Vil bidra til gode løysingar i konfliktar mellom vilt og næring
Nokre gongar kan ville dyr gjere betydeleg skade på skog, dyrka mark og avlingar. Rovdyrangrep på beitedyr er også ei årsak til konflikt i fleire område. Ved Norsk viltskadesenter har NIBIO samla fagkompetanse for å bidra med kunnskap om gode løysingar.
Rovviltskadar på sau og rein, tap av avling og beiteskadar er nokre av utfordringane i møte mellom landbruk, skognæring og vilt.
Menneskelagd infrastruktur som vegar og jernbane, kan også føre til skade på tamrein og hjortevilt.
Å finne ein god balanse mellom næring og vern av ville dyr krev gode førebyggande tiltak og løysingar.
Ved Norsk viltskadesenter har NIBIO samla brei kompetanse innan fagområda sauedrift, reindrift, beitekvalitet og beitebruk, hjortevilt, gjæser, økonomi, samfunnsforsking, kart og statistikk og elektronisk overvaking. Formålet er å tilby rådgjeving, forsking, utviklingsarbeid og informasjonsformidling om førebyggande tiltak mot rovviltskadar på sau og rein, beiteskadar, avlingstap og tapsårsakar.
Fekk ideen frå USA
– Ideen til eit slikt senter fekk vi etter ein studietur til USA på 1980 eller 90-talet. Der hadde dei etablert eit viltskadesenter, og det fantes også noko tilsvarande i Sverige. Vi såg at det var eit behov for å etablere eit kompetansenettverk som kunne bidra til gode løysningar i konfliktar mellom vilt og næringsutøving også i Noreg, fortel Inger Hansen, seniorforskar ved NIBIO og leiar for viltskadesenteret.
– I tidlegare år har vi jobba med problematikken i ein meir snever forstand, men etter at vi fusjonerte til NIBIO og fekk til eit breitt internt samarbeid, brukar vi no heile kompetansen på tvers av fag - frå økonomi, kart og statistikk, til teknologi- og samfunnskompetanse. I dag er tjue personar frå ulike fagområde knytt til viltskadesenteret, opplyser ho.
Hansen fortel at senteret tilbyr rådgjeving, kunnskapsformidling og jobbar mykje førebyggjande saman med næring og forvalting. Dette inneber mellom anna utprøving av førebyggjande tiltak mot tap av beitedyr forårsaka av freda rovvilt og kartlegging av avlingsskadar forårsaka av hjortevilt og gjæser, fortel ho.
Når det gjeld rovviltskadar har senteret ei todelt målsetjing - å ta vare på både rovvilt og landbruksdyr.
– Vi prøver å finne dei optimale løysingane, sjølv om alle aldri vi bli heilt fornøgde, kommenterer Hansen.
Ho fortel at forskarane ved senteret tek imot telefonar og er med på møtearenaer i næringane.
– Det er noko vi prioritetar og ynskjer å gjere i enda større grad. Vi er godt kjent i forvaltinga, men det er viktig for oss å kommunisere med næringane for å ha kjennskap til dei relevante problemstillingane slik at vi kan løyse utfordringane saman, påpeikar senterleiaren.
Jerv, gaupe og kongeørn er dei største trugslane for beitedyr
Ei av hovudårsakane til rovdyrkonflikt i dag er tap av beitedyr på utmarksbeite. I Noreg er landbruk med utmarksbeite viktig mellom anna for tilgang til fôrressursar, god dyrevelferd og landskapspleie. Samstundes har vi gjennom nasjonale og internasjonale lovar forplikta oss til å ha berekraftige bestandar av rovdyr. Landet er delt inn i rovdyrprioriterte område og beiteprioriterte område, såkalla soneforvalting. Likevel opplever ein i mange tilfelle at det oppstår konfliktar mellom rovvilt og beitenæringane.
Dei siste åra har tala både for dokumenterte og erstatta tap av beitedyr til freda rovvilt gått ned. Men i enkelte område og i enkelte år har det vore skadar av større omfang.
– Jerv og gaupe er rovviltartane som forårsakar størst tap av sau på beite. For tamreinnæringa er det kongeørna som har gjort mest skade dei seinare åra. Tapa kan variere kraftig frå år til år, seier Hansen.
For ulv kan unge streifdyr forårsake store lokale tap når dei vandrar ut av reviret på førsommaren. Tapstala for jerv og bjørn varierer ikkje like mykje, men for desse kan også enkeltindivid i nokre område føre til betydelege utslag på totaltala, ifølgje Miljødirektoratet.
Tap til gaupe fordelar seg jamnare over utbreiingsområdet. Kongeørna tek i hovudsak små lam og reinkalvar, i all hovudsak tidleg om våren ved beiteslepp på utmarksbeite og i kalveperioden for rein.
