Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

1996

1995

Sammendrag

Interessa for naturleg forynging av furu er aukande på Vestlandet. For å betra spire- og veksetilhøva er det ofte ein føremon å blottleggja mineraljorda. Forsøk med markberedning med lette gravemaskinar og landbrukstraktor, har vore gjennomført i fire felt i Voss kommune. Landbrukstraktoren (51 kW) var utstyrt med eit markberedningsaggregat laga for flekkopptaking i ei rad. Dei tre beltegravemaskinane (8-9 tonn) var alle utstyrde med 80-90 cm brei skuffe. Traktor og gravemaskin vart køyrde ved sida av kvarandre i kvart felt for å samanlikne produktivitet og arbeidskvalitet. Førarane hadde som mål å laga minimum 250 flekker pr. dekar, med ein flekkstorleik på omlag 0,5 m2 blottlagt mineraljord. Produktiviteten, målt i markbereidd areal pr. virketime, vart høgast ved bruk av gravemaskin. Landbrukstraktoren fekk seinka produktivitet når terrenget vart bratt. I stigning over 20 prosent markbereidde traktoren berre i nedoverbakke. Gravemaskinen synte ingen produktivitetsreduksjon i bratt terreng. Båe maskintypane fekk færrast flekker i feltet med den vanskelegaste terrengoverflata. Flekkstorleik og blottleggingsprosent (mineraljord) vart noko større med gravemaskin enn med landbrukstraktor, unnateke på det feltet som var lettast å køyra. Generelt syntest gravemaskinane å vera minst påverka av vanskeleg terreng. Gravemaskinar greier seg med færre køyredrag enn traktorar og kan derfor unngå ein del terrenghindringar som ein landbrukstraktor ikkje klarer. Førarane i desse forsøka var røynde med maskinane sine, men hadde ikkje markbereidd før. For landbrukstraktoren er det nytta ein noko høgare produktivitet i sluttanalysene enn det resultatet som vart oppnådd i feltforsøka. For landbrukstraktor vil dessutan feltstorleik og -form ha innverknad på køyre- og snutid og dermed produktiviteten. Gravemaskin har høgare markberedningskostnad enn landbrukstraktor. Båe maskintypar får høg dekarkostnad på små areal, fordi ein får mykje flyttetid i høve til arbeidstid på flatene. Redusert framkomstevne og lågare kvalitet på arbeidet i ujamnt terreng, set grenser for bruk av landbrukstraktoraggregat til markberedning på Vestlandet. Etter erfaringane i dette forsøket, er mindre beltegravemaskinar (8-9 tonn) godt eigna til markberedning. Gravemaskin kan forutan til markberedning og nyttast til grøfting, sporreparasjon og vegvedlikehald.