Hopp til hovedinnholdet

Mange opplever etterrenning i kornåkeren

Kornbonde2

Kornbonde Geir Gjønnes frå Tomter i Indre Østfold. Foto: Siri Elise Dybdal

I fleire kornåkrar er det no gult og grønt om kvarandre. Tørkeperioden på forsommaren etterfølgd av fuktig vêr har mange stader ført til fleire generasjonar korn i same åker. Det er ei utfordring for kornbøndene.

Vêrforholda denne vekstsesongen har ført til det som på fagspråket heiter etterrenning. Det vil seie at ein i åkrane har fleire generasjonar korn i ulike stadium frå grønt til gulmodent.

– Eg har rundt 70-80 prosent første generasjon, og resten etterrenning. Det er også mykje ugras, seier kornbonden Geir Gjønnes frå Tomter i Indre Østfold.

– Eg får ikkje gjort så mykje med det. Eg må vente til alt er modent før eg køyrer treska. Avlinga blir nok truleg over 70 prosent av normalen, så det kunne ha vore  mykje verre, seier han og legg til at han også opplevde etterenning for tre år sidan. Østfoldbonden, som har drive kornproduksjon sidan 1992, kan ikkje hugse at dette var eit like stort problem tidlegare.

– Eg trur både nye dyrkingsmetodar og klimaendringane spelar inn, seier han.

Etterrenning i Indre Østfold. Foto: Siri Elise Dybdal
Etterrenning ved Tomteri Indre Østfold. Foto: Siri Elise Dybdal

Kva er rett avgjerd?

Einar Strand, seniorrådgjevar ved NIBIO forklarar at etterrenning kan gjere det vanskeleg for gardbrukaren å vite når han skal hauste.

– Andregenerasjonen kan ofte vere betre enn den første, men haustinga må vente til denne er moden. Det føreset at ein har lang nok veksetid. Bonden må difor vurdere om han har tid nok til å satse på den andre generasjonen. I så fall kan han ikkje treske når den første generasjonen er moden. Då må denne generasjonen kanskje behandlast mot sopp.

I motsett fall, om han vel å satse på den første generasjonen, skaper den andre generasjonen problem ved hausting.

Det er vanskeleg å vite kva som er rett avgjerd med to generasjonar i åkeren, påpeikar seniorrådgjevaren.

Etterrenning kan gjere det vanskeleg for gardbrukaren å vite når han skal hauste. Andregenerasjonen kan ofte vere betre enn den første, men haustinga må vente til denne er moden. Det føreset at ein har lang nok veksteid. Foto: Erling Fløistad
Etterrenning kan gjere det vanskeleg for gardbrukaren å vite når han skal hauste. Andregenerasjonen kan ofte vere betre enn den første, men haustinga må vente til denne er moden. Det føreset at ein har lang nok veksteid. Foto: Erling Fløistad

Store variasjonar

Ifylgje Strand er det i år svært stor variasjon i åkrane, både mellom distrikta og lokalt.

– Variasjon er eit viktig stikkord for å beskrive situasjonen i kornåkrane rundt om i landet. Det er gode og dårlege åkrar i alle distrikt og i dårlege kjem det ofte etterrenning. Nokre distrikt er likevel verre enn andre, og det er også variasjon innan skifte og åkrar.

Sør på Austlandet trur Strand kornbøndene vil ha nok veksetid til at andregenerasjonen kan modnast på vanleg måte.

– I dei sørlege distrikta er det lengre veksetid. Andre stader er det meir kritisk, seier seniorrådgjevaren.

Han fortel at etterrenning skjer med ujamne mellomrom og påpeikar at Trøndelag hadde dette problemet for tre år sidan.

Men i år skil Trøndelag seg ut positivt:

– I Trøndelag har dei hatt ein del nedbør på forsommaren og no har dei ganske bra åkrar. Mitt inntrykk er at dei har ei god avlingsprognose, seier han.

Etterrenning i byggåker i Råde, Østfold. Foto: Inga Holt, NLR
Etterrenning i byggåker i Råde, Østfold. Foto: Inga Holt, NLR

Usikker spådom

Ifølgje ein førsteprognose frå Felleskjøpet Agri vil årets kornavlingar bli på 74 prosent av fjorårets, noko som betyr at ein ville måtte importere over 87 000 tonn matkorn. Tidlegare i juli hadde Landbruksdirektoratet fått 4000 meldingar om svikt i avlingane.

– Men denne prognosen kom ein månad tidlegare enn normalt etter ønskje frå industrien, og Felleskjøpet presiserte at dette er ein førsteprognose som er høgst usikker. Ei ny prognose kjem i byrjinga av august, og det kan tenkast at den er litt betre, seier Strand.

Når det gjeld korn i det store biletet, er det framleis stor uvisse knytt til eksporten frå Ukraina.

– Uansett er det klart ein fordel om vi kan klare å hauste så mykje som mogleg av korn av rett kvalitet her heime, avsluttar han.

- Variasjon er eit viktig stikkord for å beskrive situasjonen i kornåkrane rundt om i landet. Det er gode og dårlege åkrar i alle distrikt, ifølgje Einar Strand, seniorrådgjevar ved NIBIO. Foto: Morten Günther
Variasjon er eit viktig stikkord for å beskrive situasjonen i kornåkrane rundt om i landet. Det er gode og dårlege åkrar i alle distrikt, ifølgje Einar Strand, seniorrådgjevar ved NIBIO. Foto: Morten Günther
Sør på Austlandet kan kornbøndene vil ha nok veksetid til at andregenerasjonen kan modnast på vanleg måte. Andre stader er det meir kritisk, seier Einar Strand frå NIBIO. Foto: Stine Marie Vandsemb, NLR
Sør på Austlandet kan kornbøndene vil ha nok veksetid til at andregenerasjonen kan modnast på vanleg måte. Andre stader er det meir kritisk, seier Einar Strand frå NIBIO. Foto: Stine Marie Vandsemb, NLR

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.