Hopp til hovedinnholdet

Etterrenning i kornåkeren

32-15-Etterrenning2-Foto2 Siri Elise Dybdal-besk

Foto: Siri Elise Dybdal

Tørkeperioden på forsommaren etterfølgd av ein fuktig haust, førte i 2023 til fleire generasjonar korn i same åker mange stadar. Det vart ei utfordring for kornbøndene.

 

Krevjande vêrforhold i vekstsesongen 2023, førte til det som på fagspråket heiter etterrenning. Det vil seie at mange fekk fleire generasjonar korn i ulike stadium i same åker.

Etterrenning kan gjere det vanskeleg for gardbrukaren å vite når han skal hauste. Andregenerasjonen kan ofte vere betre enn den første, men det føreset at ein har lang nok veksetid til å vente til denne er moden. Bonden må difor vurdere om han har tid til å satse på den andre generasjonen. I så fall kan han ikkje treske når den første generasjonen er moden. I motsett fall, om han vel å satse på den første generasjonen, skaper den umodne andre generasjonen problem ved hausting.

I 2023 var det svært stor variasjon i åkrane, både lokalt og mellom distrikt. Vi har framleis ikkje noko fasit for korleis sesongen gjekk. Endelege tall får vi ikkje før seinare i 2024.

– Vi fekk nokon foreløpige prognosar i september. Då begynte man å sjå konsekvensane av den våte hausten. Utsiktane for årets avling blei anslått til 67 prosent av fjorårets, og det blei anslått eit behov for å importere over 203 000 tonn matkorn, seier Einar Strand.

Det var ille, men det blei verre. Vedvarande og mye nedbør utover hausten førte til at både første- og andregenerasjon fekk svært dårleg kvalitet. Det var også en del åkrar som ikkje ble treskte, eller var av så dårleg kvalitet at det ikkje var salbar vare.

– Det føreligg no ein prognose per 15. november. Der har ein justert ned avlingane til 57 prosent av fjoråret, og anslår eit importbehov på over 218 000 tonn matkorn. Samtidig rapporterast det om at Landbruksdirektoratet har mottatt nesten 7500 søknader om erstatning for avlingsskade, seier Strand.

 

Formål

Kvart år leverer NIBIO anslag på kornarealar og NLR avlingsanslag på oppdrag frå Felleskjøpet Agri, som er marknadsregulator for korn. Marknadsregulator er ansvarleg for å utnytte det norske kornet best mogeleg og treng derfor tidlege prognosar om avling og kvalitet for å fastsetje importkvotar, mellom anna.

Samarbeid: NLR og Felleskjøpet Agri