Nyttar kombinasjon av tiltak
Gjennom dei tretti siste åra er det prøvd ut mange førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovviltskadar på sau og rein, fortel Hansen.
Dei tiltaka som har vist seg å ha best førebyggande effekt mot rovdyrskadar på sau er dei som skil sau og rovvilt i tid og/eller rom. Sidan rovdyrart, rovdyrtettleik, byttedyrtettleik, beiteområdet sin topografi, vegetasjon og driftsmåte varier mykje, er det ofte behov for tilpassa kombinasjonsløysingar.
– Sau er også inne halve året, så det er ei avgrensa tid det er problem. Men det er svært utfordrande å finne gode førebyggjande tiltak som beskyttar tamrein mot rovviltskadar, sidan reinen beiter fritt i utmarka gjennom heile året og det er reindrift på 40 prosent av Noregs landareal. Reindriftsnæringa prøver tiltak som tilleggsfôring for å holde flokken samla i periodar som er ekstra rovdyrutsette, intensivt tilsyn, inngjerdingar i kalvingstida og flytting av rein bort frå dei verst utsette områda, seier seniorforskaren.
– Sjølv forskar eg mellom anna på årsaker til tap av sau på beite. Vi har hatt tapsundersøkingar på sau og lam på beite i 20 år. 80 % av tapa er lam. Tapsundersøkingar vert gjerne utført i område med høge lammetap der ein ikkje finn att kadavera. Her nyttar vi «dødsvarslarar». Dette er radiosendarar som begynner å pipe når dyret har lege stille i tre timar. Då er det dødt, og eigaren kan peila seg fram via ein mottakar og finne kadaveret. Det er ikkje alltid rovvilt som er tapsårsaka. I nokre område er det mykje rovdyr, men veldig ofte er det en kombinasjon av rovvilt, sjukdom og ulykker, opplyser Hansen.
Senterleiaren fortel at når det gjeld sau i dei mest rovdyrutsette beiteområda, er tiltak som flytting av dyr til mindre rovdyrutsette beite og innmark nært gardsbruk, rovdyravvisande inngjerding, tidleg sanking og bruk av beredskapsareal for sau og lam gode tapsførebyggjande tiltak. Også bruk av vaktarhund kan vere nyttig under visse føresetnader.
– Vaktarhundar er rett og slett hunderasar som er avla opp for å vakte over sauane. Kvalpen veks opp med sauane og oppfattar seg sjølv som ein del av saueflokken. Den forsvarar flokken mot inntrengjarar dersom den må det. Vaktarhundar er mykje nytta i utlandet, mellom anna i USA, Sør- og Aust-Europa. Under norske forhold er det vanskelegare for sauane spreier seg så mykje. Det er prøvd ut ulike metodar med inngjerda beiter der sauane samlast betre, og patruljeringsmetoden, der hunden patruljerer utmarksbeitet laus i lag med hundeførar på en systematisk måte, forklarar Hansen.
Kan auke i omfang
Ho fortel at NIBIO har hatt store oppdrag både for Landbruks- og matdepartementet og Miljødirektoratet, når det gjeld rovdyr og samfunn dei siste åra, mellom anna på konsekvensar av rovviltpopulasjonane for landbruksnæringa.
– Ein av desse rapportane viste at rovviltstammane er aukande, noko som også kan bety aukande problematikk framover, trur Hansen. Rovdyra klarer ikkje alltid å halde seg i sine forvaltingssoner. Statistikk viser at talet på tap av sau på beite i rovviltsonene har gått ned, men det er mellom anna fordi fleire må leggje ned eller har dyra på beite ein annan stad. Tap av beitedyr har auka i beiteprioriterte område like utanfor rovviltsonene, typisk 30-50 km ut frå grensa. Dette er ei utfordring vi no skal sjå nærare på for å få ned tapa.
Ho meiner potensielle løysingar kan vere å praktisere soneforvatningane enda meir konsekvent og gje fellingsløyve for dyr som kjem utanfor sona.
– Det vil gje meir føreseielege villkår for beite.
Når det gjeld tap av rein til kongeørn, har dette blitt eit større fokus for reinnæringa i seinare år.
– Kongeørna tek fyrst og fremst kalvar og det er rett og slett veldig vanskeleg å førebyggje dette. Det ha vore svært vanskeleg å få vedtak på skadefelling av ørn, som er ein freda art. Så dette er ikkje per i dag eit særleg aktuelt tiltak.
Brubyggjar
Hansen innrømmer at å jobbe med rovdyrutfordringa kan vere som å stikke handa inn i eit «vepsebol».
– Dei fleste vil ha rovdyr, men ikkje der ein bur. Nokon er veldig for, medan andre tolerer det, men vil ikkje ha så høge bestandar. Eg har stått i dette i 30 år. Det er utfordrande, men spennande å prøve å finne gode løysingar. Kunnskap og informasjon er viktig. Løysingar må vere basert på fagkunnskap, seier ho.
