Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2010

Sammendrag

Mange juletredyrkarar har i dei seinare åra gjort gode erfaringar med fjelledelgran (Abies lasiocarpa), og fleire ønskjer å prøve treslaget. Riktig proveniensval og god kunnskap om lokalklimaet på dyrkingsstaden er viktig for å kunne lykkast med innførte treslag. Ei forsøksserie med frømateriale frå USA og Canada, viser at fjelledelgran frå delar av det nordlege og vestlege utbreiingsområdet er mest aktuell for dyrking i låglandet i Sør-Noreg. Ein konklusjon er at fjelledelgran frå den nordlege og vestre delen av utbreiingsområdet generelt gir høgast juletreutbytte i Sør-Noreg, og kan dyrkast i låglandet i innlandet og ved kysten. Dette gjeld proveniensar i British Columbia (BC) til ca. 55° N og frå vest i Washington og Oregon.Testing av proveniensar frå område lenger nord i BC, og frå Yukon og Alaska, er nødvendig før vi kan tilrå materiale derfrå i høgareliggjande strok i Sør-Noreg. Men sentrale og nordlege BC kan vera aktuell også her, fordi forsøk i Nordland og Troms tidlegare har vist god utvikling i BC-proveniensar. Varianten korkedelgran bør berre nyttast i milde kyst- og fjordstrok med liten lokal frostfare.

Til dokument

Sammendrag

Denne rapporten omtalar tre forsøksseriar med dei europeiske treslaga; vanleg edelgran, nordmannsedelgran, tyrkisk edelgran og trojansk edelgran, dei asiatiske treslaga; koreaedelgran, japanedelgran og mandsjuriaedelgran, og dei nordamerikanske treslaga; nobeledelgran, praktedelgran, shastaedelgran, fraseredelgran, fjelledelgran og korkedelgran. Formålet med forsøka har vore å beskrive eigenskapar for ymse treslag og proveniensar av edelgran til juletredyrking i låglandet i Sør-Noreg. Forsøksfelt blei lagt i låglandet til kommunane Eid, Hjelmeland, Lyngdal, Etne, Nes, Suldal og Trondheim, og utviklinga vart følgd frå 1994 til 2005 ....