-12,1), Hyllestad (-13,5), Bremanger (-14,5) og Vågsøy (-16,5) er her hardast råka. I Møre og Romsdal har utviklinga vore den same, der er jordbruksareal i drift langs kysten redusert med 4,9 %. Samtidig ser ein òg ein klår tendens til ei polarisering mellom tradisjonelt sterke jordbruksstrok og utkantstrok. Dette er spesielt tydeleg i Rogaland, som skil seg markert frå dei andre vestlandsfylka med ein netto auke i jordbruksareal (0,9%) og ein betydelig mindre reduksjon i husdyr. Jærkommunane Gjesdal og Time har t.d. hatt ein arealauke på høvesvis 5,7 og 5,4 %. Dette er kommunar med driftseiningar som tradisjonelt har vore større, desse har nytta omlegging av tilskottsystema med utflating av tilskottsatsar på tal dyr og areal til ytterlegare å styrke sitt produksjonsgrunnlag. Men, også i Rogaland finn vi kommunar der det har vore urovekkjande nedgang i jordbruksareal som til dømes i Sauda (-7,2 %) og Haugesund (-5,6 %).

Sammendrag

I eit prosjektet "Kostar hjorten meir enn han smakar" ved Bioforsk Vest Fureneset har ein sidan 1999 sett på problema som har oppstått i møtet mellom ei veksande hjortestamme og utøving av tradisjonell næringsverksemd innan jord- og skogbruk. Prosjektet har ein brei innfallsvinkel, og tek opp fleire ulike aspekt knytt til den store hjortebestanden. Eit av desse går på engkvalitet og korleis eit høgt beitepress av hjort bidrar til at isådde yterike grasartar går ut tidlegare slik at enga eldes raskare. Frøblandingane ein finn i handelen i dag er samansatt av ulike grasarter og sorter som er tilpassa vekstvilkåra i ulike delar av landet. Sortsvalet er gjort for å sikre høg avling og gi eit smakeleg fôr med god balanse mellom energi- og proteininnhald for å auke opptaket av grovfôr og samtidig gi husdyra ein optimal diett. Vert den botaniske artssamansetjinga i enga endra vil desse parametrane også endrast og dermed kvaliteten på eng og avling. Resultata har synt at sterk beiting endrar den botaniske artssamansetjinga i enga, artar som timotei går ut mens engrapp og engsvingel aukar. Dermed vert også engkvaliteten påverka, ung 1. års eng og attlegg er spesielt utsett.