Senterleiaren understrekar at forskarane er nøytrale:
– Vår fordel her i NIBIO er at mange har landbruksfagleg bakgrunn, så vi forstår beitenæringa, men vi har også biologar og økologar med høg kompetanse på viltsida. Det gjer at vi kan vere ein brubyggjar mellom landbruk som har utfordringar, forsking og forvaltning. Vi kan gje eit større bilde på situasjonen, seier ho.
Ny teknologi og innovasjon
Ny teknologi har vist seg å vere nyttig i arbeidet med å finne gode løysingar, og kan bli enda viktigare i framtida. Mellom anna nyttast dronar i tilsyn og sanking av sau, og i nær framtid kan dronar med infraraudt kamera nyttast som eit førebyggjande tiltak for å søke opp daude dyr og rovvilt.
Dronar er også brukt med tamrein i akuttskadesituasjonar, for å samle dyra raskt og flytte dei til eit anna område.
– Det blir også meir vanleg med GPS-sendarar på dei vaksne dyra, for å vite kvar dei er. Det gjer tilsyn og sanking meir effektivt. Uroalarm er også under uttesting. Denne vil gje beskjed når det er uro i området, til dømes rovvilt eller folk på tur.
Ei anna nyvinning er virtuelle gjerde.
– Til dømes består NoFence-systemet av ein klave med GPS-teknologi som kommuniserer med ein mobilapp og med ein webportal over mobilnettet. Beitegrensa lagast i appen. Systemet fungerer slik at dyra får ein varsellyd når dei kryssar den virtuelle grensa og eit svakt straumstøyt om dei ignorerer varsellyden og ikkje snur. Dette er ei framtidsretta teknologisk løysing med gode norske produsentar i førarsetet, fortel ho.
Beiteskadar i skog og mark
Ei rekkje artar av gås påfører beiteskadar på dyrka mark. Desse beiteskadane omfattar tap av grovfôr og såkorn, ekskrement i fôret, nedtrakking av spirar og gras samt spreiing av frø frå uønskte planter.
– For små og mellomstore gardsbruk i Nord-Noreg kan beiteskadar frå grågås og andre artar av gjæser, bli så omfattande at økonomien til garden vert trua, påpeikar Hansen.
Av hjortedyra er det i hovudsak hjort og tamrein som kan vere eit problem på innmark.
Skog og utmark er hjortens naturlege beiteområde. Den er svært selektiv i val av føde og vel beiteplanter ut frå kva som er tilgjengeleg. Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-talet. For lite uttak ved jakt, og milde vintrar med stor overleving av hjort dei siste tiåra, har bidrege til at bestanden av hjort om lag har dobla seg sidan tusenårsskiftet. Også for dei som driv med skogbruk er hjorten no blitt eit stort problem. Når det gjeld beiteskadar i eng, er skadane størst der det er kort avstand mellom skog og eng.
Granskingar ved NIBIO syner at hjorten sine skadar i skog og på dyrka areal med gras, fører til store økonomiske tap for skogeigarar og bønder.
Beitinga av hjort i utmark kan vera så omfattande at det går ut over det biologiske mangfaldet, forklarar senterleiaren.
Også påkøyrsler av tamrein på veg og bane er eit problem, særleg vinterstid grunna mykje snø og dårlege lysforhold. Hansen fortel at det manglar studiar og statistikk over påkøyrsler av tamrein på veg, men ifølge tal frå Bane NOR ble det i 2017 påkøyrt 514 reinsdyr på Nordlandsbanen, til ein kostnad på over fem millionar kroner.
Det er prøvd ulike tiltak for å redusere påkøyrsler av tamrein og hjortevilt på veg og bane.
– Viltgjerder har vist seg å være det mest effektive tiltaket, men slike gjerdeanlegg er svært kostbare. Dei utgjer også alvorlege hindringar for dyra sine naturlege trekkruter. Men vi har tru på at ny teknologi kan gje nye moglegheiter også når det gjeld varsling av tamrein og hjortevilt langs veg og bane, avsluttar ho.
KONTAKTPERSON
Norsk viltskadesenter
Norsk viltskadesenter tilbyr:
Rådgjeving, forsking, utviklingsarbeid og informasjonsformidling om førebyggande tiltak mot rovviltskadar på sau og rein, tapsårsakar hos lam på beite, beiteskadar og avlingstap forårsaka av gjæser og hjortedyr samt tiltak for å hindre påkøyrslar av tamrein og hjortevilt på veg og bane. Nettverket har kompetanse innan fagområda sauedrift, reindrift, beitekvalitet og beitebruk, hjortevilt, gjæser, økonomi, samfunnsforsking, kart og statistikk og elektronisk overvaking.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.