Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2003
Sammendrag
På ein prøve av korkedelgran frå Bergen i 2001, fann vi at spalteopningane på brune nåler var dekka med sporehus av soppen Phaeocryptopus nudus. I august i 2002 vart denne soppen funnen i store mengder på fjelledelgran i eit juletrefelt i Vestfold. Symptoma i Vestfold er identiske med det som vert kalla "Interior needle blight syndrome" i USA. Fjorårsnålene er brune, men dei heng stort sett på kvistene. Årsskota er tilsynelatande grøne og friske.
Sammendrag
Krussypress (Chamaecyparis pisifera "Squarrosa") er ein vanleg art i klyppegrøntfelt. Denne busken har svært tett vekst og er difor utsett for soppangrep. Soppen Phomopsis juniperovora har vorte isolert frå sjuke buskar. I smitteforsøk har ein fått fram same symptoma som ein ser ute i felt.
Sammendrag
Phomopsis juniperovora (einerkvistdød) vart funnen i Akershus i 1968 på vanleg einer (Juniperus communis) og sabinaeiner (Juniperus sabina). I prosjektet "Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen" (klyppegrøntprosjektet) har Phomopsis-artar vorte registrerte på ei rad ulike planteartar.
Sammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Algesoppartar innan slekta Phytophthora gjer stor skade i norske planteskular, klyppegrøntfelt, parkar, anlegg og privathagar. Lawsonsypress er spesielt utsett for denne skadegjeraren.
Sammendrag
Pithya cupressina (oransje greinbeger) er ein sjeldan sopp som er på lista over truga artar i Noreg. I 2001 vart denne soppen funnen på ein prøve av Juniperus x media ’Mint Julep’ i Ås kommune.
Sammendrag
Edelgranrust er sjeldan eit stort problem i juletrefelt, men det er registrert ein del skade på nordmannsedelgran. Angrepne nåler vert brune, krøllar seg og fell av, og toppskota kan verta skeive. Denne rustsoppen har mjølke og geitrams som hovudvertar.
Sammendrag
Rhizosphaera spp. kan føra til sterkt nålefall på gran- (Picea spp.) og edelgran (Abies spp.). I nokre juletrefelt her i landet, spesielt i nordmannsedelgran (Abies nordmanniana), er dette eit så stort problem at sprøyting med kopar-preparat er nødvendig.
Sammendrag
I 2003 vart det funne store mengder sporehus og sporar av soppen Schlerophoma på visnande årsskot av vanleg gran i Vestfold og Rogaland. I 2004 vart det stadfesta Schlerophoma-angrep på nordmannsedelgran i Rogaland.
Sammendrag
I Noreg vart soppen Seiridium funnen i 2002 på ein skadd tujahekk i Fredrikstad. Frå andre stader i verda er det kjent at denne soppen dannar kreftsår og fører til visning av nåler og skot.