Hopp til hovedinnholdet

Viltskadesenter skal førebygge rovviltskadar

3-21-Viltskadsenter-20210720_163951

Foto: Siri Elise Dybdal

Ville dyr kan gjere betydeleg skade på skog, dyrka mark og avlingar, og rovdyrangrep på beitedyr er ei årsak til konflikt i fleire område. Norsk viltskadesenter bidrar med kunnskap om gode løysingar.

Rovviltskadar på sau og rein, tap av avling og beiteskadar er nokre av utfordringane i møte mellom landbruk, skognæring og vilt. Menneskelagd infrastruktur som vegar og jernbane, kan også føre til skade på tamrein og hjortevilt. Å finne ein god balanse mellom næring og vern av ville dyr krev gode førebyggande tiltak og løysingar, seier leder for Norsk viltskadesenter NIBIO-forskar Inger Hansen.

I senteret har NIBIO samla brei kompetanse innan fagområda sauedrift, reindrift, beitekvalitet og beitebruk, hjortevilt, gjæser, økonomi, samfunnsforsking, kart og statistikk og elektronisk overvaking. Formålet er å tilby rådgjeving, forsking, utviklingsarbeid og informasjonsformidling om førebyggande tiltak mot rovviltskadar på sau og rein, beiteskadar, avlingstap og tapsårsakar.

Ei av hovudårsakane til rovdyrkonflikt i dag er tap av beitedyr på utmarksbeite. I Noreg er landbruk med utmarksbeite viktig mellom anna for tilgang til fôrressursar, god dyrevelferd og landskapspleie. Samstundes har vi gjennom nasjonale og internasjonale lovar forplikta oss til å ha berekraftige bestandar av rovdyr.

Hansen innrømmer at å jobbe med rovdyrutfordringa kan vere som å stikke handa inn i eit «vepsebol».

– Dei fleste vil ha rovdyr, men ikkje der ein bur. Nokon er veldig for, medan andre tolerer det, men vil ikkje ha så høge bestandar, seier Inger Hansen.

– Eg har stått i dette i 30 år. Det er utfordrande, men spennande å prøve å finne gode løysingar. Kunnskap og informasjon er viktig. Løysingar må vere basert på fagkunnskap, seier ho.

 

Formål

Norsk viltskadesenter bidrar med kunnskap om gode løysingar i konfliktar mellom vilt og landbruksnæring.